Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Skulehusvaskje
Forfatter: Eivind Kvinge

Skulen, det er ikkje berre lærarar og elevar. Andre grupper er og svært viktige for at skulen skal gå sin gang, og ikkje minst var det viktig med reinhald. Tilsetjingstilhøve og løn har ikkje alltid vore i ordna former som no, det vart gjerne lagt på krinsen å finna ei løysing. 
-Lokale lønnsforhandlingar kunne koma på tale, og det fins referat frå slike: 

POETISK REFERAT AV KRINSMØTE I KVINGE SKULE ROMHJULA 1951 

Tone: Husmannspolka.. 

Fjerde dag hjul var det krinsmøte her, trallala - trallala 
Folke dei samlast frå fjern og frå nær, trallala - trallala 
Me kvinnfolka ville kje gjera fortræ, 
og derfor so skulle dei og vera me, 
for vasking, nei me har kje greia på dæ. trallala - trallala 
Kom no alle kvinnfolkje, vær no litt truskyldige, 
vaska gratis skulhuse, so er de rektig snilde. 

Me diskuterte om laust og om fast, trallala - trallala 
Spørsmålet var å få skulehuset vaskt, trallala - trallala 
Ein mann sa at to krone vaske var nøkk, 
men då fekk dei kvinnfolk som sat der ein støkk, 
eg trudde som men at dei hadde fått brøkk, trallala - trallala 
Kjære dæko kvinnfolkje, vær no litt tolmodige, 
skulehusvaske tek vel de - for seksti øre timen. 

Då løna for vaskin ho vart slik som før, trallala - trallala 
då for no vel samtlege kvinnfolk på dør, trallala - trallala 
I stova ved sida der åt dei og drakk, 
og redde ut mannfolkje alt det dei rakk, 
og førde i det heile eit uhøvisk snakk, trallala - trallala 
Men so slo ei bomma ned, då ei kjerring gav beskjed, 
vaska skulehusa kan de, som er so store i kjeften. 

Den fyrste av mannfolka ho støtte på, trallala - trallala 
han fauk opp i ilska, var gråbleik og blå, trallala - trallala 
Og te å forsvara seg var han kje sein, 
han ansekte skar og på nasen han grein, 
han stod som ein marulk og knurra og rein, trallala - trallala 
Ta no alt med velbehag, men du eig ikkje hjertelag, 
som gjorde Gjerten ill idag, so han fekk vondt i vombi. 

Saker å vaska med bydde ho fram, trallala - trallala 
Nokre av oss tykte det var ei skam, trallala - trallala 
han Lång-Ola Dalen fekk bøtta og klut, 
han lutte seg ned og sæt bakenden ut, 
bevare meg vel før ein Storefjellnut, han skapte te tå hekken, 
Vaska, vaska Olamann, vær no lik han Ulabrann, 
han hadde ikkje vannskrekk han, som for som los på kysten. 

Den andre var skulekredsformannen vår, trallala - trallala 
På fire kring skulehusgolvet han går, trallala - trallala 
Jau, han syns eg jamen var verd ein aplaus, 
med bøtta og vatn han slepte seg laus, 
so brillone derre og skalv på hans haus, trallala - trallala. 
Vaska, vaska rektig bra, dertil må du vera gla, 
hugs at du skal førega, oss med eit godt eksempel. 

Den tridje var ettersynsmannen i sør, trallala - trallala 
Golvet det dessa når på det han trør, trallala - trallala 
Tenk heile den mannen han måtte te pers, 
han for der og sveitta på kryss og på tvers, 
og held i det heile ein donders komers, trallala - trallala 
Kan du berre golvet nå, må du jamen klemma på, 
du har flesk å taka ta, du toler sikkert støyten. 

So for der ein utmager bonde og slong, trallala - trallala 
med filla han galen rundt pultane sprong, trallala - trallala 
men då sa han -ettersynsmannen- te meg, 
nei kjøtet det bær kje i veien for deg, 
du er kje so nedlesst med plage som eg, trallala - trallala 
Heim på dei, og klemm i veg, du \"Skyt kje feita\" slik som eg, 
for det om du skal skunda deg, so du kan gjeldna vaska. 

Og kvinnfolkje tenkte me alle i kor, trallala - trallala 
Dei sku vore sende i ned og i nord, trallala - trallala 
At dei kan bevilga seg slik eit mandat, 
å stå ut i skulehusgongen parat, 
med vatn og kluta i bøtte og fat, trallala - trallala 
Huff te donders kjerringmas, nei kvinnfolk det er berre fjas, 
og vas og kaffislabberas - imillom jul og nyttår. 

Det gjekk ikkje lenge før golve var rent, trallala - trallala 
Med mannfolkevasking det altid går svent, trallala - trallala 
Tå nylaga kaffi me kjende ein eim 
me løfta på bokso og stramde på reim 
So vandra me slukøyrd og silæpa heim, trallala - trallala 
No kan me so godt forstå, kva kjerringane steila på, 
tariffbetaling lyt dei få, for slikt som skulevaskje. 

------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal