Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

Søren Kvamsdal minnest anleggsarbeidet
Forfatter: Søren Kvamsdal

Søren Kvamsdal (fødd i 1906) var ein av dei mange som fekk seg arbeid på anlegget i Matrefjella, og som var med der gjennom ein liten mannsalder. Han hadde hatt eit omskiftande liv på mange arbeidsplassar før han i 1952 kom til Matre. Han har fortalt om dette i Norsk Arbeidsmannsforbund si bok: Arbeid, fred, solidaritet. 
Me tek med nokre smakebitar her som også har vore trykte i ei bok BKK gav ut ved 70-årsmarkeringa for selskapet i 1990. 

- Eg byrja i arbeid der den 29. april 1952. Det var same året dei sette arbeid i gang. 1. mai fekk me fri. Då var eg heime og sette poteter. Det hadde eg ikkje vore van med, so eg tykte eg hadde fenge ein god plass å arbeida på no. 

Eg tykte det var fint då eg fekk fyrste lønninga. Eg hadde vore utan arbeid ei tid, så det var smått med kontantar. Me fekk krona 3,11 for timen. Det var vel den høgaste timeløn eg hadde hatt til då... 

Eg var med på forskjelligt arbeid. Der var grøftar, planeringar og sprenging av fjell. Det var ikkje så mykje maskinar, so me arbeidde med spade og trillebår. Boremaskin hadde me, so det gjekk fort å få hol i fjellet. 

Desse tunnelarbeidarane tykte eg mange gonger var uvyrdne og uforsiktige, og dei for ikkje alltid fint med redskapen dei hadde i hendene. Det var fleire eg la merke til som kom berande inn i kraftstasjonen med dynamittkassar på herda, og slengde dei i steinrøysa so dei sprakk.. 

Eg vil seia det slik at det var eit stort under det gjekk vel. Men merkeleg nok veit eg ikkje av at nokon kom til skade eller miste livet inne i kraftstasjonen mens dei arbeidde der... 

Eg var med og kjilte og bolta heile stasjonen. Det var mykje laust fjell som måtte sikrast. Me sto på stillas 10-15 meter høge og kjilte og bora hol til boltane. Det var ikkje heilt ufårlegt arbeid, og eg tenkte mange gonger eg gjekk inn om morgonen: Kjem eg heilskinna ut att i kveld ? 

Der var mykje støyping. Heile stasjonen skulle kvelvast. Der gjekk me skift i 3 vikor, men helgane og, for det laut gå i eitt... 

Då me var ferdige ved sjøen i Matredalen, bar det til fjells i vasstunnelar og damarbeid. Då vart det fleire dødsulykkor. Arbeidet vart alltid innstil den dagen der hende slike ulykkor, utan at det var høgst nødvendig at dei heldt det i gang. I alt miste ti mann livet under anleggstida. Den varte frå våren 1952 til no jul 1982 - i 30 år... 

Om sumaren arbeidde eg på dammar. Det var om å gjera å få mest mogeleg ferdig til vinteren kom. Eg var som regel med og mura frammur og bakmur. Dammen kunne vera over 100 meter brei i botten og smalnast til på toppen til ein 3-4 metar. Der gjekk mykje stein til fyll i dammen. 

Barakkene me budde i var tyskarbarakker som var flytta fleire gonger, etter som arbeidet skreid fram. Der var ikkje så mykje bråk, men det vart no halde ein og annor fest. Slagsmål veit eg aldri der var.... 

Lønnskrav hugsar eg ikkje me hadde. Det var tariffar det gjekk etter, og det var vel gjennom Arbeidsmandsforbundet dei forhandlingane gjekk. Streik var eg ikkje med på. 

Ja dette er noko av det eg har oppleva den tid eg var med og bygde landet.

------------------------------------------------------------------------------------------------ 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal