August Rathke på gamle tomter etter 50 år
Forfatter: Jonas Riisnes
I år var August Rathke 17. maitalar på Matre.
August Rathke som sidan 1984 er byrettsjustitiarius i Bergen og i dag leiar
av Arbeiderpartiet si gruppe i fylkestinget, har fleire krigsminne frå
Masfjorden.
I februar 1944 vart han ettersøkt av tyskarane
etter at to motstandsfolk var arresterte og hardt torturerte. Han var med
i kommunistane sin illegale organisasjon og skulle arbeide med å
få ungdom til Mil.org. si aksjonsgruppe i Bergen, Sab.org. I motsetning
til mange andre stader i landet, var det samarbeid mellom kommunistane
sitt illegale apparat og Mil.org. i Bergen. D.20.2.August Rathke sin kontakt
var Lingemannen Louis Pettersen.
Etter at Quisling sin plan om å mobilisera norsk
ungdom til tysk krigsinnsats vart kjent, vart det ei hovudoppgåve
å finna dekningsstader for ungdom og seinare treningsstader for sabotasjeverksemd
og krigsinnsats mot tyskarane.
I Solund og Gulen var det ført inn våpen
frå Shetland. Ein av dei som var med i denne verksemda var Leonard
Schrøder Evensen i Bøvågen i Ytre Solund. Han meinte
at Masfjordområdet var sers godt eigna som treningsområde.
Sumaren 1944 vart August Rathke og Willy Valentinsen
sende til Masfjorden for å finna høvelege stader. Leonard
Schrøder Evensen vart seinare, i september 1944, teken av Gestapo
heime på garden sin. Han klarte å kasta seg over bord frå
Gestapobåten utan at han hadde gjeve tyskarane noko opplysningar.
Han er aldri funnen. Willy Valentinsen vart skoten av Gestapo under ein
aksjon i Bergen i desember 1944.
Rathke og Valentinsen reiste med ei sandskute frå
Store Lungegårdsvann i Bergen i juli 1944 og gjekk om natta i land
på Solheim. Om morgonen rodde dei over til Solheimsøyna til
Lars og Marta Solheimsøy som var kjende av mor til Rathke. Ho kom
seinare saman med dottera, Anna Mathilda, til Øyna. Rathke og Valentinsen
fekk ikkje kontaktar i området omkring Solheim og mot Instefjord
og Matre. Dei rodde då til Andvik der Rathke hadde kontakt med Erik
og Olufine Hovland og Martinus Nordland på Åsheim i Nørlandsdalen.
Martinus sa seg viljug til å ta imot folk frå Bergen.
Dette vart ikkje aktuelt då. Arbeidet med å
skaffa treningstader førde til at eit område ved Askelandsvatnet
på Osterøy vart tatt i bruk. Det vart oppdaga av Gestapo i
november 1944.
Etter at basen på Osterøy var tapt, reiste
Rathke i begynnelsen av desember 1944 med D/S Masfjord ? til Andvik og
gjekk opp til Martinus Nordland for å få ein treningsstad for
Sabotasjeorganisasjonen hjå han. Martinus ga då uttrykk for
at han var med i andre planar slik at det ikkje vart aktuelt då heller.
I samsvar med kravet om ikkje å gje meir opplysningar enn det som
var turvande, nemnde Martinus ikkje noko om at Bjørn West-folka
alt var komne til Totlandsseter og BA II.
Rathke reiste i januar 1945 til Storbritannia med Hitra.
Han skulle få utdanning og trening og deretter reisa attende til
Bergen og ta over leiinga av Sab.org. I Storbritannia gjekk han inn i Kompani
Linge, men krigen slutta før han vart sendt attende til Bergen.
I stova på Solheimsøya heng den dag i dag
i glas og råme eit takkeskriv for hjelpa dei der ga til August Rathke
og Willy Valentinsen.
I 17. mai-talen sin kom Rathke inn på kor viktig
det er for landet å ha eit truverdig forsvar. Han var ueinig i det
som skjer med Forsvaret vårt i dag og meinte me står langt
svakare i 1994 enn me gjorde i 1940.
Den 9. april 1940 hadde me på Vestlandet 6.400 mann
i første linje. 9. april 1994 har Hæren på Vestlandet
berre 1.100 mann og fredsorganisasjonen til DKV som har vore på 260
befal skal byggjast ned til 60 årsverk.
Under eit besøk på Bjørn Westmuseet
fortalde Rathke om eit spesielt minne han hadde frå Masfjorden 17.
mai 1940. Han var då 14 år og evakuert til Andvika. Og på
ein svak, skurrande radio i butikken til Tomas Krossøy fekk dei
inn den frie norske kringkasting frå Tromsø. På Andvika
sat dei samla omkring radioen då dei høyrde Kong Haakon den
sjuande talte, og så høyrde dei Nordahl Grieg lese det historiske
diktet han hadde skrive til den dagen.
- I dag står flaggstangen naken bland Eidsvolls
grønende trær, men nettop i denne timen vet vi hva frihet
er. Rathke vart høgtidsam då han minnest dette, og han las
utanat heile diktet.
Som mange vil hugse, var Kongen og regjeringa i Nord Norge
til 7. juni 1940 då dei måtte forlate landet og reise til England.
Ved monteren til sjefen for Bjørn West, kaptein
Harald Risnes, der også brudebildet heng, mintest han at jenta han
var forlova med, og seinare gift med, Odny Garnes, sat på Espeland
som fange saman med Aslaug Bjordal, som vart fru Risnes i Stordalen 5.
april 1945. Også far, mor og syster til Rathke vart arresterte. Dei
sat på Grini til frigjeringa.
Etter at han kom til byen att, (18.05.94) har Rathke sendt
museet kopi av eit opprop frå 01.08.44 frå Heimefrontens Ledelse
om boikott av mobilisering av norsk ungdom samt to eksemplar av den illegale
avisa -Fortroppen, som han hadde skrive sjølv i mai/juni 1944. Desse
avisene gjev nøye instruks til dei aktuelle årsklassane om
korleis dei skulle fylgje parolen frå London om ikkje å møte
opp ved innkalling til arbeidsteneste.
For Bjørn West-museet er dette spesielt verdfulle
dokument å få, sidan det var nettopp trusselen om mobilisering
av fem årsklassar som ga grunnen til at Bjørn Westbasen vart
oppretta.
----------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden
Sogelag. |