Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
4. årgang

 

   
 

 
Auto-Mek AS på Hosteland utvidar
Forfatter: Jonas Riisnes

Etter påske i 1994 opna Auto Mek AS på Hosteland eit nytt tilbygg. Bygget som først og fremst er eit servicebygg, er pent utforma som del av det tidlegare verkstadbygget og har ei smakfull og innbydande framside mot nord. 

Ein har nå fått plass til eit utvida varetilbod som omfattar mellom anna kaker og is frå fryseboks og kjøledisk. På sikt kan det opne for sal av enkelte kolonialvarer. 

Auto-Mek A/S starta opp i 1980 som første bilverkstaden i Ytre Masfjorden. Ein satsa då på arbeid for fire mann, og det viste seg fort at desse fekk nok å gjere. Dette har dei hatt heile tida. Ja, i nokre år var det fem mann i arbeid ved Auto-Mek A/S. 

Forutan personbilar, reparerer dei landbruksmaskiner for bøndene i Masfjorden og Gulen. Ein spesielt god kunde har dei hatt i Fylkesbåtane som heilt sidan 1980 har hatt all service på bussane dei har sør for Sognefjorden, hjå Auto-Mek A/S. 

Ein god kunde er også Televerket med service på alle sine bilar i Masfjorden og Gulen. Andre viktige kundar er Masfjorden kommunale kraftlag og drosjeeigarane. 

Men største kundegruppa er den vanlege innbyggjar i Masfjorden og Gulen, som alltid kan føle seg velkommen til Auto-Mek på Hosteland. Til vanleg tenkjer me ikkje over kor heldige me er som har ein god bilverkstad i bygda, der me har folk me kjenner og kan stole på. 

Dei er dyktige på Hosteland. Eg fekk tilbod frå forsikrings - selskapet om å få kontrollert ein litt større reparasjon dei hadde på bilen min, og Hans Matre fekk beste karakter. Arbeidet var svært godt utført og eg trong ikkje rekne med verdiforringelse. Noko særleg dyre er dei ikkje heller. Men skal dei kunne fylgje med og kunne skaffe seg det siste moderne utstyr, så må dei ha inntekter. Her hjelper bensinstasjonen som dei opna i 1984. Men då er det viktig at så mange som mogleg brukar bensinstasjonen på Hosteland. Den har no kortautomat og er open heile døgeret. 
 
---------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal