Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
4. årgang

 

   
 

 
Båt og sjøbruksregistreringane 1993
Forfatter: Arne Høyland

Sumaren 1992 starta eg opp ei registrering av båt - og sjøbrukmiljø i seks Nordhordlandskommunar. Dette var i regi av Hordaland fylkeskommune, Handverksregisteret og kommunane. Engasjementet mitt varte fjorten dagar i kvar kommune, så det vart berre ein liten del av kvar kommune som vart registrert. 

Året etter vart det sett inn meir tid og krefter på dette. Då vart det engasjert to arbeidsledige personar i fem månader i kvar kommune til å halda fram med registreringa. Desse personane fekk så ei innføring i arbeidet og så kunne registreringa halda fram. Registreringsarbeidet var særs tidkrevande, og gjekk mellom anna ut på: 
- Fotografering av bygningar, både utvendig og innvendig. 
- Skisse av korleis båtar, reidskapar o.l. vart lagra inni nausta. 
- Enkel skisse av bygningsmiljøet ved sjøen. 
- Namn på bygningar, reidskapar o.l. 
- Enkel oppmåling av dei eldre trebåtane, mellom anna kjøllengd, halslengs, total lengd, breidde i båten, røysmål, segl og master. 
- Båtane vart og fotograferte frå ulike posisjonar. 

Eigarane og andre informantar vart intervjua og fortalde kva båtane vart nytta til, kven som hadde bygt båtane og elles om korleis ressursane vart nytta på staden, om bytehandel mellom fjord - og havmannen o.l. 

Ved utgangen av 1993 var alle sjøgardane i Masfjorden registrerte, og registreringsmaterialet vart sendt inn og lagra hjå Fylkeskonservatoren i Hordaland. 

Ein del fjellgardar i Masfjorden vart ikkje registrert. (Det bør gjerast mellom anna med tanke på dokumentasjon av ferje og sledetradisjonane.) 

Kva syner registreringsmaterialet om Masfjorden ? 

Registreringsmaterialet er samla inn, men noko vidare systematisk etterarbeid er ikkje gjort enno. Likevel vil eg peika på nokre inntrykk ein sit att med. 

Det er lite att av dei gamle Masfjordbåtane, dei med bratte høge stamnar, fire bord i sida og keipane på innsida av øvste bordgang. Av desse typane er det registrert færingar, trekeipingar og firkeipingar. I tillegg vart det registrert ein del båtar som liknar meir på strandebarmarar og oselvarar. Desse siste ser ut til å vera av nyare dato. 

Det ser ut til at dei tradisjonelle gamle Masfjordbåtane gjekk ut av produksjonen rundt siste århundreskiftet. Den siste som vart bygd på tradisjonell måte er truleg ein færing som vart bygd på Solheim/Haugsvær så seint som rundt 1960. 

Det er svært lite att av notbåtane, men nokre få er registrert. (Den eine høyrde til på Kvingo og vart overteken av sogelaget i Masfjorden.) 

Til slutt må nemnast ferjene. Masfjorden har eit rikt mangfald av ulike typar ferjer, og det kan sjå ut til at konsentrasjonen av ferger er større i Masfjorden enn i dei andre kommunane. Her er mellom anna registrert spesialbygde ferjer for frakt av hestar, kyr, material og liknande. Denne delen av båtkulturen har vore lite påakta og vert ofte lite og til dels feilaktig omtala i ein del litteratur, 

Særleg i mitre og indre strok i fjord - og fjellområda, har ferjene vore ein svært viktig del av det gamle arbeids - og transportsystemet. Ferjene er interessante på den måten at dei kan vera vidareutvikla frå ein tidlegare båttype som har vore felles «stamfar» for både Masfjordbåtane og Masfjordferja, 

Registreringane syner at kvaliteten på båtbyggjarhandverket i Masfjorden og Austfjorden er av svært høg kvalitet, og står ikkje attende i høve til andre område langs norskekysten. Det var berre båtbyggjarane i Masfjorden som fullt ut kunne byggja ein ekte Masfjordbåt, av Masfjordmaterial og med det tilhøyrande Masfjordmåla. 

Ei interessant side av Masfjordbåten, er at han berre vart bygd og brukt av fjordbuarar. Endå om samværet med folket lenger vest i Austrheim og på Fedje var nært, hadde dei kvar sin båtkultur. 

Til forskjell frå Masfjordbåten vart Oselvaren nytta både av fjordfolket i Os og av fiskarane lenger ute ved kysten, både i Nord - og Midthordland. Det er og interessant å høyra eldre fjordfolk som seier at oselvaren ikkje egna seg til arbeid og ferdsel i Masfjorden i gamla tid. Dei ville ikkje vera brukande, ikkje fordi oselvaren var av dårleg handverk, men fordi båten ikkje var bygd for deira bruk og naturtilhøve. 

Dei gamle masfjordbåtane er truleg av høg antikvarisk verdi av fleire grunnar. Særleg det at det er så lite att av båttypen aukar verneverdien. Men båtane har og eit alderdomleg preg, t.d. kan nemnast at alle tre- og firkeipingane som er registrerte, er bygd for råsegl, ein segltype som går minst attende til vikingtida. Båtane har og bratte og høge stamnar, som minner om dei gamle vikingbåtane. 

Til samanlikning kan nemnast at båtar med råsegl så langt ikkje er registrert i ytre strok av Nordhordland, berre i Austfjorden, Masfjorden og Osterfjorden. 

Bruken av råseglet levde truleg like lenge som den gamle Masfjordbåten vart bygd. Fleire av informantane hugsar å ha sett råseglet i bruk, og nokon har óg vore med å sigla med råsegl. 

Det vil særleg vera viktig å ta vare på mangfaldet av båtkulturen i Masfjorden for ettertida, det vil sei, sikra eit utval båtar som syner båtar bygd på ulike stader, til ulike tider og til ulikt bruk. Difor vert det og viktig å sikra andre båttypar som t.d. notbåtar og ferjer. 

Om båten er i dårleg stand, kan han likevel vera svært verneverdig. Det kan her nemnast at det under registreringsarbeidet er sikra fleire båtvrak fordi dei syner ein ny variasjon over tekniske løysingar og detaljar. 

Difor bør alle båtane av den gamle typen, uansett tilstand, takast godt vare på inntil vidare, slik at verneverdien kan verta skikkeleg vurdert. På den måten kan eigarane få vita meir presist kor verneverdig båten er og korleis ein best mogleg kan ta vare på båten for ettertida. 

Verneverdien av båten vil óg auka, dersom det finns master, segl, ror og anna utstyr som har vore brukt i lag med båten. I tillegg er det óg viktig å sikra eit utval av dei nye båttypane som vart bygde fram gjennom århundret. 

Det at nothuset på Sandnes no vert sett i stand, gjer det og mogleg for kommunen å tilby lagrings- og utstillingsplass for båtar dersom nokon av eigarane ynskjer at kommunen skal overta verneansvaret. 

Registreringane syner og at det er mange eldre som sit inne med spesialkunnskap om materialkvaltetane i det ulike treslaga. Dei veit kva emne og kva treslag som høver best til ulike reidskapar. Eldre menn og kvinner ber i seg ei mengd lokale kunnskaper som det står lite om i lærebøker og leksikon. 

Lærdomen fekk dei heime i oppveksten i omgang og arbeid med dei vaksne. Det er delvis ein kroppslærd kunnskap som sit direkte i kroppen i form av handelag og arbeidsteknikkar. Denne kunnskapen som gjerne vert kalla erfaringskunnskap eller taus kunnskap, heng nøye saman med den gamle levemåten og har kulturhistoriske trådar langt attende i tida. 

For dei nye generasjonane som veks opp i Masfjorden i dag og som ikkje har fått lært å berga seg sjølv og bruka kroppen og naturen på den gamle måten, representerer dette ein fagkunnskap og eit arvesølv som kan verta livsviktig i eventuelle nedgangstider. Desse tradisjonelle kunnskapane er óg ein vesentleg del av kulturarven, av identiteten til Masfjordingen, nemleg evna til ei allsidig utnytting av naturressursane i lokalmiljøet. 

Difor inneheld også registreringane eit oversyn over personar som ber på handverkstradisjonar, slik som det å laga kiper, river, ljå, orv, kjelkar, sledar, ferjer o.l. 

Som ein start på dokumentasjon av desse kunnskapane, vart det av Handverksregisteret seinhaustes 1993 laga eit film- og intervjuopptak med Sjur Vågset og Arthur Rambjørg om rivelaging. 

Kva skal registreringsmaterialet brukast til ? 

Registreringane er svært godt eigna som grunnlagsmateriale for å laga ein verneplan der ein mellom anna lagar ei prioritert liste over dei mest verneverdige båtane. 

I tillegg er det mykje intervjustoff og anna skriftleg materiale om folkelivet i Masfjorden som bør kunna samlast og gjevast ut. Materialet er óg svært viktig som kjelde og utgangspunkt for forsking på t.d. båtbyggjartradisjonane i Masfjorden. Dersom ein ville ta opp att denne handverkstradisjonen, gjev registreringane eit godt oversyn over eksisterande båtar som kan studerast nærare. 

Nordhordlendingane står i ei særstilling sidan dei er fyrst ute med denne typen registrering. Kvaliteten og det store omfanget av registreringane gjer det mogleg å sikra mangfaldet av båt og sjøbrukskulturen på ein måte som er ny i norsk kulturminnevern. 

---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden Sogelag. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal