Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
4. årgang

 

   


 
Bjørn West 1944 - 1945
Forfatter: Johannes Hope

Bak tyske liner - bak minerad 
ljossløkt seig «Vigra» som best. 
Finnast her måtte ein skjulestad 
for kampgruppa kalla Bjørn West. 

Livbåten låra i haustkaldt hav 
med to av dei beste ombord. 
Grauttjukke gråskodda gøymsle gav 
for strandhogg i framand fjord. 

Ei kraftfull brumming, eit «lukke til» 
frå «Vigra» som stemde mot vest. 
Ei hand mot huva, eit velfarssmil- 
og borte var framand gjest. 

Snart landskuggen rådde der karane fór 
på leit etter steinsett stø. 
To rundbøygde ryggar i taktfast ror 
for- «livet er meir enn brød». 

Ved stormvaska svaberg - eit gråna naust 
stod lutte mot lyngkledd knaus. 
To lingekarar i regntung haust 
tok lasta frå livbåten laus. 

Lågmelt dei lydde når båra braut 
og bylja slo tanggrodd stein. 
Augo saumfor kvar ting som flaut- 
og mørkret bar regntung grein. 

I mørklagt stove på Midtbø gard 
med rifler og ryggsekk sto spent 
to fåmælte karar som venta svar 
og hjelp ifrå den som var kjent. 

Midtbømannen gav hjelpa dei trong- 
snøgt måtte løynast kvart spor. 
Stein vart lasta i midtrom og rong, 
og livbåten søkt i fjord. 

Mens stjerner blinka i klårverskveld 
gjekk melding til vener i vest: 
«Våpen,-og klær som varme held 
er det som vi saknar mest». 

Ei salryggja sæter- ei høyløe grå 
gav ly for kvar heimefrontmann, 
og snart det spurdest at folk var å sjå 
på skitur med våpen i hand. 

Fiendemakta med «ris bak speil» 
truga med terror og tvang, 
men norske gutar med hugen heil 
fann veg i sæterbu trang. 

Frå grønkledd Gestapo dei flydde 
mot fjella i Hordaland - nord 
til folka der passordet lydde 
til fridom for ven og for bror. 

Når kveldsmørkret kraup kringom knaus, 
når skodda låg lågt i li 
når snødrev og hagl i isvind fraus 
då sleit våre menn på ski. 

I måneljos natt dei venta dropp 
med utstyr, våpen og mat, 
for talet auka i Risnes tropp. 
Det ofte var tome fat. 

Ein vårdag vakna i førtifem 
men snøkledd låg fjell og fly. 
Til fridom og fred stod døra på klem 
for folket i bygd og by. 

Mot fiendemakt, mot terror, for fred 
vår unge soldat stod vakt. 
På den som´kje våpen kan leggja ned 
dei største bører er lagt. 

Det small over Klaven frå kvitkledd kar, 
det rauk frå ei pipe bak stein, 
mens sola gylte dei mange far 
og vassdropen draup frå grein. 

Til oss dei fridom- med livet gav 
for Noreg, for flagget, for oss. 
Vi ropar det ut over land og hav: 
«Dei møtte terror med tross». 

Stordalen ligg der i sogeglans 
ventar på granne og gjest. 
Det alltid er festa ein minnekrans 
til soger og segn om Bjørn West. 

På minnedagen for femti år 
av ufredens siste akt: 
«Om krig og ufred oss atter når 
for fridom vi alltid står vakt»! 

--------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden Sogelag. 
 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal