Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
4. årgang

 

   
 

 
Føreord
Forfatter: Jonas Riisnes

Dette heftet er det fjerde av Fjon frå Fjell til Fjord, og denne gongen er det berre sogelaget som står bak. Ragnhild Jung, som representerte Masfjorden mållag, vart diverre råka av slag i februar i år. Difor har eg i år vore åleine om å samla inn stoffet, men med god hjelp av Lars Gunnar Lie og Eivind Kvinge. 

Året 1994 vil i Masfjorden først og fremst verta hugsa som det året Hans Majestet Kong Harald V kom til Matre for å opne Bjørn Westmuseet og for å feire 50-årsmarkering for oppretting av Bjørn West-basen. 

Med her er kongens tale og ordføraren sin tale, og den prologen Erna Osland laga for kongen og Bjørn West-veteranane. -August Rathke på gamle tomtar- er også eit 50-årsminne frå Masfjorden under krigen. Det same kan seiast om det feltprest Roal Hedegaard Jacobsen skriv om prestetenesta i Bjørn West. 

Johannes Hope har skrive dikt om Bjørn West 1944-45. 
Rolf Kvamsdal fortel mykje interessant om bestefaren og fargeriet på Sandnes. Johannes Gjerdåker har hjelpt oss med omsetjing av ei fransk skildring av garden Bergsvik frå 1904. 

Arne Høyland har skrive om båt- og sjøhusregistrering. Bjarnhild Birkeland ser seg attende, og Johanna Duesund fortel om Ungdomslaget -Syskin-ringen. Eivind Kvinge har møtt -Kongen i Stordalen, og har vore på skuleklassejubileum på Kvingo. Lars Gunnar Lie har skrive om -Gamle setrar i ny bruk. 

I dette heftet har eg prøvd å få med litt meir -nytt frå Masfjorden. Me er innom Knut Tangedal Catering & kiosk, Automek. A/S på Hosteland, pensjonisttreff på Solheim og 50-årsmarkering av D/S Masfjords forlis i februar 1944. Og Eva Torsvik som har spelt skodespel i 45 år. Dette er mest med tanke på utflyttarar frå Masfjorden som me veit gjerne skaffar seg heftet vårt til jul. 

Eg takkar alle som har skrive, fortalt eller på annan måte har hjelpt til med tekst og bilder. Eg takkar Jon Hope og Rune Garmann for hjelp til å lese gjennom og kommentere stoffet, og ein spesiell takk til Rune Garmann som har stått for formgjeving og utskriving og til Aud-Helen V. Daae og Liv Oda Dale, som har skrive det heile på diskett. 

November 1994 
Jonas Riisnes 
Formann i Masfjorden Sogelag 

---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden Sogelag. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal