Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
4. årgang

 

   
 

 
Knut Tangedals catering og kiosk
Forfatter: Jonas Riisnes

Den 17. juli 1993 starta Knut Tangedal kiosk ved kaien på Risnes. Knut begynte i det små. I samråd med broren Lars som driv handelen på Risnes, kjøpte han eit brukt gatekjøkken frå Sunnfjord. Han pussa det opp og anskaffa inventar som komfyr, stråleovn, kjølediskar m.m. Til dette fekk han frå Masfjorden kommune eit tilskot på kr. 20.000,- og eit lån på kr. 50.000,- 

Innreiingsarbeidet gjorde han sjølv, og litt seinare hjelpte to nevøar han å byggje til eit fryserom. 

Det er ikkje nokon vanleg kiosk som er komen i Vikja. Ein kan sjølvsagt kjøpe pølser og småsnacks. Men det er berre ein liten del av omsetninga. Det viktigaste er at Knut har ferdig middagsmat å selja kvar dag. Og han har variert utval: Det kan vere hamburgar, kylling, fisk, steikt eller kokt, eller pølser. 

Folk kan bestille det dei har lyst på. Mest populært er nok raspekaker med kålrabistappe og salt kjøt. Det har han kvar fredag. Knut leverer også ein god del snittar på bestilling til møter og samkomer over heile fjorden, til Gulen og til Strilelandet. 

Starten har vore uventa god. På dei første fem månadane hadde han ein omsetnad på kr. 350.000,- Knut seier at i dag kjøper folk seg fritid. Det er ikkje berre einslege Knut har som kundar. Nei, også mange gifte som kjem frå arbeid, er innom og kjøper med seg ferdig middag heim. 

Neste steg er ein liten kafe. Knut er fornuftig og slår ikkje for stort på. Men plass for 40-50 gjestar bør han ha. Då kan han ta imot ei busslast turistar til kaffi eller lunch. Dette vonar han er i orden i 1995. 

Aktiviteten til Knut er med å føre Vikja attende til det handels og trafikksenter det var då alle varer til og frå Nordbygda vart sende med dampen. Den gongen stod det hestar tett i tett langs berghammaren der det no står bilar. 

Det var bestefar til Lars og Knut som starta handel i Vikja. Det var i 1888 og i det eldste huset. Det huset der handelen er i dag vart bygt i 1928. 
 
---------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden Sogelag.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal