Kongen i Stordalen
Forfatter: Eivind Kvinge
Ja, slik var tittelen på ei bok, skriven av den
svenske forfattaren Leonhard Strømberg. Innhaldet i denne boka har
på ymse vis gjeve meg assosiasjonar om den personen eg her skal skriva
om. Våren 1960 stod der ein liten notis i eit blad i Drammen, om
Stordalen Fjellstove, som tok mot gjestar. Og her byrja ei merkeleg soge.
Ein mann med namnet Torleif Ørum Ramstad, som då
var underbrannmeister i Drammen, og som var fødd 9. november 1900
- visstnok i Oslo - kom over denne vesle notisen. Men fyrst litt meir om
denne mannen sine vita :
Han hadde i sin ungdom teke teknisk utdanning, men fann
seinare ut sjølv at han aldri fekk bruk for denne kunnskapen. Han
arbeidde fyrst ved jernbana, truleg i Oslo, men fekk seg stilling i Drammen
brannvesen, der han seinare vart underbrannmeister.
Denne Ramstad vart svært oppglødd for notisen
om Stordalen, og difor reiste han dit på sumarferie same året.
Det skulle syna seg at dette ikkje vart noko bomtur for hans vedkomande.
Denne plassen svara til alt det han hadde lyst på i draumane sine.
Her var det at han fann sitt seinare livs -Las Palmas. Det vart til at
han ferierte heile to månader i Stordalen denne sumaren.
Ferietida nytta han til turar i Stordalsfjella og indre
Masfjordfjella, der han fór på kryss og tvers, både
høgt og lågt, over skogåsar og snaufjell, langs vatn,
elvar og fossestryk. Fotoapparatet hadde han med seg og nytta flittig alle
stader der han for fram. Og fann han ymse rarietetar, det vere seg av tre
eller stein, så tok han desse med seg heim til fjellstova, og bearbeidde
dei vidare, på sin særeigne, kunstferdige måte. Desse
tinga tok han ikkje med seg heim att til Drammen, dei vart plasserte i
ymse rom inne i fjellstova. Desse steinane er festa på eit våpenskjold
og er plassert i peisestova. Ymse kunstferdig utforma gjenstander av tre
er plassert i hallen. Og alt dette til gleda for alle dei tusener av gjestar
som har vore innom fjellstova i alle desse åra sidan 1960.
På alle sine ferder i områda der inne i Stordalen
tok han på tusener av bilete, som han seinare synte fram som ljosbilete
for gjestane på fjellstova. Også bilete frå andre stader
i landet, synte han fram her.
Eg hadde sjølv den gleda å få møta
denne mannen oppe i Stordalen i dei fyrste 1970-åra, då eg,
som heradsagronom i Masfjorden, dreiv med eit registreringsarbeid i fjella
der inne. Han var ein venesæl og omgjengeleg person som alle kunne
koma i prat med. Han var alltid blid og i godt humør.
Etter som alle gjestane som kom til Stordalen fjellstove
kjende den same draging til fjellet og naturen der oppe, som han sjølv
kjende, fekk han alltid respons for sine interesser. Her høver det
å sitera eit vers frå diktet : Utvandraren syng, av Anders
Hovden :
Fjella som blånar mot ljosens kvelv
aldri i minnet mitt blaknar.
Bårande fjorden som gidrar og skjelv
fær eg kje sjå når eg vaknar.
Brusande fossen og susande elv
sårt eg saknar.
Torleif Ørum Ramstad hadde vore gift, men dei hadde
ikkje born. Kona døydde i 1967. Han har feriert i Stordalen i to
månader kvar einaste sumar, frå og med 1960, berre med unntak
av 1992, då BKK opptok heile fjellstova til sine tunnellarbeidarar.
Han var 60 år fyrste sumaren han kom til Stordalen,
og det var dei fyrste 15-20 åra han gjekk så mykje kringom
i fjella der inne. Sist sumar, altso nå i 1994, var det ein systerson
hans som skyssa han med bil fram til Stordalen. Han var no vorten så
svak til beins at han måtte nytta gåstol når han ferdast
etter vegen.
Fleire tusen hotellgjestar har gjennom alle desse åra
vorte kjend med denne mannen. Han har synt andre ferierande og turistar
her i landet at ein også her i Fjell-Noreg kan finna sitt vedunderlege
-Las Palmas.
Noverande eigarar (1994) av Stordalen fjellstove er ekteparet
Roy Phillips frå Wales i Storbritannia og Berit Stordal Phillips,
dotter av førre eigar av Stordalen fjellstove. Det er Berit som
har gjeve meg det meste av opplysningane om denne Ramstadn.
Når ein tenkjer på all den gleda denne mannen
har spreidd rundt seg alle dei åra han har feriert der oppe på
fjellstova, ja då kan eg med hugheilt hjarta utropa han til : KONGEN
I STORDALEN.
----------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden
Sogelag. |