Slokna dagar og framfarne år
Forfatter: Eivind Kvinge
Eg tenkjer på so mang ein slokna dag, seier Åsmund
Olavson Vinje i eit av dikta sine. Dei same tankane var det som vart drivkrafta
til at ein flokk tidlegare elevar ved Kvinge tidlegare skule sette kvarandre
stemne i det gamle skulehuset på Nordkvingo onsdag 31. august 1994.
Det var to årskull som møtte fram, dei som
byrja skulen våren 1921, og dei som byrja våren 1922.
Av eldste årsklassen, der dei var seks, var to avlidne.
Dei attlevande fire møtte alle fram. Årsklassen 1922 talde
også seks, som alle lever framleis. Av desse møtte fem fram.
Den sjette bur for tida i Oslo, og hadde ikkje helsa til å koma.
Stor aldersskilnad på elevane i same årskull,
førde til at seinare årskull av konfirmantar ikkje kunne fylgja
same mønsteret som då me byrja i skulen. Sjå bilete
med sju personar, på side 71, med skulehuset i bakgrunnen. Her er
ei blanding av 1921 og 1922- elevar. Alle desse hadde fyllt 80 år.
Desse er rekna frå venstre:
Sigurd Solbakken f. 23/11-1913
Norlaug Bjørnevoll f. 12/1-1914
Magnus E. Kvinge f. 17/1-1914
Trygve B. Kvingedal f. 18/2-1914
Hjalmar Kvinge f. 12/5-1914
Olav O. Kvingedal f. 27/6-1914
Godtfred Kvinge f. 16/8-1914
Bilete med fem personar nedst på side 73, og med
noko av skulehuset i bakgrunnen, er heile den frammøtte årsklassen
1922. Tre av desse er alt teke med ovanfor. Rekna frå venstre: Norlaug
Bjørnevoll, Eivind Kvinge f.17/5-1915, Olav O. Kvingedal, Godtfred
Kvinge, og Aslaug A. Kvingedal f. 4/2-1915. Den siste er kona til før
nemnde Trygve B. Kvingedal.
Dei fleste hadde ektemakar med seg, slik at heile laget
talde 14 personar. Veret var strålande og alle møtte fram
med godt humør. Praten gjekk livleg rundt bordet, der det vart servert
ekte gamaldags rjomegraut -med någgå attåt.
Skulen var todelt i den tida, med 3 årgangar i 1.
klasse og 4 årgangar i 2. klasse. Dette førde til at dei ungre
elevane kunne læra mykje av dei eldre i same klasse. Leikeplassen
utanfor skulestova var heller liten, men den vart flittig nytta til dei
leikane me hadde i den tida.
Me lærde ikkje å sparka fotball, men det vart
då normale samfunnsborgarar av oss alle likevel. Det var skule berre
annankvar dag, så det vart likevel nøgda av mosjon i hardt
arbeid dei dagane me var heime.
Ved bordsæta vart det drøfta mangt og mykje
frå skuledagane, både lått og løgje, godt og gale.
Ei hard påkjenning var det kvar vår, når me i ein songtime
måtte syngja eit eller anna sjølvvald vers heilt åleine.
Her vart det då mange kulminasjonar. Stakkars den som då hadde
lite mot. Tenk å stå der og streva fram ein ulyd, medan alle
dei andre i klassen sat med ein gråflir.
Det var elles god takt og tone som var normen for all
oppførsel ved skulen. Dei som hadde lang skuleveg, og som til sine
tider kunne koma for seint fram, måtte alltid bukka eller neia for
læraren når dei passerte kateteret. Det same gjorde me alle
når me gjekk heimatt frå skulen.
Skuledagen byrja med ei salme, og så las læraren
Fadervår. Men før dette, hadde han ei personleg bøn,
som kunne variera noko frå dag til dag. Eg hugsa at han byrja denne
forbøna soleis:
-Herre vår Gud og Far, takk Herre fordi du også
ville gjeva oss denne dagen i gåve.
Eg har tenkt ofte på dette seinare. Ingen ting
kan vera meir korrekt enn starta dagen på slik vis. Skuledagen slutta
også med salmesong.
Når frikvarteret var slutt, stod læraren på
skuletroppa med ei lita fløyte, som han plystra oss inn til ny time
med. Men før me gjekk inn vart me oppstilt i ei bestemt rekkje,
slik at me alle inne i skulestova kom til våre respektive pultar
samstundes.
Inne i skulestova heng der bilete av tre lærarar,
som alle har havt sitt arbeid her: Desse er Erik Ivarson Hope f. 9/1-1846,
Kaspar Jetmundson Birkeland f. 14/9-1877 og Rasmus Nygård f. 17/12-1900.
Største opplevinga me hadde den tida me gjekk i
skulen, var barnefesta 2. juledags kvelden, som lærarparet skipa
til kvart år. Alle skuleborna med foreldre møtte då
fram. Læraren held fyrst ein tale, så var det bordsæte
der kvar hadde med seg mat heimanfrå. Kaffi og anna drikkande attåt
maten var det lærarparet som spanderte. Etter maten vart bord og
benkjer sett tilside, og juletreet vart bore fram. Dei minste skuleborna
vart oppstilte i ein ring nærast treet, og så dei større
og eldre i ein større ring utanfor. Så tonar julesongane ut
i stova med tonefylgje frå orgelet der Rasmus Nygård var organist.
Her fekk me oppleva den maksimale livsglæda. Orgelbruset og barnesongen
frå desse festane, har fylgt mange av oss eldre elevar seinare i
livet.
---------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden
Sogelag. |