Forord
Forfatter: Ragnhild Jung / Jonas Riisnes
Dette sogeheftet om Masfjorden er vorte til i samarbeid
mellom Masfjorden sogelag og Masfjorden mållag som er 100 år
i år. Dei to laga har fått god hjelp hjå pensjonistar
som har skrive om eigne opplevingar og mangt dei hugsar frå oppveksten
på heimegarden. Me får skildra gardsdrift, seterdrift og sildefiske
i gamle dagar.
Det er teke med litt om korleis me i dag prøver
å ta vare på minna om folkelivet i bygda, og om korleis me
vil gjere kunnskap om kultur og næringsliv tilgjengeleg for turistar
og andre interesserte. Me vil peike på det viktige arbeidet som vert
gjort for å etablera museum i bygda vår, både av einskilde
eldsjeler, og i organisasjonssamanheng.
Ein prolog og nokre dikt har også fått plass.
Ragnild Jung har vore hovudansvarlig for utval av stoff og Rune Garmann
for formgjeving og utskriving - med god hjelp av Aud-Helen Daae.
Desember 1991.
Ragnhild Jung
Jonas Riisnes
----------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden
Sogelag. |