Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
5. årgang

 

   
 

 
Om fredsjubiléet
Forfatter: Rune Garmann

Dette året har vore prega av mange jubileum - det jubiléet som utvilsamt har vore tydlegast markert av media, er femtiårsminnet for avslutninga av andre verdskrigen. Det er sjølvsagt at dette også vart markert i Masfjorden, ikkje minst av di Bjørn West-basen i fjella våre faktisk var det første området som vart frigjort frå den tyske okkupasjonsmakta. 

Og på sett og vis var det også her jubileumsmarkeringa starta, ved at Hans Majestet Kong Harald V den 15. oktober i fjor, på dagen 50 år etter at Fredrik Kayser gjekk iland i Noreg for å etablere Bjørn West- basen, stod for den offisielle opninga av Bjørn West- muséet på Matre. 

Men tilliks med andre folk elles i Noreg høgtida masfjordingane fredsjubiléet på ei rekkje ulike måtar og ved mange tilskipingar i løpet av nokre hektiske maidagar. 

Dei fyrste tilskipingane fann stad alt 6. mai. På Matre vart det arrangert fredsmasj med god oppslutnad, medan kommunen noko seinare skipa til kulturkveld for krigsveteranar og bygdefolk på Nordbygda samfunnshus. Denne kvelden kunne ein mellom anna ynskje velkomen veteranar frå Bergen Røde Kors, som i maidagane 1945 var oppe i Matrefjella og henta ned dei falne Bjørn West-soldatane. 

7. mai vart fredsmarsjen arrangert på Sørsida, også her med god oppslutnad. Ved Solheim kyrkje var det konfirmasjonssundag denne dagen, og ved avslutninga av gudstenesta vart heile møtelyden invitert til offisiell medlegging av kransar på grava til Torgeir Stordal, og til minnesteinen som er reist over dei russiske fangane frå leiren på Matre. 

8. mai vart markert med ei takkegudsteneste i Sandnes kyrkje, der alle skuleelevane i kommunen var til stades, og der elevar stod for mange av innslaga i gudstenesta. Før gudstenesta var det kransnedlegging på minnesteinen over dei frå Masfjorden som fall under siste krigen. Om ettermiddagen vart det skipa til fredsmarsj i Nordbygda. 
Denne dagen vart det også gitt ut særskilte frimerke, og det var høve til å få desse særstempla med eit stempel med logoen til Bjørn West. Det var også høve til å få dette på ein spesialteikna konvolutt, saman med eit kort som var eit utsnitt av kartet Fredrik Kayser hadde med seg då han gjekk i land på Hosteland 15. oktober 1944. 

Helgetorsdag er tradisjonelt dagen for Masfjordfestivalen, som denne gongen hadde eit sterkt fredsjubileumspreg. Heile programmet i Nordbygda samfunnshus var via fredsjubiléet. Det bygde på tekstar som handla om krig og fred, skrivne og framførde av elevar i grunnskulen, og musikkinnslaga som batt desse tekstane saman, var tematisk knytte til innhaldet i tekstane. 

Det var gripande å oppleve elevar som stod og las om kva besteforeldra deira hadde opplevd og fortalt, medan desse fysisk var til stades i salen og høyrde på. Neppe på nokon anna tidspunkt under heile jubileumsmarkeringa var nærleiken til hendingane frå den gongen sterkare følbare. 

Dei aller fleste elevane i Masfjorden hadde bidrege med tekstmateriale, og det som vart framførd, var berre ein liten del av det totale teksttilfanget. Men alle tekstane er tekne vare på - dei er samla og utgjevne i eit eige jubileumshefte, og inneheld stoff tilsvarande 140 maskinskrevne A4-sider. Meir om dette heftet står å lese annan stad i denne boka. 

Same dagen vart utstillinga -Born, krig, fred- opna i Nordbygda samfunnshus. På denne utstillinga kunne ein sjå minne frå krigstida saman med ulike arbeide gjort av elevar i Masfjorden våren 1995. 
Dessutan synte Redd Barna dokumentasjon frå attreisingsarbeidet organisasjonen har gjort i Kampuchea. 
Men også born frå andre stader var med på utstillinga: 

Krisepsykiatrisk senter i Bergen lånte ut barneteikningar frå Mosambik og Irak, teikna av born som i vår samtid - 1989 og 1991 - hadde teikna sine eigne opplevingar, og framstilte på den måten korleis krigen framstår på dei stadane geværmunningane peikar. Dette var krigsreportasje av eit heilt anna slag enn det vi får formidla gjennom presse og kringkasting. 

Og ei svært ubehageleg påminning om kva lidingar Nazityskland påførte andre menneske fekk vi ved å sjå 25 teikningar laga av jødiske born som sat i interneringsleiren Terezin, eit lite stykke nord for Praha, og venta på å verte sende til Auschwitz. Ingen av dei som hadde laga desse teikningane overlevde. Yngstemann av desse var om lag åtte år då kan kom til Terezin, og vel ni då han vart send til Auschwitz for å døy. 

Det finnest om lag 4000 slike teikningar som er bevarte. Alle tilhøyrer Det jødiske muséet i Praha. 
Teikningane som var med på denne utstillinga, er etter det muséet kunne opplyse, dei fyrste som nokon sinne er blitt viste her i landet. 

Den siste jubileumstilskipinga i Masfjorden fann stad laurdag 27. mai, då ein kolonne med militærhistoriske køyretøy gjorde landhogg på Matre. Dette var ein del av ein stafett som hadde starta frå Finnmark 8. mai, og som skulle ende på Sørlandet i byrjinga av juni. For dei køyretyinteresserte var det mykje artig å sjå, ulike typar lastebilar med kalesje og nedleggbart styrehus, sjukebilar, og -vanlege jeepar. 

Dei som reiste med denne kolonnen, hadde under planlegginga av reiseruta uttrykt eit ynskje om å køyre gjennom -Bjørn West-land, av di dei naturleg nok hadde stor interesse for hendingane som her hadde gått føre seg. Det var difor lagt opp til eit enkelt program for dei. Dei fekk først omvisning på Bjørn West-muséet, og deretter fylgje av guide opp til Fossestølane, med avstikkar innom Matrehola, Hommelfossen kraftstasjon og kraftstasjonen på Fossen. Då dei tok farvel for å dra vidare, ga dei klårt uttrykk for at opphaldet i Masfjorden hadde vore eitt av høgdepunkta på turnéen. 
 
---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal