Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
5. årgang

 

   
 

 
Humoren - Guds rike gåve
Forfatter: Svein Kvamsdal

Svein Kvamsdal er frå Masfjorden og er døypt i Frøyset kyrkje, men vaks opp i Austrheim. Han vart ordinert til prest i 1977 for å gjere feltprestteneste på Heistadmoen. Same året vart han utnemt til sokneprest i Jølster og i 1985 til sokneprest i Ullensvang i Hardanger der han var til han vart kappelan i Volda i 1991. 

Forord av Jonar Riisnes 
I kyrkjehistorisk årbok for 1994 las eg at då kyrkjesogelaget i Bjørgvin feira sitt 50-års jubileum i Bergen i oktober 94 heldt Svein Kvamsdal eit fargerikt kåseri om humor i kyrkja. 

I samband med kyrkjejubileet her i Masfjorden, spurde eg Kvamsdal om eg kunne få trykkje kåseriet hans i årets "Fjon frå Fjell til Fjord", og det var han så gild å seia ja til. 

Svein Kvamsdal er frå Masfjorden og er døypt i Frøyset kyrkje, men vaks opp i Austrheim. Han vart ordinert til prest i 1977 for å gjere feltprestteneste på Heistadmoen. Same året vart han utnemt til sokneprest i Jølster og i 1985 til sokneprest i Ullensvang i Hardanger der han var til han vart kappelan i Volda i 1991. 

Kvamsdal har i mange år reist rundt med eit kyrkjespel om Grundtvig, "Strengen er av Gull" der han sjølv spelar Grundtvig. Dette kyrkjespelet får me kanskje sjå i Frøyset kyrkje ein gong på nyåret. Svein Kvamsdal hadde i vår permisjon for å skrive eit nytt kyrkjespel om Johan Nordalhl Brun (i høve at det er 250 år sidan han vart fødd). Dette heiter "Jeg tok min nystemte" og skal framførast første gong i Volda kyrkje 2. november -95 saman med kor og andre aktørar og med Kvamsdal i rolla som diktaren. Helga 11. og 12. november -95 skal han til Lindås og Austrheim med eit program om Anders Hovden: "Syng det ut med glede." 

Mange eldre i Masfjorden hugsar far til Svein, Birger Kvamsdal, som bygde hus på Stranda ved Risnes. Han var ein svært allsidig og gåverik mann med eit godt humør. Han var flink til å spele fele og laga sjølv felene sine. Han var skomakar, tømrar, smed og børsemakar og han laga sitt eige haglgevær. Og han var veldig god til å fortelje historier. Svein Kvamsdal meiner han har arva sin humoristiske sans og sitt skodespelartalent frå faren, medan han har arva dei boklege interessene frå mor si. 

---------------------------------------------------------- 

Humoren - Guds rike gåve 

Det gjer godt å få le. Låtten ber i seg ei frigjerande kraft. Det ligg ei djup livsrøynsle i den gamle utsegni: "Ein god lått lengjer livet". Lækjarane hevdar det same: Det er sunt å le. 

Det hender noko i oss, når me ler. Låtten gjer noko med oss. Og det hender noko kring oss. Fysiologane fortel, at me skil ut eit stoff i kroppen, når låtten grip tak i oss. Underleg nok er det just det same stoffet som vekkjer sinnet i oss. Låtten skulde då føra til at me vart mindre sinte.. Og so hender det noko kringom oss, når låtten kjem i drift: ein ryngjande stemning låg i lufti. Ho låg der som ei myrk skodda. So var det einkvan som hadde evne til å løysa ut låtten. Den trykkjande stemninga kvarv som skodda i møte med det varme solljoset. 

Tidleg i haust vart eg kjend med ei ny student i Volda. Ho oppsøkte meg av di eg kjenner far hennar. Då kunde eg fortelja henne: "Far din og eg - me hev ledd mang ein god lått i lag!" Låtten er avvæpnande. Der kollegaer ler i lag, fell det ikkje ord med giftig brodd.. Eg lyt vedkjenna, at eg er takksam til Skaparen for at eg lever no, og ikkje for hundrad (100) år sidan. Eitt og anna gale kan dei sikkert segja um meg med, men truleg ikkje det dei sa um presten W.A.W. Harboe, då han tiltredde i Ramnes i kring år 1900. "Han lo, da han gikk fra sakristiet", sa folk i Jarlsberg om han. "Vi har nok ikkje fått noen kristen prest!" lagde dei til. 

Bakom låtten ligg humoren. Evna til å "sjå" det komiske. Ja, ikkje berre sjå, men ogso hava evne til å få det utløyst. Biskopen av Viborg i Danmark, Georg S. Geil, kallar humoren for "Den tredje gave". I den samanhengen tenkjer han ikkje på dei tri nåde-gåvene som apostelen (Paulus) skriv um - "Tru, von og kjærleik". Dei er av himmelsk kvalitet. Difor vert dei verande til evig tid. Geil talar um tri liknande gåvor frå Skaparen til menneskelivet. Gåvor gjevne for å verna om oss i livet. Desse tri heiter: Svevnen, gløymsla og humoren. Svevnen gjev oss recreasjon. Han verkar nyskapande på oss... Svevnen er den vesle død, og døden er den store svevn, segjer dei i dei sudlege land. Å vakna om morgonen er som å ha fenge livet tildelt endå ein gong. 

Å gløyma er og ei Guds gåve. Tenk om me gjekk ikring og hugsa alt? Gløymsla fører med seg, at me kan lesa upp att gamle kriminalromanar. For eg hev gløymt kven mordaren var. 

Men gløymsle gjer ogso den store velgjerningi mot meg: Å stengja ute levande menneske... Løyndomar frå andre sitt liv. Slikt som ikkje er verd å hugsa. 

Den tridje gåva er humoren. Ei rik gåve. Eg tenkjer ikkje berre på den humoren som slær ut i ein gneldrande lått. Endå mindre den humoren som let etter seg gift i hugen på ein annan (Den kallast gjerne ironi og sarkasme). Eg tenkjer mest på den humoren som er i nær slekt med ålvoret. Humoren hjelper meg til å forstå ålvoret betre. Fylgjande kan det segjast mangt eit ålvorsord gjennom humoren. "Den som kun tar spøk for spøk og alvor kun alvorlig - den har fattet begge dele like meget dårlig", segjer den humoristiske ålvorsmannen - Piet Hein. 

Gud hev humor.. ja, det at Gud er humoristisk . er ogso eit stykke evangelium. Hadde ikkje Herren humor kunde han aldri halde ut med oss... Salme 2,2.4. 

Om Gud hev humor, er han aldri humørsjuk. Det er og ein bite evangelium. Humoren høyrer med til det å vera eit menneske - skapt i Guds bilete. Mykje gjekk tapt i syndefallet. Men den humoristiske sansen er noko me fekk med oss. 

Det underlege er: Ofte er det den litt tunge hugen som hev sans for den livgjevande humoren. Og livgjevande er humoren, når han hev auga for dei små komiske hendingane. Store humoristar hev ofte eit melankolsk drag i si natur. Klassisk er soga um den mannen som gjekk til lækjar, fordi han jamt var so deprimert. "Du treng å kvikkast upp, sa lækjaren. "No om dagane hev me eit sirkus her i byen. På det sirkuset hev dei ein mykje morosam klovn. Ein stor kunstnar med ein sjeldan humor. Gakk stad og sjå på honom, so skal du få deg ein god lått!"- "Det let seg ikkje gjera", svara pasienten, "for: Klovnen du snakkar um - det er eg.." 

Skal tru om ikkje biskop Eivind Bergrav hev rett, når han segjer: Det motsette av humoren er ikkje ålvoret, men - rædsla. Redde menneske ler ikkje. 

For ei tid sidan levde det ein prest ein stad. Om han sa dei: Han minner slik um Jesus i all si ferd. Slike utsegner kan verka noko mistenkjelege. Det kan vera svært vanskeleg å hava omgang med helgenar.. Presten hadde to søner. Sjølvsagt kunde mang ein far ha opplevd det som denne faren fekk. Men i dette tilfellet verkar alt so forståeleg. Den eine sonen var professor i filosofi - med eit skarpt atheistisk standpunkt. Den andre sonen vart prest. Han fekk ein syrgjeleg lagnad: Han døydde tidleg - etter at han hadde mist både vit og forstand. Kvifor gjekk det soleis? 

Dei lo sjeldan i den heimen der desse gutane voks opp. Dei såg aldri far sin smila. Og so kan me spyrja. Korleis kan den aldri smila som liknar Jesus? Er ikkje kristendom glede? Endåtil ekte, uforfalska glede? Då kan ikkje den gleda vera humørlaus. 

Mest alle trur at dei sit inne med humoristisk sans. Det finst ikkje noko me er meir kjenslevar for enn sansen for humoren. Me kan lett innrøma at me ikkje hev sans for musikk, for litteratur, for politikk eller religion. Men å mangla humoristisk sans, nei, det vil ingen av oss mangla. 

I grunnen trur dei fleste av oss, at me er svært rikt utrusta på dette området. Lat oss vona at det er sant! Er det sant, då skal me ikkje vera redde for å utvikla denne sansen. 

Kva er so evna til humoristisk sans? Det er evna til å le av ting me elskar. Slikt me set høgt. Slikt som er verdfullt for oss. Evna til å le av seg sjølv og slikt som hev med oss sjølv å gjera. Og framleis setja det høgt som me ler åt. Det er råd å sjå det komiske i ei høgtideleg stund, ja endåtil i ei heilag stund; Då er det upassande å le. Kjem nokon på låtten i ei ålvorleg stund verkar det ikkje frigjerande, men uhyggeleg. Det vert meir skjerande di djupare ålvoret er. Vedkomande misser ikkje berre god takt og tone. Men han fær noko til å gå i knas for andre. Å le i ei ålvorsstund er blasfemisk. Men litt seinare, når me hev det heile på fråstand, då kan me le. 

Eg fekk ei slik oppleving for nokre veker sidan. Me var samla til gudsteneste i Volda kyrkje. Den store kyrkja var bortimot fullsett. Då er det at det hender: Eg snur meg mot kyrkjelyden og segjer: "Lat oss høyra Herrens ord!" Alle reiser seg. Songen lyder frisk og glad: "Gud vere lova! Halleluja!" Just i det same kjem ein stor svart katt spankulerande so vyrdeleg opp etter midtgangen.. Det heile hadde ein komisk glans yver seg. Men det vilde ikkje søma seg å le der og då. 

Men skulde det henda at presten hadde humoristiske vendingar i preika si, vilde det ikkje vera usømeleg om kyrkjelyden lo. 

Sjølvironien er ei rik gåve. Det er fortalt om den kjende ungdomspresten Olfert Richard. Han var ei tid på tale til å verta biskop i Roskilde. Både han sjølv og folk flest venta at kan skulde verta utnemnd. Men soleis gjekk det ikkje. Ein annan vart utnemnd. Då han kjem inn til konfirmantane sine dagen etter, spyr han deim: 
"Kann de sjå noko nytt ved meg i dag?" Dei såg og såg.. Men fann ikkje noko nytt ved honom. Då segjer Richard: "Ser de ikkje, at eg hev fenge lang nase? 

Då var det verre med Søren Kierkegaard: Han var ei tid utsett for at københamnarane dreiv ap og flein åt honom. Det gjekk hardt inn på honom. M.a. hende det at morrobladet "Corsaren" laga ei teikning der dei framstelte honom med ulikt lange buksebein. -"Det er ikkje sant!" - sa Kierkegaard djupt fortvila. 

Då gjekk det betre med Sokrates. Om han er det fortalt, at han var i teateret ein kveld. Der hadde dei sett upp eit stykke som nettopp skildra den store tenkjaren. 
Ja, han vart skildra på ein måte som sette honom i eit komisk lys. Då spelet var ferdigt og alle klappa, reiste Sokrates seg opp. Han bukka djupt - som var det til hans ære, at dei klappa... 

Humoristisk sans . Kva er det? Jau, det er å hava evna til å sjå seg sjølv utanfrå. Evna til sjølvdistansering. 

Sjølvobjektivering. Hava evne til å vinna att det rette perspektiv på livet. Skal tru om ikkje humoren er i slekt med religiøsiteten? Trui på ei nyskapande makt.. Båe hev den egenskapen: Å setja ei syrgeleg hending inn i ei ny råme. 

Eg høyrde ein gong ein prest fortelja ei hending som tydeleg kastar ljos yver dette: Ein mann oppsøkte presten ei kveldstund (Han gav seinare presten løyve til å fortelja det som her vert fortalt). Det var lett å sjå at mannen var nedtyngd med sorg. Han kom for å melda frå om, at kona var død. Dei fekk prata i lag lenge dei tvo. Og dei kom på god "bylgjelengde". Mannen ser attende på livet. Brått dukkar ei hending opp i minnet hans.. Ein varm god smil legg seg yver andletet hans. 

Presten skjønar: No er det eit gledelegt minne som stig fram. Og han fekk rett. For mannen heldt fram: "Du skjønar, ho kunde ha skikkeleg temperament, ho der... 

Ein gong skulde me i gjestebod. Me hadde knapp tid. Ho var noko stressa. Og so var det det, at ho ikkje fann det rette skorna. Ho var kvikk og. No opna ho døri inn til eine klesskåpet. Der hadde ho mange par sko. Ho bøygde seg inn i skåpet og leitte i vill fart.. Då tykte eg ho stod so lagleg til. Eg puffa godt til henne, slik at ho fekk seg ein ufriviljug tur inn i skåpet. Det heile enda med at dei tvo karane fekk dela ein skikkeleg lått i lag, etter di dei såg situasjonen føre seg. 

Sorgi vart ikkje mindre om låtten vart utløyst. Situasjonen vart berre sett inn i ei onnor råme. Den same eigenskapen finn me i kristentrui. Trui kastar nytt ljos yver livsstriden min. Vanskane mine vert rivne ut or sin fastkøyrde samanheng. Når eg ser vanskane mine gjennom trui sine brillor, fær dei ein heilt ny farge. Eine Umwertung aller Werte. 

Det same er tilfelle, når eg fær sjå livet mitt gjennom humoren sine brilleglas: Eg uppdagar: Det er råd å yverleva! Eg treng ikkje taka meg sjølv so høgtideleg. Ikkje alltid! Det eg tykte var so ålvorleg, fær i grunnen små konsekvensar. 

Me kan og leggja merke til, at eitt og anna som var so ålvorlegt, kan få ein humoristisk dåm yver seg, berre det kjem på fråstand i tid. Nokre gamle gravsteinar på ein gamal kyrkjegard er eit godt døme på det. På ein stein der eit gamalt ektepar kviler, finn me fylgjande skrive: "DERES STRID ER ENDT". På ein annan gravstein stend det skrive om ei ung mor: "HUN DØDE FRA FEM UOPPDRAGNE BØRN". Den gongen var det stridt ålvor. I vår tid kallar desse gravsteinane smilet fram. 

Fedrene våre, dei som ruver i kyrkjesoga, hadde dei humor? Biskop Johan Nordahl Brun var ein stor humorist. Det kjem til uttrykk m.a. i møte med hans gode ven Niels Hertzberg. Han var fyrst sokneprest nede i Kvinnherad. Der hende det, at prestegarden vart øydelagt. Eit stort steinras kom veltande ned mot bygdi. 
Lufttrykket av det var so sterkt, at fleire av husi som høyrde prestegarden til sokk i hop. I fylgje lønssystemet den gongen var soknepresten økonomisk ansvarleg. 
Det vart slikt eit tungt lyft, at dei måtte samla inn pengar til honom i kyrkjene kringom i bispedømet. Betre vart det ikkje, då Hertzberg opplevde noko liknande nokre år seinare. Han var då vorten sokneprest i Ullensvang i Hardanger. Der kom det ein kraftig orkan vinteren 1806. Hovudbygningi saman med nokre uthus vart hardt skadde. Ogso denne gongen lyt han klaga si naud til biskop J. N. Brun (som ogso var hans personlege ven). Og Brun svarar honom med fylgjsnde ord: "Hvem er du for ein som Vind og Vejr forfølger?" 

Gisle Johnson - korleis var det med honom? Hadde han humor? I den samanheng er det fortalt om biskop Peter Hognestad. Han var ein ålvorleg mann med eit godt glimt i augo. Ein kveld i 1927 sat han i Bergen med nokre kollegaer og prata kyrkjesoge. Dei kom inn på humoren. Og dei kom til å snakka om Gisle Johnson. 
Då sa Hognestad: "De veit, at me brukar halda fram om Jesus, at han gret tvo gonger. Om Gisle Johnson er det sagt at han lo tvo gonger. Den eine gongen var då ein kandidat til teologisk eksamen fekk spursmålet: "Hvem i våre daga kommer nærmest dem som på Jesu tid ble kalt fariseere og skriftlærde?" Den ikkje heilt kvikke kandidaten tenkte seg godt om. Og so kom det med ein lukkeleg smil: "Det må være de teologiske professorene!" - Då lo Gisle Johnson for fyrste gong. 

Andre gongen eksaminerte han i kyrkjesoge. Det galdt forgjengarane til reformasjonen. Johnson vilde hava fram den rolla humanismen hadde spela. Kandidaten stod fast. Johnson vilde hjelpa honom på glid: "Den lærde skriftlesaren i Holland... Leidaren for humanismen..Er...? - "Erasmus Montanus" kom det med tyngde frå kandidaten, som no pusta letta. Dette var andre gongen Gisle Johnson lo. 

Men det er fåre for at G. J. hev ledd ein tridje gong ogso, heldt Hognestad fram. "Under den Johnsonske vekkjingi hende det ein kveld, då nokre av krinsen var samla, at ein som kom noko seinare enn dei andre, forstøkt fortalde, at han hadde gjenge forbi Gisle Johnson og ein annan i Slottsgata. Der hadde han set, at Johnson lo. Alle vart forstøkte. Det var ikkje til å tru. No vart det stort ordskifte. Hadde han synda? Venene hans fann fram stader i Det gamle Testamentet der det stend, at "Gud lo". Andre tykte ikkje at det hjelpte. Dei fleste trudde ikkje at forteljaren hadde sett og høyrt rett. Hognestad lagde til: "Kva vilde dei ha sagt um Luther?" 

Etter kvart er det kome eit mildare syn. Sume meiner likevel framleis, at humoren berre høver i livsens frikvarter. Etter den regelen som Johan von Staupitz gav fader Luther: "I kyrkja ålvorsam, men ved bordet glad og humørfyllt". I vår tid kan det endåtil fyrekoma, at me ler i kyrkja. Skal tru om det ikkje er eit samband mellom ålvoret og humoren? 

Forfattaren Friedrich Rückert segjer det so meisterleg, i det han let alvor og humor vera livskameratar: 

Det alvor er kun skapt 
Som ei til spøken smiler. 
Men slappere den spøk 
Som ei på alvor kviler. 

Kjære vener! Takka Gud for humoren. Humoren gjev eit sunt liv. Han set livet i det rette perspektiv. Humoren er ei verdfull, umissande gåve for menneskelivet. Me hev ikkje råd til å gøyma henne vekk. 

Lat oss æra Skaparen ved å lata humoren leva, bløma og falda seg ut. 
---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal