Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
5. årgang

 

   
 

Om Ivar Duesund
Forfatter: Bjørn Dyregrov Haukeland

Ivar Duesund vart fødd 3. august 1905 av Ida Halsøy. Ho var gift med Halvard Duesund. Tidleg fekk Ivar ein motorbåt. Under krigen brukte han båten til å frakte norske troppar og soldatar som kom frå England for å spionere i Norge. 7. februar 1941 blei Ivar arrestert og ført til kretsfengselet i Bergen. 

Litt seinare blei han flytta til Ulven. 5. oktober blei han dømd til døden og den 22. oktober blei han skoten på Ulven. 

Ivar hadde ein båt han gjekk i rutefart med. Båten tok både folk og varer. Etter at tyske soldatar kom til Noreg tok det ikkje lange tida før tyskarane skulle ha tak i motstandsfolk. Nokon ville koma seg over til England så fort som muleg. Dei spurde Ivar om å få låne båten. Snill som Ivar var, so let han dei få låne båten. Med god hjelp av norske folk fekk tyske soltatar vite kven som eigde båten og kvar Ivar budde. 

 
Ein dag i februar kom det fleire tyske soldatar og spurde etter Ivar. Nokre soldatar held vakt utanfor og nokre kom inn. Mans soldatane leita etter Ivar heime i Duesund, var Ivar på vedhogst i Bergsvikmarka i lag med ein nabo. Ein annan nabo greidde å lure seg avgarde for å gje beskjed til Ivar so han kunne kome seg vekk. Men Ivar ville ikkje røme for han var redd for at det skulle skje noko med familien. Tyskarane fann ikkje Ivar denne dagen. Dei kom tilbake dagen etterpå og då tok dei broren hans, Håkon, og faren Halvard med seg. 

Tyskarane greidde seinare på dagen å arrestere Ivar. Då vart Håkon og Halvard sleppte fri med ein gong. Men heime sat ein heil familie att: Mor, far, sysken, kona Ingeborg og døtrene Ida, Oddrun og Emma, som då var 5, 2 og 1/2 år gamle. Ivar vart ført til Bergen kretsfengsel. Seinare vart han flytta til Ulven. 

Utover sommaren veit ein ikkje så mykje om Ivar. På Ulven sat fangane i brakker. Her var det eit strengt vakthald. Tyskarane brukte litt tid på å greie å få reist tiltale mot Ivar. 

I august vart tiltalen mot han reist og saka vart reist som hastesak. Saka vart ført i Bergen for ein militærdomstol, i lag med sju andre var han tiltala. Alle fekk oppnemnt norske forsvarar, men desse fekk ikkje så mykje papir, så det var vanskeleg å forsvara dei. 

Rettsaka vart ført den 26., 27,. 29. og 30 september og 2. og 5. oktober. Ivar vart tiltala og dømd til døden for spionasje og til 4 års fengsel for å ha hjelpt fienden. (Engelskmennene). 

Dommen vekte stor forferdelse i Masfjorden. Ordføraren og lensmannen skreiv brev til justisdepartementet, der dei bad om benådning for Ivar. I svaret skriv departementet at England og den tidlegare kong Haakon er det norske folk sin fiende, og derfor kan ikkje slike som har arbeidd for desse, benådast. 

Om kvelden den 21. oktober ryktast det at Ivar og ein annan dømd fange kom tilbake til Ulven. Ein annan Masfjording, Hjalmar Matre, sat og i arrest på Ulven på denne tida i same brakke som Ivar budde i. Hjalmar har i ettertid fortalt om korleis han og Ivar fekk lurt det til slik at dei kom på rom vegg i vegg, slik at dei to kunne snakke saman, medan vakta var borte i eit ærend. Begge var klar over kva som skulle skje nokre timar seinare. Det vart ein kort samtale. Ivar spurte stilt og roleg om nytt heimefrå. Hjalmar fortel vidare om roen Ivar viste og han følte at han fekk meir trøst enn han kunne gje.Ved å opna glaset på begge cellene, kunne dei nå kvarandre, og skiljast med eit handtrykk. 

Etter ei uroleg natt vart Ivar og ein annan fange henta i femtida om morgonen. Dei vart seinare køyrde ut av leiren i ein lastebil. Hjalmar var ute og gjekk ein liten tur på føremiddagen, då han såg ti soldatar og ein offiser som marsjerte inn att i leiren. Truleg var dette dei som hadde stått for ugjerninga. 

Ivar fekk inga grav. Mykje tyder på at han vart gjort til inkje på Korsfjorden seinare. Den 8. mai 1990 vart det avduka ein minnestein over Ivar og ein annan medfange på Ulven leir. Næraste slekt og vener fekk vere med på ei gripande og fin minnestund. Ti trauste nordmenn som trudde på eit fritt land hadde fått eit verdig minnesmerke. 
 
---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal