Krig og fred-boka
Forfatter: Rune Garmann
I samband med fredsjubiléet vart lærarar
og elevar ved skulane i Masfjorden bedne om å skrive tekstar omkrig
krig og fred. Rammene var rimeleg vide - tekstane kunne vere dokumentariske
eller dikting, dei kunne skrivast i diktform eller som prosatekstar, dei
kunne handle om kva som helst som hadde noko med krig- fred- problematikk
å gjere.
Men dei skulle kunne brukast i eit program i samband med
fredsjubiléet, og alle tekstane skulle offentleggjerast i hefteform.
Responsen frå lærarar og elevar var enorm!
I løpet av nokre veker på seinvinteren og våren vart
det arbeidd på mange slags vis med denne oppgåva, og då
dei ferdige tekstane låg føre, synte det seg at så å
seie kvar einaste elev i heile kommunen var bidragsytar. Til saman hadde
dei om lag 220 elevane frå fyrste til niande klasse levert tekstar
tilsvarande 140 maskinskrevne A4-sider.
Det synte seg å vere eit mangslunge tekstilfang,
både med omsyn til sjanger, emneval og omfang på dei ulike
bidraga. Her fantest dikt, intervju, artiklar, forteljingar, og brev. Nokre
hadde samarbeidd om tekstane, andre hadde skrive dei åleine. Nokre
hadde intervjua slekt og naboar, andre hadde nytta skriftlege kjelder.
Sams for dei fleste bidraga var at dei synte stort engasjement for dei
emna dei tok opp.
Og engasjementet smitta. Slektningar og sambygdingar stilte
opp og delte minna sine med dei som foretok intervju. I eitt særskilt
tilfelle utløyste oppgåva ein heil korrespondanse mellom fleire
personar i ein familie. Resultatet av korrespondansen - ein artikkel om
Ivar Duesund, som vart avretta på Ulven i 1941 - førte med
seg at mange personar i familien i dag veit meir om lagnaden hans enn dei
før hadde gjort. Tidlegare hadde det vore for vondt og vanskeleg
å snakke om dette.
Arbeidet med tekstane gav mange frukter. Kvar einskild
elev som var med i denne prosessen, har fått større innsikt
i den delen av krig- fred- problematikken dei sjølve valde å
arbeide nærare med.
Ved å attgi dette som tekst har dei fått høve
til å bearbeide innsikten og spreia han til ein vidare krins.
Krig og fred-heftet vart på knapt 80 sider, og det
er framleis mogleg å få kjøpt nokre eksemplar av heftet
på Bjørn West-muséet. Artikkelen om Ivar Duesund er
teken med i dette nummeret av Fjon frå fjell til fjord.
Det er også på sin plass å nytte høvet
til å takke alle dei foreldre, besteforeldre og alle andre som ved
å fortelje om opplevingane og minna sine var ei viktig kjelde til
kunnskap og innsikt for elevane - og oss andre som etter kvart har fått
høve til å lese og lære meir om denne delen av soga
til folket vårt.
----------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden
Sogelag. |