Livssoga til ein 91-åring
Forfatter: Eivind Kvinge
Mannen heiter Alfred Einestrand, og kom til verda 14.
april 1904, altso på sjølve flyttedagen, som det heitte i
dei tider. Det var på garden Einestrand, no gnr. 59 bnr. 2 i Masfjorden
- før 1964, gnr. 1 bnr. 2 i Lindås.
Foreldra var: Ola A. Einestrand, og kona Mathilda Sævresdtr.
frå Nesbø. Alfred hadde ei syster, Ingeborg f. 1906. Ho vart
gift med Lars Einestrand, på bruket Kjønnbakken, bnr. 3 på
Einestrand.
I desse tider måtte ein tidleg krøkjast,
som god krok skulle verta. Dette fekk han Alfred også sanna, like
frå barnsbein av. Faren for mykje på bygningsarbeid kringom
i dei næraste kommunar, så det vart Alfred og mora som stod
for det meste av onnearbeidet heime på garden. Dette å gå
til fjells med sauene om våren, og henta dei heimatt om hausten,
var sjølvsagt Alfred sin jobb.
Barneskulen i Alfred sine dagar, held til på garden
Skår, ca 1 km. sør for munninga av Kjekallvågen, og
læraren heitte Kristian Jordal. Borna frå Einestrand måtte
då reisa fram og attende her kvar skuledag. Det var neimen ikkje
så enkelt å koma seg tvers over Kjekallvågen når
austavindstormane raste på det verste.
Han Alfred vart konfirmert i Myking kyrkja 29. september
1918. Heller ikkje den dagen ville austavindstormen gjeva dei fred, då
dei skulle ro over fjorden til Myking.
Som 18-åring gjekk han ein vinter på Nordhordland
ungdomsskule, og han hadde då lyst å verta lærar, men
økonomien tillet ikkje ei slik utdaning. I 1929 gjekk han ein vinter
på Myking snikkarskule.
I dei dagar var det vanleg for heimeverande ungdomar i
reisa på storsildfiske om vintrane. Han Alfred var i 9 vintrar på
slikt fiske ute på Fedje og sør mot Haugesund.
Som 23-åring vart han ute for eit syrgjeleg hende,
som her må nemnast. Det var hausten 1927, under sauesankinga på
sørsida av Kjekallvågen. I ei stupbratt fjellskrenta var der
ei torva som gav etter under foten hans, og han ramla utfor, gjorde fleire
rundkast i lause lufta, han svima av, og då han kom til seg sjølv
att, låg han mellom nokre store steinar i øvre kanten av ei
urd, pålag 70 m lengre nede. Eit guds under var det at han kom frå
dette med livet. Men som det heiter : -Den Gud vil bevare - er uten fare.
Det vart ikkje henta lege for å reparera han Alfred
den gongen, nei slikt hadde dei ikkje råd til i dei tider. Her vart
det soleis berre å lata natura lækja alle sår. Denne
ille ferda hadde gjenge hardt utover hovud, andlet, skuldrar, rygg, hofter
og føter. Av indre lesjonar kan nemnast at han fekk trøbbel
med nyrene i fleire år etter. Sumaren etter, i 1928 var han framleis
så merkt av skadane, at han ikkje kunne gå i brudlaupet til
næraste naboen.
I åra etter vart han Alfred mykje med i ungdomsarbeidet
i bygdi. Han var soleis ein sers aktiv medlem i ungdomslaget Framsteg på
Kvingo. Det var ikkje småvegen han hadde å gå, eller
å ro, når han skulle nord til Nordkvingo for å vera med
på tilskiping av festar til jul og 17. mai. Ofte var han med i sketsar
og skodespel, som vart framsynte i slike høve. Når slike ting
skulle innøvast, gjekk det med mange kveldar, og det, som oftast
etter full arbeidsdag heime.
Han Alfred var ogso flink på hardingfela, for å
vera sjølvlærd. Soleis kunne han dei fleste, til den tid nytta
danseslåttar kringom i grendene. Ja, no : -Jog der eit minne om halvglemt
dåd.
Det var om kvelden på sjølve 17. mai. Han
Alfred og underskrivne skulle spela saman til dans i nothuset på
Nordkvingo. Eg var framleis nokso fersk på 5-radaren, så mitt
repertoar var ikkje så stort. Men heldigvis, vart eg mangelfull,
så var han Alfred desto meir fullstendig. Og so var det løna
for strevet vårt då. Jau, det økonomiske resultatet
vart som følgjer : Ein mann gjekk rundt med ein hatt, der kvar og
ein kunne leggja oppi etter råd og hjartelag. Han Alfred og eg delte
-rovet, og då vart det kr 1,27 på kvar. Denne transaksjonen
vart kalla -å romla. Slik var det i dei harde åra.
Me kunne ikkje kalla oss artistar, så me kunne
difor ikkje lata hår og skjegg veksa villt, og me måtte stå
nokonlunde i ro med overkroppen, og det var berre folkelege tonar me kunne
varta opp med. Ja, dette var noko av det samarbeidet eg hadde med han Alfred.
Han vart gift 24. juni 1939 med Jenny Andreasdtr. Thunes
frå bnr. 4 Nore Askeland i Lindås. Dei fekk 2 søner
: Olav f. 1940 og Svein f. 1944. Alfred fekk skøyte på heimegarden
i 1942, og denne har han drive, saman med noko bygningsarbeid kringom i
bygdene attåt.
For tida er det sonen Olav som driv garden, og han er
rutebilsjåfør attåt. Han er gift med Harriet Haraldsdtr.
Hodne frå Myking.
Sonen Svein er i marinen, fyrst ombord i ein ubåt.
No er han orlogskaptein. Den trufaste slitaren
Alfred Einestrand har no avslutta sin arbeidsdag. Med
eit hugheilt hjarta kan han no nyta tilværelsen som pensjonist.
----------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden
Sogelag. |