Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
5. årgang

 

   
 

 
Fyrste opptakten til meieri i Masfjorden
Forfatter: Eivind Kvinge

Denne tok til på gardane Nordkvingo og næraste grannebygda Hope i Nordhordland. Hope hadde sitt fyrste skipingsmøte 18. okt. 1920, der det vart 10 lagslemer (leverandlørar). 

Fyrste styre der vart: Ivar I. Mjanger, formann. Jonas Hope, Arne Bauge, Johannes M. Hope og Konrad Haugsvær. For innveging av mjølka vart det innreidd eit rom i eit naust like ved Hope dampbåtkai. Drifta tok til 10. april 1921. 

Kvinge meieri, Nordkvingo, hadde sitt fyrste skipingsmøte 20.okt. 1920, og her var det 13 lagslemer. Fyrste styret her vart: Lars Johannesson Kvinge, formann. Lars Nilsson Kvinge, Olai M. Kvingedal. Her vart det bygdt innvegestasjon med 
kjølekummer for mjølki, knappa 100 m frå Nordkvinge dampbåtkai, og drifta tok til 17. april 1921. 

Båe desse innvegestasjonane vart straks tilslutta Hordaland Meieri i Kong Oskarsgt. i Bergen, der dei fekk levert mjølki. Om sumaren ymse år kunne det verta stans i denne leveringa, og særleg då for Nordkvingo sitt vedkomande som trong senda buskapen til fjells. Ein freista nok å halda meieridrifta i gang på denne årstida, men dette å gå opptil 714 m.o.h. for å mjølka kyrne 2 gonger på dagen, synte seg å vera altfor umenneskeleg. 

Dette å få kjøla mjølka ned om sumaren, synte seg å by på store vanskar, særleg i den fyrste tida. Hope meieri hadde nok sine problem å stridast med. I stabile vintrar når vatn og tjørnar fraus til, vart det skore is i blokker som vart lagra på ymse vis, til bruk i sumarhalvåret. Her galdt det å finna isolasjonsmaterialer som desse isblokkene kunne lagrast i. Turr torvmold, sagerabb og spon vart nytta til dette føremålet. 

For Kvinge meieri sitt vedkomande vart det skore is på Heimste Tjødna, ei tjørn som ligg pålag 1,5 km frå der meieriet stod. 
Dette var fyrste vinteren. Isen vart førebels lagra i ei dertil laga jordhola der nord, og vart så transportert med hest og kjerra, for det meste gjennom utmark, fram til meieriet, etter kvart som det vart nytta om sumaren. Det synte seg snart at dette var ei sårbar ordning. På varme sumardagar og med kjerreskaking på den ulendte markavegen, var der ikkje mykje is att i kjerra når ein nådde fram til meieriet. 

Året etter vart det laga til ei liknande jordhola inni eit bakkebrot like ved meieriet, men også dette arrangementet gav liten nytteeffekt. Fyrst tredje året vart det bygdt ishus vegg i vegg med meieriet. Dette huset vart grundig isolert, og dei tilskorne isblokkene som vart lagd inn, blokk på blokk i ein einaste stabbe, vart isolert med eit lag rabb og spon på minst 1/2 m tjukne rundt veggar og tak. 

Dette å taka framatt desse isblokkene, spyla dei reine, og få dei i kjølekummane, var eit så tungt arbeid at meierska ikkje kunne gjera det. Ikkje fekk ho tid til det heller. Istakinga gjekk derfor på omgang mellom leverandørane på sjølve Nordkvingegarden, (altso ikkje dei på Kvingedalen). 

Omgangen var på ei veke. Same ordninga hadde ein med transporten av mjølki frå meieriet til dampbåtkaien, kvar gong rutebåten var der. Dette var tre gonger i veka, tirsdag, torsdag og sundag. Ved seinare ruteendringar vart mjølka send kvar morgon med ruteskøyta over fjorden til Myking, for vidare transport derfrå med lastebil til byen. Hordaland meieri held 50 l. spann til denne transporten, I desse spanna vart mjølka silt og sett til avkjøling. Dei fyrste spanna var firkanta stålspann, som vog 15 kg. Fulle i mjølk vart spanna 65 kg. Ei flatkarma handkjerre som tok 6 spann, vart nytta til transporten ned til kaien. Dette var ikkje noko arbeid for sveklingar. Noko seinare vart desse spanna runde, og dei var lettare å handtera. 

Om sumaren var noko av desse returspanna frå byen fyllte med skummamjølk og saup, som leverandøren kunne få for 2 øre literen, altså kr 1,- pr. spann. Denne mjølki vart nytta til grisefor. Den var ypperleg til det bruk. 

Meieriet var ope for innveging både morgon og kveld. Dei åra meieriet held ope, også om sumaren, kom ferierande byfolk innom og kjøpte den mjølka dei trong i hushaldet, for ein rimeleg pris. Her kunne dei få nysilt, varm, eller avkjølt, stupkald mjølk, alt etter ynskje. 

Dette meieriet synde seg også å vera eit sosialt gode i grendi. Her kunne trøytte naboar møtast til ein hyggeprat. Ja, til og med ungdomane frå både Sørkvingo og Nordkvingo, råkast ofte her om sundagskveldane. 

Grunna ymse tilhøve vart drifta ved meieriet her nedlagt, år om anna. Såleis var der innstilling i drifta dei fyrste krigsåra. Etter krigen byrja også mjølkeprodusentane på Sørkvingo å nytta seg av meieriet her, og nokre år seinare, også Hope og Elvik, etter som deira meieri hadde lagt ned drifta 20. august 1936. I desse åra vart mjølka innkøyrd til meieriet med bil, både frå Sørkvingo og Hope. Der kom oppgjer frå Hordaland Meieri 1 gong kvar månad. Til driftsutgifter vart det trekt eit såkalla driftsøre, før leverandørane fekk utbetalt sitt. Dei som ikkje var luteigarar i meieriet, slike som Sørkvingo og Hope, vart trekt for eit høgare driftsøre. 

Dei fyrste rekneskapsførarane var Lars N. Kvinge og Anton Andvik. Fyrste meierska var Magdalena Kvinge, og den siste var Inga Margit Kvinge. Så var det eit stort tal meiersker mellom desse to. 

Drifta ved meieriet her vart nedlagt 31. mars 1967, då ein byrja levera mjølka til det nyoppretta Duesund Meieri. Kvinge meieri er no rive og fjerna frå grunnen. Eldre folk kan no stå her med folda hender og dvæla ved slokna dagar og framfarne år. 
 
---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal