Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
5. årgang

 

   
 

 
Sandnes kyrkje 150 år - glimt frå jubileumsfeiringa
Forfatter: Alf Strand

Kyrkja ho er eit gamalt hus, skreiv Grundtvig, og Sandnes kyrkje er ei av dei aller eldste på desse kantar. Faktisk er det i heile Nordhordland berre to kyrkjer som er eldre. Begge ligg på Osterøy. 

Åra frå 1850 og utover mot slutten av hundreåret var ei stor tid for kyrkjebygging her på Vestlandet. Svært mange av dei kyrkjene me kjenner, er bygde nettopp i desse åra. Me kan nemna Lindås, Eivindvik, Alversund og vår eiga Solheim. 

Då masfjordingane i 1943 gjorde vedtak om å byggja ny kyrkje på Sandnes, var dei altså litt føre si tid. Hovudgrunnen til at dei valde å byggja ny kyrkje, var at den gamle var i så dårleg stand at det var rådlaust å vøla ho. Dessutan hadde ho alt i lang tid vore for lita for den store kyrkjelyden. Sandnes sokn omfatta den gongen det meste av det som i dag er Masfjorden kommune, og kyrkja på Sandnes var den einaste i Masfjorden. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at det måtte verta trangt om plassen i ei kyrkje som ikkje var meir enn halvparten så stor som den som står her i dag. 

Det var full semje om at det måtte byggjast ny kyrkje på Sandnes, men det var usemje om kyrkje skulle byggjast i tre eller stein. Og det viste seg vanskeleg å skaffa dei midlane som trongst for å få kyrkja bygd. Folk syntest det vart for dyrt. Kvar bonde måtte både betala ein pengesum, levera materialar og vera med på pliktarbeid. Det tok difor eit par år frå endeleg vedtak vart gjort og til kyrkja sto ferdig, men den 12. oktober 1845 vart den nye kyrkja vigsla. 

Jubileumsfeiring i fleire dagar 

Det har vore fleire jubileum i 1995. Me har høgtida 50-årsminnet for freden i 1945, og me har feira at kristendomen i Noreg er 1000 år. 150 år er ein høg alder, sjølv for ei kyrkje, og Sandnes sokneråd ville gjerne markera jubileet. Det var naturleg å leggja jubileumsfeiringa så nær opp til vigslingsdatoen for kyrkja som råd var. 

Helga 14. og 15. oktober vart 150-årsjubileet høgtida. Soknerådet hadde lagt opp eit omfattande program for feiringa. Eit av måla var å visa at kyrkja ikkje berre er eit gamalt hus, men at det og skjer mykje i og rundt kyrkja den dag i dag. Sandnes kyrkje er i bruk til dei vanlege gudstenestene gjennom året. Men kyrkja er og brukt som konsertlokale både av lokale musikkrefter og av tilreisande musikarar. Kyrkjelydssalen er jamnleg i bruk til møte og samlingar. Og mykje av det barne- og ungdomsarbeidet som vert drive, har sitt utspring i kyrkja. Det var difor heilt naturleg at det var dei aller yngste kyrkjegjengarane som fekk æra av å starta jubileumsfeiringa. Både på Andvik, Sandnes og Kvingo er det barneforeningar der borna samlast eit par gonger i månaden til song, andakt og aktivitet av ymse slag. Onsdagen før sjølve jubileet slo desse tre barneforeningane seg saman til stor bursdagsfeiring i kyrkja. Der sto song på programmet og dessutan vanka det både brus og sjokoladekake, slik det skal vera i eit skikkeleg bursdagsbesøk. 

Jubileumskonserten 

Laurdagen starta den offisielle feiringa med konsert i kyrkja. Ei nesten fullsett kyrkje fekk oppleva ein fin konsert der lovsongen stod i høgsetet. Her var folk i alle aldrar. Kari Sørheim leia programmet. 
Ho minna om at konserten vart halden både for å feira at kyrkja er 150 år, men og for å lovsyngja Gud. Ho starta med å lesa Davids 150. salme : 

Halleluja, 
lovsyng Gud 
i hans heilagdom, 
lovsyng han 
i hans himmelborg! 
Lov han for hans mektige verk, 
lov han for hans store velde. 

Konserten viste litt av breidda i musikklivet i Masfjorden. Ord og tonar frå andre land og frå vårt eige, tonar frå ulike tider og på ulike instrument. Songarar og musikarar i alle aldrar. Det vart ein konsert akkurat slik David skriv vidare i same salmen : 

Lov han med gjallande bord, 
lov han med harpe og lyre. 
Lov han med pauke og dans, 
lov han med strengespel og fløyte. 

Etter at Fjon Musikklag hadde opna konserten -med gjallande horn, framførte nokre av borna i dei to barneforeningane nokre av songane dei har lært. Dei var ikkje mange (det er ikkje alle som held ut til klokka er ni om kvelden) og dei song ikkje sterkt. Men dei gav sitt bidrag til ein fin konsert og dei viste at kyrkja er til også for dei. Og dei kjem nok sterkare att i andre samanhengar. Deretter tok dei vaksne songarane over. Songkoret Spleis hadde tre songar på sitt program denne kvelden, og dei gamle songane fylte kyrkja med høgtid. Koret gav tonen vidare til Anna Kuprianova og Boris Kuprianov på piano og trombone og dei framførte musikkstykker av Grieg og Bach for oss. Det var ein spesielt invitert gjest som deltok på konserten denne kvelden. Det var Silje Walde frå Meland. 
Hennar spesialitet er gamle folketonar. Og kva kunne vel høva betre når konsertlokalet var ei 150 år gamal kyrkje ? Dei gamle folketonane gav oss kjensla av å vera i eit hus der slektledd på slektledd føre oss har samlast for å høyra Guds ord og syngja lovsongar til hans pris. 

Lov han med tonande cymbalar, 
lov han med klingande cymbalar! 
Alt som har ande skal lova Herren. 
Halleluja! 

Slik avsluttar David salmen sin. Og med klingande cymbalar avslutta Fjon Musikklag sin del av konserten før Silje Walde akkonpangert av Anna og Boris til slutt framførte songen - Sangfugl av Jan Eggum. 

Konserten varte i vel ein time, og tilhøyrarane kunne gå ut i haustkvelden ei stor oppleving rikare. 
Med lovsong og gamle og nye folketonar hadde soknerådet og musikklivet i samarbeid sytt for ein verdig start på det store jubileet. 

Festgudstenesta 

Sundagen starta med festgudsteneste kl. 11. Og no var kyrkja heilt fullsett. Her var både bygdefolk og utflytte masfjordingar som hadde teke turen heim for å få med seg dette jubileet. Mange av dei som er døypte og konfirmerte her i kyrkja, og som no er busette andre stader. Men når det gjeld kyrkjer, har barndomskyrkja ofte ein spesiell plass i tankane til dei som er flytta ut. Me er ikkje alltid så flinke til å vera med på tilstellingar i andre delar av kommunen, men ved denne store hendinga var det deltakarar frå alle sokna. Og her var tilreisande frå andre bygder. Det vart ei høgtideleg gudsteneste. Og sjeldan opplever me slik salmesong i kyrkja. 

I prosesjonen oppover kyrkjegolvet kom fire prestar: Biskop Ole D. Hagesæther, prost Kåre Mestad, tidlegare sokneprest i Masfjorden Olaf Sigurd Gundersen og sokneprest Knut Fr. Sørheim. 

Alle fire deltok i gudstenesta. Sokneprest Knut Fr. Sørheim ynskte velkomen og fortalde litt frå soga til kyrkja. Gundersen las ein av Bibeltekstane for dagen og prost Mestad gjorde teneste for alteret. 

Biskopen heldt preika. Dette var fyrste gongen den nye biskopen i Bjørgvin vitja kyrkjelydane i Masfjorden. 

Også ved dette høvet hadde soknerådet fått hjelp av lokale musikkrefter. Frå galleriet spelte musikantar frå Sandnes skulemusikk til fleire av salmane. Biskopen gav uttrykk for at han var svært begeistra for all den fine musikken i kyrkja under gudstenesta. 

Ei ungdomsgruppe frå Det norske misjonsselskap tok også del i gudstenesta med song og drama. I sommar hadde dei vore på tur til Brasil og studert misjonsselskapet sitt arbeid der. Denne helga var dei samla hjå ei av deltakarane på Sandnes og fekk såleis høve til å vera med på denne jubileumsgudstenesta. 

Festmiddag på grendahuset 

Omlag 120 menneske var til stades på middagen og festprogrammet i Fjon Grendahus etter gudstenesta. Mellom dei spesielt innbedne gjestane var biskopen, prosten og Gundersen. Også andre som no er i, eller tidlegare har vore i kyrkjeleg teneste i soknet, var inviterte til samkoma som vart leia av Eldbjørg Mjanger. 

Masfjorden kommune var representert ved varaordførar Helge Haukeland. I høve jubileet hadde kommunen fått overrekt eit ordførarkjede frå ein utflytt masfjording, Agnar Areklett i Karasjok. Ved jubileumsgudstenesta og festsamkoma var dette i bruk for fyrste gong. 

På festen vart det fyrst gjeve eit attersyn over soga til Sandnes kyrkje. Sandnes er ein svært gamal kyrkjestad. Den fyrste kyrkja som sto der, var bygd i mellomalderen ein gong. Me veit ikkje sikkert om den kyrkja som vart riven i 1844 var den fyrste, eller om der har stått ei tidlegare. Men me veit i alle fall at til denne kyrkjestaden har masfjordingane søkt i hundrevis av år før den nye kyrkja stod ferdig i 1845. Meir om soga til Sandnes kyrkje kan ein finna i heftet som vart laga til dette jubileet, og som er til sals hjå Sandnes Sokneråd. 

Helsingar til jubilanten 

Dei fire prestane som var til stades, hadde korte helsingtalar til dei frammøtte. Dei var alle inne på at sjølv om dette er eit jubileum der me feirar at ei kyrkje har nått ein høg alder, er det viktigaste at kyrkja framleis er levande og spelar ei rolle for folk den dag i dag. 

- Det var sagt i det historiske attersynet at det hende folk sovna under preika i gamle dagar, sa biskop Hagesæther. Eg har sjølv sove i kyrkja, la han til. Men eg meiner det er betre å sova i kyrkja, enn å sova utanfor kyrkja! 

Gjennom generasjonane har menneske i glede og sorg søkt kyrkja. Slik er det framleis. Kyrkja er ein møtestad der kvar og ein av oss kan møta Gud. 

Biskopen gav elles uttrykk for at han var imponert over dåpsopplæringsplanen som kyrkjelydane i Masfjorden har fått i stand og meinte at dette er ein plan som kan tena som føredøme for andre kyrkjelydar. 

- Det er sagt at brotsmannen ofte vender attende til gjerningsstaden, sa Olaf Sigurs Gundersen i si helsing. I så måte er eg no vend attende til gjerningsstaden, sa han vidare. Det var nemleg i Sandnes kyrkje han starta si prestegjerning for vel 20 år sidan. Men han meinte at kyrkja var gjerningsstaden også i ei anna meining, det er nemleg der Gud startar si gjerning med oss i dåpen. Kyrkja er difor ein stad me stadig må venda tilbake til. 

Eivind Molland bar fram helsing på vegne av sokneråda i Frøyset og Solheim. Det er ikkje godt å vita kva ein skal finna på å kjøpa til ei jubilant som er såpass opp i åra, sa han mellom anna. Gåva han hadde med seg til Sandnes kyrkja, var to lysestakar som vil verta brukte i kyrkjelydssalen. 

Ein kyrkjedag i gamle dagar 

Eit av dei viktigaste satsingsområda i kyrkja i dag, er ungdomsarbeidet. Ragnhild Hodne Mjanger tok ordet på vegne av dei unge og sa det slik : Me som er unge i Sandnes sokn i dag, er med i kyrkja og i kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid. Søndagsskulane møtest i kyrkja for å markera sundagsskulens dag. Me er med i barneforeningar, og seinare i tenklubben. Ungdomar frå tenklubben hadde laga til eit tablå som viste korleis ein preikesundag arta seg for hundre år sidan. Skulen hadde vore med på å få dette i stand, både med skriving og øving. Ungdomane lukkast i å gjera ein preikesundag i gamle dagar levande for oss. Gamle klede var tekne i bruk og ymse gamalt utstyr var henta fram att. Me fekk vera med i båten på veg til kyrkja og fekk med litt av kva samtalen der kunne dreia seg om. Me var til stades på ei gudsteneste, der salmesongen og preika var på eit så stivt dansk at det måtte vera meir enn vanskeleg å få med seg innhaldet for almuen, og me fekk eit lite innblikk i kva som gjekk føre seg på kyrkjebakken etter gudstenesta. Der møttest slekt og vener, der kunne dei unge snakkast, der vart det gjort handel og frett nytt. 

Også dei eldre i kyrkjelyden, representert ved Leif S. Kvinge, hadde ei helsing til møtelyden. 
- Kvar av oss eldre ber med oss vår eiga kyrkjehistorie. Mange av våre vakraste minne er knytta til kyrkja. Der har milepelane i våre liv blitt helga og høgtida, sa han mellom anna, og la til at det kyrkjelege arbeidet alltid har hatt stor plass i bygdene våre. 

I si helsing kom varaordførar Helge Haukeland inn på det forholdet han hadde til Sandnes kyrkje som si barndoms kyrkje, den kyrkja han både var døypt og konfirmert i. Han mintest at han hadde fått vore med bestefaren den tid han var tilsynsmann for kyrkja. Det nære tilhøvet han hadde til kyrkja i gutedagen, gjorde at han framleis rekna Sandneskyrkja som si kyrkje, sjølv om Duesund no høyrer til Frøyset sokn. Haukeland var lei for at kommunen ikkje hadde løyvd så mykje pengar som ønskjeleg til vedlikehald av kyrkjene dei seinare åra. Han meinte det ikkje var viljen det skorta på. Men nett no gjev ikkje økonomien rom for store løyvingar verken til kyrkja eller andre føremål. 

Song og musikk har ein naturleg plass på ein slik fest. Det vart sunge mykje under bordseta. 
Dessutan spela Maria Kuprijanova piano til oss, og Lisbet Morken song eit par salmar til gamle folketonar. Og båe aktørane fekk velfortent applaus. 

Alt i alt vart det ei verdig markering av 150-årsjubileet. Soknerådet trong mange gode hjelparar for å få eit så stort arrangement vel i hamn og møtte velvilje hjå dei som vart spurde. Slik vart dette ein festdag for heile bygda, ein dag å sjå tilbake på med glede for både unge og eldre. 
 
---------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal