Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
5. årgang

 

   
 

 
Mine skuleår på Eikemofossen
Forfatter: Ingeborg Reknes

Eg vaks opp på Eikemofossen, me vart 7 søsken etterkvart, eg var den eldste. Skulehus hadde me ikkje, det kom fleire år etter at eg slutta skulen. Skulestova det var den største stova heime på Hågen. Der var eit kammers til, der budde læraren. Eg lika ikkje at læraren budde i huset, hugsa eg. Eg fann ut at han såg alt me gjorde, og det gjorde han nok og. 

Me var rett og slett redde for at me fekk karakterar etter det me tok oss til utanom skuletida, trudde me då. Eg tok til på skulen hausten 1937, eg var åleine førsteklassing og alle frå 1.-7. klasse gjekk same dagen. Samla skule vart det kalla. Me hadde 2 veker skule og 2 veker fri, så reiste læraren til ei anna bygd og skula 2 veker, og så tilbake igjen. Slik var det til dei par siste åra trur eg, då gjekk me annankvar veke. 

Dei andre elevane kom frå Fossdal, Stallane, Eikemo og Skruhola. Til Fossdal og Eikemo var det ca.1/2 time å gå, til Stallane over 1 time, iallefall opp. 

Tenk den vegen dei gjekk kvar dag i 2 veker om gongen. Eg trur ikkje nokon klagde, me var vant til å gå. Men eg hugsa mange gonger at dei var gjennomvåte når dei kom. Klærbytte hadde alle med seg, spesielt sokkar det var viktigare enn og gløyma bøkene. Så vart klærne hengt til ovnen, med skoene under ovnen, det vart vel tørt det meste til dagen var slutt. Av og til har eg spurt meg sjølv om ikkje foreldra vart redde mange gonger. Elvane var kjempestore både titt og ofte, og i krigsåra hugsa eg at det var utruleg mykje snø og kulde. Ingen hadde telefon, næraste telefon var Solheim eller Bergsvik. 

Skuledagen starta med -God morgon til læraren, og salmar som -Lova Herren, -Sjå dagen sprett eller -Syng i stille morgonstunder, var nesten obligatorisk. Men me lærde mange og lange salmevers som me laut pugga rett, dei fleste kan eg i dag og. Ein dag i veka var det songtime or skulesangboka, det var det kjekkaste eg visste. Bibelsoge, forklaring og kyrkjesoge var alltid lagt til første time, kvar laurdag var det lesing frå Bibelen. Kyrkjesoge lika eg ikkje, den var tung og vanskeleg, tykte eg. 

Det var ein del timar eg ikkje lika, tegning var nesten det verste. Eg lærde aldri å tegna, og kan det fortsatt ikkje. Og så var det gramatikken, me hadde mange lærarar dei 7 åra eg gjekk på skulen, men ein var den verste. Eg fann ut at han ville straffa oss av og til, då bytta han ut timar som iallefall eg lika, og tok heller ein time i gramatikk, kjemi eller tegning, då var dagen øydelagd for meg. Eg veit eg spurde om eg ikkje heller kunne få skriva sjønnskrift, då fekk eg til svar at handskrifta mi var bra, og då visste eg at dei andre tre faga låg ikkje så godt an. Me krangla ikkje med læraren den gongen, sjølv om me kanskje hadde lyst. 

Stil var kjekt, då kunne eg få dikta det eg ville. Alt som hadde med skriving lika eg godt. Me hadde noko som heitte diktat og attforteljing, det var fine timar. Annankvar veke hadde me stil og heimerekning. Heimerekninga skulle skrivast fint inn med to strek under kvart svar. Det var jammen lett å få ein blekk-klatt på andre streken. Ja, det blekkhuset ramla meir enn ein gong i golvet, men litt avveksling vart det no når me måtte vaska opp etterpå. 

Kva me gjorde i friminuttane, spør du ? Ja, det skal eg fortelja. Var veret så nokonlunde bra så laut me ut. Leikeplassen var ein bakke rett utanfor huset. Me leika -tikken og gøymespel rundt huset, mange gonger var det dike på nedsida. Me gøymde oss i kjellaren, skykja og til og med i løa, men i fjøsen var det strengt forbudt. Om vinteren med mykje snø då laga me 2 store festningar av svære snøballar, og så leika me snøballkrig. Det var ikkje forbudt og moro var det. Me fann iallfall på noko, og kjeda oss gjorde me ikkje. Me måtte arbeida både i fjøsen og inne. Eg var den eldste og måtte passe småsøskena mine og. 

Sommaren var fin, skulen var gløymd og skulestova vart til vanleg stove igjen. Var det slik skal tru at sola skein meir og at det rigna mindre i mine barneår. Når mor og far kvilte middag, gjekk me ned til elva i Fosshølen og bada, der var så fint der. Etter 1 time eller 1 1/2 time kanske, då ropa det heimefrå huset at me måtte koma og snu høy, då var morroa slutt. Men om kvelden gjekk me mange gonger ned igjen og saman med nabobarn. Idag har vegvesenet ødelagt heile idyllen, hølen er full av stein. Elva den har eg alltid likt godt, men den kunne bli kjempestor og farleg mange gonger. Når eg hadde lagt meg om kvelden, og høyrde susen av elva, det var god sovemedisin. Elva kalla me Eikemoelva. Den heitte det, me sa alltid at den kom frå Kalhovde. 

No heldt eg nesten på å gløyma utedoen. Toaletter var framandord for oss, dette vesle rommet som var i enden av skykja heime hos oss. Det var lite, og berre plass til ein om gongen, det var krok både på utsida og innsida av døra, men av og til forsvant krokane. 
Læraren nekta ingen å gå på do, difor var det nok mang ei hand som vart rekt opp med spørsmål om å få gå ut litt, som me sa. Me kunne nok ha venta mange gonger til timen var slutt, men det var no godt å få vera heilt åleine av og til. Me fekk aldri gå ut to på ein gong. 

Ein vinter var skulen på Eikemo og det var svære greier. Utedoen var eit bra stort rom som var lagerplass for mange ting. Det var ein 2-setar eller kanskje var det ein 3-setar. Alt papir og gamle aviser og blader som byfolka kom heim med om sommaren, vart lagra der. Papir hadde me alltid bruk for der inne, dette var før dorullane si tid. Eg har sete mange gonger der og lese -Gula Tidend, -For fattig og rik og gamle julekort. 

Eit og anna lettlest kjærlighetsbrev fann me og. Me prøvde om me fekk gå ut to og to om gongen, der var så god plass, tykte me. Men der gjekk grensa frå læraren si side. 

Den vinteren me gjekk til Eikemo, då leika me noko som me kalla -å slå ball. Eit lag sto med altanen, det andre laget med jordkjellaren, der var så god plass å springa der. Eg trur det var det me heldt på med det meste av vinteren. Men me gjekk og ein god del på ski utetter bakkane, så det var sikkert ei form for langrenn, utan at me brukte eit slikt fint ord. 
Fotball, handball og slike avanserte ting var ikkje oppfunne for oss på den tid. 

Dette var litt frå mine skuleår som var 7 år. Eg fekk med meg eit år på Folkehøgskule seinare. 

Om barn og unge idag les dette så trur dei vel det er dikt og fantasi. Men dette var mi og vår verkelegheit i desse åra. Og eg ser tilbake på ein trygg og god barndom, sjølv om det var lite pengar og andre materielle goder. 
 
---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 5 1995 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal