Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
6. årgang

 

   
 

 
Arbeidet for nynorsk salmebok og nynorsk liturgi i Masfjorden
Forfatter: Alf Strand

Etter kvart som nynorsk vart teke i bruk som målform på mange område i samfunnet i slutten av førre hundreåret, kom det også spørsmål om å nytta nynorsk i gudstenesta. 

Ein av dei ivrigaste førekjemparane for dette var ein masfjording. Rasmus Olson Haugsøen, f. 1867. Då han var prest i Solund rundt 1905, tok han til å bruka Blix-salmane og å preika på nynorsk. Han var nok litt føre si tid og fekk mange imot seg. Det gjekk så langt at somme nekta å gå til kyrkje så lenge Haugsøen var prest. 

Nynorsk som kyrkjespråk 

Rasmus Haugsøen vart aldri prest i heimbygda Masfjorden, elles hadde han nok fått merka motstanden mot målskiftet her og. 

I mange bygder stod det stor strid om ein skulle gå over til nynorsk liturgi og nynorsk salmebok. Ungdomar som hadde vore ute og gått på skule, anten det no var lærarskule eller folkehøgskule, ivra for at nynorsken måtte takast i bruk i skule og kyrkje i heimbygda. Mot desse stod dei meir konservative som ikkje ville at «kvardagsspråket» skulle brukast i kyrkja. Også her i Masfjorden var det stor usemje i dette spørsmålet. 

Lenge etter at nynorsk var blitt opplæringsmål i skulane, var kyrkjemålet og salmane framleis på bokmål. Dei fyrste salmane på nynorsk er dei såkalla Blix-salmane, salmar som Elis Blix anten hadde skrive sjølv eller omsett. Eit hefte med desse salmane vart godkjent til kyrkjebruk i 1892 og teke inn som eit tillegg til Landstads salmebok. 

Ei nynorsk alterbok vart godkjend rundt 1920 og på same tid fekk ein ei nynorskomsetjing av heile Bibelen. Nynorsk Salmebok vart godkjend til kyrkjebruk i 1925. 

Avgjerd på soknemøte 

Etter lova vart det no opp til kyrkjelyden å avgjera kva målform alterboka skulle ha, og kva salmebok ein ville nytta. Det kom straks framlegg til å gå over til nynorsk liturgi og Nynorsk Salmebok i kyrkjene i Masfjorden. I fyrste omgang møtte soknerådet på motstand hjå soknepresten (Sigurd Berg) og gav seg, men det varte ikkje lenge før spørsmålet kom opp på nytt. 

Det set ut til at det har vore enklast å få til eit skifte i Solheim sokn. Der vart nynorsk liturgi teke i bruk frå 1926 og Nynorsk Salmebok eit par år seinare. Men då hadde det vore to jamne folkerøystingar med eit par års mellomrom, noko som syner at det nok ikkje var så lett å få til eit skifte likevel. 

I Sandnes sokn gjekk det greitt å få innført nynorsk liturgi. Det skjedde i 1925 med stort fleirtal på soknemøte. Vanskelegare vart det med salmeboka. Fyrst i 1942 vart det røysting om dette spørsmålet i Sandnes og Frøyset. Men då var til gjengjeld all motstand mot å gå over til Nynorsk Salmebok borte.
 
---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 6 1996 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal