Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
6. årgang

 

   
 

 
«Dalens sønner i Skjul ei krøb» 
Forfatter: Eivind Kvinge

Ja, soleis heiter det i Sinklarvisa me fekk læra, alt då me gjekk i barneskulen. Det var bønder frå Vågå, Lesja og Lom som viste tenner til den svenskleigde skottehæren 26. august 1612. Me kjenner til utfallet. Berre «atten levande sjeler kom heim» til Skottland. 
 

Det nærmar seg 400 år sidan denne hendinga, men ogso i seinare tider har me havt slike «Dalens sønner», soleis i siste verdskrigen, og ein av dei som skal nemnast, er oberst John Reidar Kvinge, og her er hans vita. 


Oberst John Reidar Kvinge

John Reidar Kvinge er fødd i Bergen 7. februar 1912. I 1923 flytte huslyden til slektsgarden Bakken på Sørkvingo i Masfjorden. Her dreiv faren møllebruk og sagbruk, som han tok over etter sin far. 

John Reidar kom tidleg med i det tungarbeidet som fyl med slik verksemd. I åra 1928-32 gjekk han Voss Landsgymnas og var russ i 1932. Like etter byrja han på Hærens flygeskule på Kjeller og vart utdanna flygar i 1933. Så gjekk han på politiskulen i Oslo i 1936 og byrja vidare som politikonstabel i Bergen i juli 1937. Dette yrket hadde han då krigen braut ut 9. april 1940. Hans tilknytning til militæret på denne tida var då som vernepliktig løytnant. 

Som utøvande politi tok det etter kvart til å verta varmt under føtene på han, og utvegen då var å koma med i Kristian Stein-organisasjonen. I august 1941 drog han med M/B «Soløy» frå Værlandet med kurs for den frie verda, saman med m.a. seinare stortingspresident Per Hysing-Dahl. 
 

Det var i alt 27 personar ombord i den 27 fots, halvopne båten. Truleg var denne den tyngst lasta av alle dei nordsjøfarande båtar i desse dagar. Ved overfarten vart båten naglesprengd og sokk seinare ved kai i Lerwick, men då var karane framkomne. 

I England vart John Reidar Kvinge etter kvart ordra til ymse oppdrag. Han kom med i Kompani Linge som Martin Linge sin nestkommanderande, og med ansvaret for London-kontoret. Det var dette kontoret som valde ut personell til dei spesielle oppdraga, både i kompani Linge og Shetlandsgjengen. 

Som kjent fall Martin Linge i Måløy 27. desember 1941. Då tok major Eivind Hjelle først over som sjef. Men frå mai 1942 til hausten 1943 var det kaptein John Reidar Kvinge som var sjef for Kompani Linge. 

Hausten 1943 vart han ordra til Sverige for å vera med på ei oppbygging av dei norske polititroppane der. Då dei første norske styrkane rykte inn i Finnmark i januar 1945, var kaptein Kvinge med som sjef for 2. rikspolitikompani. 

John Reidar Kvinge si militære karriere etter krigen er uvanleg mangfaldig, noko som fylgjande stikkord viser : Han var i Finnmark til august 1945. Deretter vart det eit år på Krigsskulen i Oslo. Så nestkommanderande i infanteribataljonen i Tysklandsbrigaden. Seinare var han instruktør på Hærens stabskule, og vidare sjef for infanteriets øvingsavdeling nr. 2. Eit år var han elev ved Senior Officer School i England. Deretter tenestegjorde han som bataljonsjef og seinare brigadesjef ved brigaden i Sør-Norge. FN-teneste og stabsoffiser i Gaza ved krigen i 1956. 

Deretter elev ved Forsvarets høgskule og så KR-sjef i Rogaland. Fungerande regimentsjef for IR 2/IR 4 i Oslo. Sidan vart han fungerande regimentsjef for IR 10 på Bergenhus, og han var den som flytta regimentstaben frå Bergenhus til Voss. 

Til slutt kom han til Hordaland Infanteriregiment / Hordaland Forsvarsdistrikt nr. 9 på Bergenhus. Der var han sjef i 8 år til han gjekk av for aldersgrensa i 1977. 

I John Reidar Kvinge si sjefstid fekk regimentet ny fane som vart overlevert av H.M. Kong Olav ved ei stor oppstilling på Ulven i 1976. I periodar var Kvinge ogso fungerande sjef for Distriktskommando Vestlandet, og då hende det at han måtte ta imot sjølvaste Kongen. 

Oberst John Reidar Kvinge gjekk gjennom dei militære grader som fylgjer : sersjant i 1933, fenrik i 1934, kaptein i 1947, major i 1953, oberstløytnant i 1955 og oberst i 1960. Han er dekorert med m.a. Deltakarmedaljen, Haakon VII´s 70-årsmedalje. 

Han var kjend som ein offiser med solide militære kunnskapar, og han hadde eit vinnande vesen som gjorde han til ein mykje akta og avhalden person. 

Om oberst John Reidar Kvinge kan ein elles leggja til : Han bar vidare arven frå bøndene frå Vågå, Lesja og Lom, hin augustdagen i 1612.

----------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 6 1996 - Masfjorden Sogelag. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal