Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
6. årgang

 

   
 

 
FØREORD
Forfattar: Alf Strand
 
Så er "Fjon frå fjell til fjord" i handelen att med eit nytt nummer. Det er sjette året dette heftet med gamalt og nytt frå Masfjorden kjem ut til jul. I heftet som kom ut i desember i fjor, sa Jonas Riisnes frå om at han ville gje seg som ansvarleg utgjevar. Underteikna tok difor på seg å vera redaktør. Eg har tru på at det er bruk for eit lokalhistorisk hefte i Masfjorden. 

Både i vår nære og meir fjerne fortid er det hendingar og personar som lesarane kan ha glede av å verta nærare kjende med. Mykje lever på folkemunne utan å vera nedskrive, og dei som veit noko om det, vert eldre for kvart år. 

M.a. på grunn av redaktørskiftet kom redaksjonen noko seint i gang med arbeidet sitt. Likevel synest me at heftet har litt av kvart å by på. Også denne gongen har me med litt frå krigens dagar. Og i åra framover håper me å få sett på papiret noko av det som enno ikkje er skrive frå dei åra. 

Elles handlar det mykje om veg denne gongen. Om den fyrste vegbygginga i Masfjorden, om då vegen kom til Haugsdalen og om då Haugsdalsvegen vart nedlagd som riksveg. 

Me har mange jubilantar mellom oss. Sandnes kyrkja var 150 år i fjor, og i år har Matre Havbruksstasjon feira 25 års-jubileum, og Nordbygda samfunnshus er 10 år. Alt dette kan du finna stoff om i heftet. 

Redaksjonen vil alt no vera på bana og fortelja om kva me vil ha med i neste hefte, slik at dei som har stoff av interesse, kan ta til å tenkja på kva dei kan bidra med, fyrst som sist. Eit av emna me har tenkt å ta føre oss i neste nummer, er idrett og musikk, skulekorps og idrettslaga fyrst og fremst. Der skulle vel vera bra med stoff å ausa av. 

Drifta av dette heftet har gått i balanse frå år til år. Heretter vil det bli lettare å driva lokalhistorisk arbeid i Masfjorden, økonomisk sett. I haust fekk me ei stor og raus gåve frå ho som var med og starta dette sogeheftet i 1991, Ragnhild Jung. 100000 kroner har ho gjeve til det lokalhistoriske arbeidet i Masfjorden. Ein stor inspirasjon for oss som er med i dette arbeidet. Det er vanskeleg å finna dei rette orda når du mottek ei slik overveldande gåve. 

Me er Ragnhild Jung stor og audmjuk takk skuldig! 

Sandnes, november 1996 
Alf Strand
 
---------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 6 1996 -  Masfjorden Sogelag 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal