Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
6. årgang

 

   
 

 
Skipet som heng i taket i Sandnes kyrkje
Forfatter: Alf Strand

Dette er skrive til «Masfjordingen» av Olav Midtbø i 1986 då han var 80 år gammal og er omarbeidd litt til denne utgåva av Alf Strand. 

Skipet som heng i Sandnes kyrkje er laga av Tore Åmundson Stegalvik. Han var fødd i Stegalvik i 1723 og døydde i Bergsvik i 1798. Tore Åmundson var gift to gonger, fyrste gong i 1756 med jenta Brita Olsdtr. Bergsvik. I Bergsvik hadde han vore i teneste eit år hjå broren som då var bonde der. Med fyrste kona arva han halve garden Bergsvik, og då ho døydde i 1784, gifte han seg att året etter med jenta Dordi Hansdtr. Åmundsbotn. Tore hadde ikkje born. 

Tradisjonen i bygda seier det var Tore som laga skipet. Og så seint som sist sommar (1985) ringde eg til Tor Bergsvik og spurde han om dette. Han kunne då fortelja at slekta der i Bergsvik visste å fortelja nett det same. Me torer såleis trygt gå ut frå at det er rett: Skipet er laga av Tore Åmundson. Slekta til Tore kom frå Sogn, og kanskje var han og fødd der. 
Tradisjonen fortel at det var han som hadde skote bjørnen som måtte bøta med livet og gje huda si til Sandnes kyrkje. 
Bjørnehuda vart liggjande i alterringen i kyrkja i mange år. Frølich har skrive om denne bjørnehuda i «Fjon», men han visste nok ikkje kven som hadde skote bjørnen og gjeve bort bjørnehuda. 

Tore Åmundson levde i tidsrommet 1723 til 1798, det vert 75 år. Å laga eit slikt skip er ikkje noka lett oppgåve. Han må ha sett godt og vore stø på handa. Frå fyrst av var det skore ut mannskap til skipet, nokre var oppe i riggen og andre var nede på dekk. Men desse er nok komne vekk no. 

Eg tippar at skipet vart laga i 1750- eller 1760-åra og at det såleis er kring 250 år gammalt, men dette er berre gissing. Korleis har det så gått med skipet seinare ? 

Gjevaren har sjølvsagt fått skipet hengt opp i kyrkja. Det hang i den gamle Sandnes kyrkje, kanskje eit lite hundre år. Men så skulle, eller rettare, så måtte Sandnes kyrkje vølast. Det vart nedriving og nybygging. Og då måtte sjølvsagt skipet or vegen, det som alt det andre. Det har vel vorte liggjande, lagra, saman med andre ting. Me torer tru at skipet vart opphengt på nytt i den nye kyrkja i 1846. Me veit det ikkje, men ved inventaroppskriving i 1904 er det medteke «et barkrigget skib», og det må vera det gamle. 

Ei stor oppleving 

Men det var vekke ei tid. Eg er fødd i 1906, og eg var ikkje gammal før eg fekk vera med til kyrkje, dersom det var roande ver og dersom eg hadde kyrkjeklede. Men då eg tok til å ferdast i kyrkja, då hang det ikkje noko skip i taket. 

Men så ein gong, ein sundag me kom til kyrkje, då såg eg med ein gong noko nytt : Det hang eit fint skip oppe i taket ! Du kan sikkert ikkje tenkja deg korleis synet av eit skip under fulle segl den gongen kunne binda ein gutepøyk, og eg var heller ikkje meir enn så vidt komen utatt or kyrkja før eg spurde far ut om skipet. Det var fyrste gongen eg fekk veta at det var ein mann i Bergsvik som hadde laga det fine skipet. Namnet hans fekk eg ikkje veta før seinare. 

Det som hadde hendt, var at det gamle skipet hadde vorte så sjabert at folk syntest det var ei skam å ha det hangande i kyrkja. 

Og ein gong fargar Rasmus Kvamsdal var på besøk frå Sandnes inne i Bergsvika, hadde dei kome til å tala om det gamle skipet og om at det burde vølast. Det vart til at Kvamsdal tok på seg å reparera det gamle skipet, og som tenkt, så gjort. Skipet vart oppussa, det fekk ny rigg og nye segl så det til slutt såg fint ut. Sidan den tid har skipet hatt sin faste plass i kyrkja. 
 
----------------------------------------------------------------------
Fjon frå fjell til fjord nr. 6 1996 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal