Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
6. årgang

 

   
 

 
Soga om ein veg
Forfatter: Albert Kjetland

Då Masfjordtunnelen mellom Matre og Storevatn vart opna i 1995, vart det fredeleg etter vegen gjennom Haugsdalen. Og stilt, nesten som i gamle dagar synest me som hugsar tida lenge før vegen kom forbi her. Men ikkje berre gjennomgangstrafikken er borte. 

Også dei som bur øvst i dalen har funne ut at kortaste vegen til Matre er gjennom tunnelen, når dei skal på arbeid eller ta handletur. Langs vegen mellom Kjetland og Haukeland ferdast ikkje mange. Dette vegstykket har nesten vorte til overs. Det er på ein måte både underleg og litt vemodig, berre vel 40 år etter at vegen vart bygt. 

Det er dette veganlegget eg vaks opp med, og som var den store hendinga i min barndom og tidlege ungdom. Det var her ting byrja å skje, tidleg på 50-talet, byrjinga til kraftutbygginga og samferdselrevolusjonen. Det var her eg tente mine fyrste kroner, og her vart eg vitne til eit historisk omskifte i vegbygging berre på nokre få år. Noko eg alltid ser for meg når eg av og til ruslar ein søndagstur til Haukeland. Og viss lesaren vil vera med 40-50 år attende i tida, så skal eg fortelja soga om vegen slik eg opplevde ho, både på godt og vondt. 

Matre-Romarheim heitte anlegget eigentleg. Begge stadane låg langt utanfor vår daglege horisont i min barndoms dal. Særleg Romarheim var så aldeles langt bortanfor alle fjell og fatteevne. Der hadde me no aldri vore. På Tverbjør fortalde dei om ein katt som hadde vorte borte i den store hola i Tverbjørskaret og som kom ut att på Romarheim heilt hårlaus. Han måtte ha fare kaldsleg langt, mest som til andre sida av jorda. Men trudde gjorde me visst. Det måtte vera draumen om at det skulle finnast ein veg. 

Men Bjørnekletthamrane og Fosshaughamrane låg der og stengde med si skræmande utfordring og syntest meiningslause å ta fat på med handemakt. Likevel var det ikkje der fyrste taket skulle stå då linevalet omsider var avgjort og det vart bestemt at no skulle dei byrja på vegen frå masfjordsida. Den gongen var det 5 km veg opp gjennom dalen frå gamlekaien til 
Bjørneklettbotnen, og det var her fyrste stubbebrytarane kom på plass. 

Hausten 1946 vart ei spennande tid. Ei tyskarbarakke kom frå Romarheim, og han Arne Hope måtte importerast frå Haugsvær med lastebilen sin for å transportera ho opp til vegenden. Der vart ho sett opp att borte i ei myr av fire karar frå Austrheim og Lindås. Dei budde hjå oss utover hausten, og fram mot jul var bygget ferdig. Det var ikkje noko vakkert syn når sant skal seiast, korkje utvendig eller innvendig. Eg hugsar ho vel, og det er det kanskje fleire som gjer. Ein lang gang midt etter huset, mørk som Eikefettunnelen før der kom lys, med 4- og 6-mannsrom på begge sider. Ikkje elektrisitet eller innlagt vatn og sjølvsagt utedo i ei anna myr. 

Så skulle huset vaskast før folk kunne flytta inn, og her vart det bruk for meg. Alt vatn måtte berast og varmast på ein diger vedkomfyr, og det var ikkje få bøtter som måtte til. Den gamle kvite krisemålinga gjekk av i vask, og etter kort tid var vatnet reine kalkmørja. Det var litt av eit strev, og etterpå var alle samde om at eg skulle ha løn som ein vaksen kar. Dette var før alle arbeidsmiljølover, og eg fekk 2 kr timen som alle hine. Så eg trur knapt vegsjefen har hatt nokon på si løningsliste i så ung alder korkje før eller sida, knapt 11 år gamal. 

Og etter jul kom dei, arbeidarane som skulle gå laus på gråsteinsurdane. Dei gjorde eit mektig inntrykk på meg og etter kvart kjende eg dei fleste. Det var gjelsvikane, han Anders og han Bertin, det var Leon Eikefet og han Bernt Bjørsvik. Der budde dei gjennom vinteren med parafinlampe og vedovn og eg syntest dei åt mykje langebrød med sirup, og klippfisk. Om våren låg det att fem akortar etter dei, fem stykke nypukka veg i steinura, dei fyrste betane av vegen «te byd'n». Det var langt fram, vonlaust langt fram. 

Så vart det stilt nokre år. Men omkring 1950 vart det snakka om kraftutbygging. Det var store planar, større enn dei fleste då kunne fatta.Om kraftstasjon inne i fjellet, om oppdemming av vatn, lange vasstunnelar og vegbygging. Heilt til Gobotn skulle vegen fram der det skulle byggast dam. Og fyrste etappen var vegen til Storevatnet som no måtte gjerast ferdig. BKK forskotterte kostnader, no mangla der ikkje pengar. 

Og i januar 1952 kom vegslusken att og byrja på hamrane. I Bjørneklettbotnen vart det på nytt liv og røre og brakka var full. Eg hogde ved og bar inn mjølk til dei, det var min jobb fyrste vinteren. Arbeidslaus vart eg ikkje, for dryge vedfang gjennom jøtulomnane, opptil 1/2 mål i sprengkalde døger vart det sagt, men det var vel litt overdrive. Lite var forandra når det galdt bustaden, brakka var like mørk og gisen. 

Men vegarbeidet hadde gjennomgått ein liten revolusjon på desse få åra gjennom to tekniske framsteg: Kompressoren og svingkranen. 

I 1947 gjekk all boring med feisel og minebor, og stubbebrytar var einast hjelpemiddelet når tungt skulle lyftast. Men lyftet måtte plasserast mellom dei tre beina på stubbebrytaren. Svingkrana kunne leggja stein på ein nokså vid halvsirkel utanfor det oppståande spelet. Og det kom vel med når mursteinen skulle leggjast utpå svimlande stup. 

Men endå meir framsteg låg det kanskje i det arbeidet som trykklufta frå kompressoren no gjorde. Å bora skjeringar på 30-40 m høgd med handemakt hadde knapt nytta. No gjekk boringa så utruleg mykje snøggare og lettare. Likevel tok arbeidet tid og det var eit vågespel. Ein måtte starta på toppen, bora så langt ein nådde og så skyta seg ei hylle. 
Så var det same prosessen på nytt vidare nedover, gong etter gong. Dei gjekk i tau og stigar, i all slags ver, men utruleg nok hende det ingen alvorlege ulukker. Fyrste vinteren gjekk, og den neste, før dei var gjennom hamrane. 

Og folk fylgde med i storverket og hadde rimeleg å snakka om. Om Storsetn som la kassevis med dynamitt i ei sleppa og velte heile berget ned i ei salve, om muren hans Anders Natås som aldri vart ferdig av di han var så nøyaktig. Meir enn eit år brukte han, men så var muren også litt av eit stykke handverk, sjølv om knapt nokon har lagt merke til han sidan. 

I dag ville ein kvikt og greitt slege ein tunnel under kvar hamar og vore ferdig fort, enkelt og sikkert. Men den gongen hadde ein ikkje slik teknikk. Tunnelar var aldri på tale. Og difor vart arbeidet langt meir dramatisk, langdrygt og fårleg. 

Og det var ikkje berre folk med røynsle frå vegbygging i ulende som gjorde arbeidet, men mange urøynde ungdomar frå vår eiga bygd som fekk eit brutalt møte med rallarlivet. Dei greidde seg bra, og bra gjekk det. 

Våren 1953 var Anders ferdig med muren sin, og me kunne grusa vegen til Haukeland. I mellomtida hadde ei ny brakke kome opp på Haukelandstigen. Ho hadde då fare ein lang veg. På gamlebilen til onkel Malvin i teleløysinga, med taubane over elva til Merkeshaugen, på hesteslede langs den gamle kløvjevegen til Haukeland, og til slutt på ny taubane til stigen der huset til Mæhle står i dag. 

På stigen huserte bernesingane og andre litt meir anonyme som bygde vegen frå Fosshaugen til fjellkyrkja medan ein venta på at hamrane skulle bli ferdige. Nokre av arbeidarane budde også på Haukeland, slike som han Halvdan og han Jens med sine lag ute frå Risnes. 

Det var utruleg at vegen var komen så langt. Det opna seg liksom ein von om veg vidare mot sør også no når ein var komen heilt til Storevatnet. Kanskje ein dag, om ikkje alt for lenge kunne me køyra til ei ukjend bygd ved ein annan fjord. Men til «byd'n» - så langt våga ingen tenkja. 

Nyvegen var fin og utruleg brei. Men Haukelandslia var liksom ikkje same storverket, sjølv om også grusreinene og bakkemurane der krov sitt. Det var dei som hadde klatra i hamrane som var heltane. Kvardagsheltane i eit lite avstengt lokalsamfunn. 

I dag finst det visst ikkje så mange heltar att, heller ikkje i vegvesenet. Kanskje er dei der, men langt meir usynlege i ei eller anna maskin. 

Ein ny veg er heller ikkje det han var i min oppvekst. Då var den så avgjort eit gode og eit framsteg for menneska langs vegen. 
No er me ikkje så sikre lenger. Kanskje me har passert det stadiet då vegen var eit framsteg ? Vegen vart også eit offer for effiktiviteten, for støyen, forureininga og farten. Og for oss som bur i desse tronge bygdene vart det ikkje leveleg. Så måtte me få ein ny veg for å bli kvitt den gamle. Vegen var vorten eit problem. 

Og ein kan undrast på kvifor vegen vart ei plage i staden for eit velsigna framsteg. Og den fridomen som han gav oss, var han no berre av det gode? Visst fekk me koma oss ut, reisa kvar me ville og når me ville, men brukte me den nye fridomen så rett alltid? 

Avstand kan vera så mangeleis. Me vart så velsigna sjølvhjelpne og sjølvopptekne etter at vegane kom. Og avstanden til dei som bur i same bygda har på ein måte vorte større enn han var før. Me set oss i bilen og fer på travle vegen og snakkar gjerne ikkje med naboen frå jul og til påske. 

Den gongen eg var med og bygde vegen, var eg aldri i tvil. Vegen var eit framsteg, eit nyttig arbeid, eit udiskutabelt gode som alle ville få glede av. 

Litt trist er det kanskje å registrera at gamle verdimål og sanningar som ein trudde på så fort vert til overs og ubrukande. Slik vegen som eg var med og bygde vart det. Kanskje 45 år er ei lang tid, likevel ? 
 
---------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 6 1996 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal