Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
6. årgang

 

   
 

 
Ei trist hending frå krigsåra
Forfatter: Håkon Torsvik

3. januar 1941 vart ein 22 år gammal masfjordgut drepen av ei mine. Fire mann frå Risnes i Masfjorden hadde planlagt å reisa til Rongevær på seifiske. Dette var unggutane Leif Sæthre (24), Reidar Hatlevik (18) og Ingolf Herøy (22). Dessutan var far min, Toralf Torsvik (43), med som eldstemann. Dei drog av garde med motorskøyta "Bella". 

Birgit Sæthre (81), enkja etter Leif, fortel at ho var med på turen utover til Rongevær og skulle vera hjå familien til Leif, kjærasten, medan karane fiska sei. Fiskarane skulle dessutan bu ombord i skøyta. 

Eg kan ikkje nett hugsa om det var nyttårsdag i -41 me drog utover, seier Birgit. I alle høve vart seifisket av kort varigheit. 3. januar fekk fisketuren ein brå og trist slutt. 

Etter ein pause på seiskallen, skulle unggutane opp i ei fjøre der det skulle vere bra med rekved som dei kunne ha til brensel ombord på skøyta. Far min fortalde at han var att ombord for å ordna med ymse ting, medan gutane drog av garde i eine lettbåten. 

Trass i at dei hadde snakka saman om fåre for drivminer, og miner som kunne ha reke opp i fjæresteinane, så var dei likevel ikkje varsame nok. 

Ingolf hadde funne ein avlang metallgjenstand som ville passe godt til linevak, meinte han. Denne ville han ta vare på. Leif og Reidar var meir skeptiske og meinte at det kanskje var tryggast å late "vraket" liggja der det låg - kanskje det likevel kunne vere ei "kamuflert" mine. Dei to skulle då bera ein lengre stokk mellom seg, som så skulle kappast opp til ved når dei kom ombord att i skøyta. Men Ingolf tykte vel om "vraket", lyfte det opp på skuldra og gjekk mot lettbåten som låg fortødd eit stykke unna. Dei to andre kom etter med stokken. 

Så var Ingolf komen fram til lettbåten. Han lyfter "vraket" frå skuldra, bøyer seg framover og skal plassera den avlange tingen framme i rongja. I det same smell det. 

Ingolf vart drepen og halve båten sprengd til pinneved. Dei to karane som kjem 10-12 meter lenger bak, vert begge råka av splintar. Leif blør frå panna. Reidar får ein splint i eine låret. 

Far min fortalde at han var nede i lugaren då han høyrde smellen. Han spring på dekk og fryktar kva som kan ha hendt. Så hoppar han i lettbåten og ror til lands der det er eit forferdeleg syn som møter han. Ingolf er død, medan dei andre to er såra og nærmast i sjokk. 

Leif tek likevel på seg å henta hjelp der óg Birgit, kjærasten bur. Han kjem fram og får fortalt kva som har hendt. Sjølv blødde han frå panna, men det måtte dei ikkje bry seg med. Det hadde hendt verre ting - Ingolf var død-. Deretter seig han om etter påkjenninga, men kom fort til hektene att. 

Mange kom til for dei hadde høyrt smellen. Det viste seg at Leif berre var lettare såra, medan Reidar måtte til sjukehus i Bergen. Birgit fortel at veninna hennar tok Reidar med seg til Bergen, noko som ikkje var heilt lett slik kommunikasjonane var, med tyske sperringar både her og der. 

Det gjekk bra med Reidar. Han var heldig som kom seg etter måten raskt til sjukehus. Der vart det konstantert at ein splint låg tett inntil ei hovudpulsåre. Han måtte difor ta det med ro ei tid. 

Meldinga om ulukka nådde óg heim. Det vart ei heilt annleis og raskare heimreis enn dei frå først hadde tenkt seg. Skøyta var venta inn til Risnes kvelden etter. Eg var berre 8 år den gongen, men hugsar godt at me stod i kalde vinterkvelden og lytta etter motorduren frå "Bella". 

Då kom dei - og la til kai - far min og Leif. Det vart ikkje sagt stort. Me var alle merkte av stunda. Ombord var óg ein død unggut, råka av krigens grufulle, snikande, men brutale våpen - ein sprengladning innbakt som eit tilsynelatande fredeleg linevak. 

Ingolf er ein av fleire masfjordingar som miste livet på grunn av krigstilstand i landet. Syster til Ingolf, Gudrun Solli (82) fortel at ulukka vart eit hardt slag for familien og mest for mora som tidlegare hadde mist ektemannen då tvillingane Ingolf og Birger var 5 månader gamle. Ingolf vart etter kvart ei god støtte for mora og difor så ekstra tung å mista. 

Sjølv hugsar eg Ingolf som ein særs triveleg ung mann som og hadde sans for å skøya med oss ungane. Såleis kom denne triste hendinga for snart 56 år sidan og til å setja sterke og varige minne i mitt barnesinn - 8 år gamal. 
 
----------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 6 1996 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal