Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Prisar/Utmerking
 

   

 

Frivillighetssentralen i Masfjorden 

Målet for sentralen er å halda vedlike naturleg bygdekontakt og nabotenester i ei tid der ein også på landsbygda merkar utviklinga mot isolasjon og framandgjering for kvarandre. Dette prøver ein å nå ved å stimulera einskildpersonar, grupper og nærmiljø til friviljug omsorgsteneste og å byggja opp kontakten mellom generasjonane. 

Det er sokneråda som eig sentralen og har det formelle ansvaret. Dei som er med i drifta er helselaga, pensjonistlaga, bygdekvinnelaget og kommunen. 

TA KONTAKT dersom du ynskjer å få besøk eller ynskjer å vera ein som går på besøk. 

................................................................................................................................................

Frivilligprisen

2010
Kari Molland
 
2009
 Eldbjørg Mjanger

2008
Marta Midtbø

2007
Anna Kvingedal

Anna Kvingedal - for frivillige oppgåver som ho har utført gjennom mange år - og som har betra livskvaliteten for andre menneske. Prisen, utdelt av ordførar Håkon Matre, er ein diplom og ein akvarell laga av Anne Kvinge Tvedt. Akvarellen hadde namnet: ”Varme”. 

2006
Berit Dyrkolbotn

Berit Dyrkolbotn - for allsidige og trufaste engasjementet gjennom alle år for bygda og medmenneske rundt seg. Det spenner frå deltaking i offentlege styrer og råd, til ansvar i lag og organisasjonar og hjelp til einskildmenneske i ulike livssituasjonar.

2005
John Torsvik

John Torsvik fekk frivilligprisen 2005 for sitt engasjement i idretts- og fotballmiljøet, som pådrivar, som trenar, som leiar i fotballaget og i idrettsrådet gjennom mange år, reiser til Norway Cup, arbeidet med idrettsbana på Hosteland og med ballbingen og nærmiljøet i Ytre Haugsdal.

2004
Torill Vågseth Kristoffersen

Frivillighetsprisen 2004 i Masfjorden gjekk til Torill Vågseth Kristoffersen. Torill er ei av dei mange som rundt i bygdene våre brukar store deler av fritida si til det beste for andre. Ikkje minst mellom born og ungdom, men også mellom vaksne og eldre.

2003
Olga og Harald Birkeland

Olga og Harald Birkeland fekk tildelt frivilligprisen 2003 i Masfjorden. Prisutdelinga fann stad på den årlege julemessa til Nordbygda skulekorps sundag 30. november.
Frivillighetssentralen i Masfjorden tildelte prisen i samband med Den Internasjonale Frivillighetsdagen som er 5. desember. 

2002
Henrik Frøiseth

Frivillighetsprisen 2002 i Masfjorden vart i dag tildelt ein person som vi med rette kan kalle ein kvardagshelt. Henrik Frøiseth fekk prisen for sitt store engasjement som ein god og omsorgsfull nabo. Henrik sin omtanke for sine naboar i kvardagen gjennom mange, mange år vart heidra med ein høgst velfortjent pris.

2001
Ruth Andvik

Frivilligprisen i Masfjorden kommune gjekk i FN sitt frivilligår til Ruth Andvik. Ho fekk overrekt frivilligprisen på den flotte julemessa til Sandnes skulemusikk på søndag. Det var ein særs rørt prismottakar som takka med å omfamna prisutdelar og dagleg leiar for frivilligsentralen.
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no