Fossen
kraftstasjon
Foto: Scandion.
Restaurert privat kraftstasjon på Fossen. Ligg like
ved toppen av Brydalsfossen. Denne stasjonen på 8 kw vart bygd i
1947 og var i drift fram til 1958.
Du kan sjå stasjonen om du køyrer opp vegen
til Stordalen. Slik han ligg, med veggen som vender ut mot dalen i flukt
med eit høgt og loddrett stup, er han ei påminning om det
mot og den innsatsviljen mange masfjordingar la for dagen for å få
tilgang på denne energiforma. |