Hellar i Ytre Haugsdal
På garden Ytre Haugsdal (gnr. 1, bnr. 8) ligg ein
liten hellar som vert kalla for Under Hamrane. Hellaren ligg om lag 9-10
meter over havet. Hellaropninga ligg tett opp til og parallelt med riksvei
57. Under eit ruvande overheng ligg eit nokså stort hellarrom - ca.
50 meter langt og 10 meter djupt på det meste.
Då riksveg 57 vart utvida vart delar av hellargolvet
spreng vekk. I oktober 1979 blei det gjennomført ei utgraving i
hellaren under leiing av Lisa G. Bostwick. Arkeologene grov i tre forskjellige
områder: A, B og C. I område A hadde dei høyrt frå
lokalbefolkninga at det hadde stått ei smie. Og ganske riktig, då
dei begynte å grave, kom det fram både slagg, jern og store
trekolbitar. Det blei funne mange avslag av både flint, kvarts og
skifer. Andre funn var blant anna fragment av skiferpilar, 1 fiskesøkke,
2 tangepilar, 2 pimpsteinar og fragment av grønnleg finkorna bergart
med slipte flater.
I ein rapport skriv Bostwick at med ein så forstyrra
lokalitet er det vanskeleg å gi ei eksakt tidfesting på når
og kor lenge helleran var i bruk. Den yngste delen, representert av store
mengde skjell og bein, lite steinmateriale og flatehogde pilespissar tidfestar
ho til perioden mellom slutten av yngre steinalder og eldre jernalder.
Den eldste delen i hellaren reprensentert av lite bein og skjell, mykje
avslagsmateriale, tange- og skiferpilar og fragment av bergartøkser
tidfestar ho til ein bruksperiode i midten og mot slutten av yngre steinalder.
Kjelde:
http://hellerprosjektet.uib.no/hellere.spy?p=hellerihaugsdal |