Saga
på Mollandseid
Foto: Scandion
Saga på Mollandseid er truleg den saga flest masfjordingar
har sett. Ho ligg tett ved vegen og er ein del av eit nokså komplett
bygningsmiljø. Forutan sag er her naust og kvernhus, her er lunna
opplagsplass for båt, og her er bryggje, der dampen i si tid hadde
stoppestad.
Kommune og fylke har gitt støtte til restaurering
av saga, eit arbeid som grunneigarane sjølve har teke ansvar for
gjennomføringa av. Her får du eit godt inntrykk av korleis
ei sag kunne vere ein del av eit større bruksmiljø. |