Stegane
Tekst og foto: Eva T. Lokken
Tre stigar brukte dei på 1700-talet, når folk
skulle ta seg opp fjellet frå der Hommelfossen kraftverk ligg i dag.
Dobbel meining kan ein altså leggja i namnet til den såkalla
Kringlebotnstigen. Dette er framleis kortaste vegen til Kringlebotn, og
stadig er han i bruk. Steintrappene som har erstatta stigane har hatt så
mykje trakk at det laut ein reparasjon til.
Sommaren 1993 tok BKK inn to arbeidsledige anleggsarbeidarar
med kjennskap til muring for å reparera Kringlebotnstigen. Dei murte
litt, og la betre til rette dei naturlege steinane som vert brukte i trappene.
BKK-folk tek Kringlebotnstigen for å koma seg til
dammen og inntaket til Hommelfossen, i tillegg til at ein kan koma seg
vidare den vegen til Kringlebotn.
Kringlebotnstigen er trapper og mark, mark og trapper
200 meter opp. Den som tek turen får både god utsikt og ømme
musklar.
Bildet viser Alf B. Solheim i nyreparerte Kringlebotnstigen.
Fjellstigen gjev god utsikt over Hommelfossen kraftverk og området
rundt.
© Frå BKK - NYTT september 93. |