Frøyset kyrkje
Forfatter: Arne L. Hope. Foto: Scandion
Kyrkja ligg vakkert til i landskapet innom Frøysetvågen
og vart vigsla i 1937 av biskop Fleicher, saman med prestar frå Nordhordland.
Det fyrste ein kan finna om denne saka, er eit skriv
frå E. A. Riisnes med fleire til møte i Masfjorden heradstyre
15/11 1919 der dei reiser krav om at Sandnes sokn skal delast, og ei ny
sokn utskiljast for Nordbygda.
Saka vart utsett i det møtet. Men ho kom seinare
oppatt slik at det vart vald ei nemnd til å greia den ut. Til det
vart valde: G. Monsen, Mikal Brudal, A. E. Riisnes, Hans Torsvik, Andr.
Sandnes, Ivar Nordland og K. Bergsvik.
Saka kom opp att i soknestyremøte 5/4 1922, med
ei utgreiing frå nemnda. Eit framlegg frå Henrik I. Sleire
om deling og der den delen som då ville utgjere Sandnes sokn skulle
betala til Frøyset sokn 15.000 kr. over 5 år, fall med 5 mot
3 røyster.
Ein kan ikkje her ta med alt det som vedkjem denne delingsaka,
då det vil føra for langt. Men for oversikta si skuld tek
ein med ein del av stoffet. Delingsaka var oppe på eit møte
i Sandnes kyrkje 28/4 1928. Ved røystinga der røysta 103
for og 191 mot byggjing av kyrkje. Til spørsmålet om deling
av sokna røysta 89 for og 181 mot.
I møte i Sandnes sokneråd 7. mai 1928 tilrår
soknerådet byggjing av kapell. 3/8 1929 er saka komen frå kyrkjedepartementet
til soknestyret til uttale. Det vart gjort slikt vedtak: -Nordbygden foreslås
utskilt som eget sogn, i den utstrekning som omsøkt i dok. 3, og
eventuelt dok. 24-40, fra den tid Kyrkjedepartementet bestemmer, med Frøyset
som kirkested. Utløsningssummen fastsettes til 7.500 kr. Utskillelsen
foreslås under forutsetning av at 15.000 kr. oppnås som lån
av Oplysningsvæsenets fond til oparbeidelse av den nye kirke. Sognets
aktiva og passiva blir senere at fordele av en av herredstyret oppnevnte
komite, dog således at 7.500 kr. av det ovenfornevnte lån overtas
av det nye sogn utenfor Sandnes sogn varige passiva.
Det vart videre teke atterhald om deling av talet på
gudstenestene i prestegjeldet, på eit seinare tidspunkt.
Ved kgl. res. 21/3 1930 vart så Frøyset
utskild som eiga sokn frå Sandnes. Til nemnd for deling av aktiva
og passiva mellom Sandnes og Frøyset var Magnus Kvingedal, Andr,
Sandnes, R. N. Kvamsdal, B. Wergeland og E. A. Riisnes valde.
Av det som går fram av møtebøkene
var det ikkje semje mellom folka i Nordbygda kvar på Frøyset
kyrkja skulle stå. Ein del av dei vilde byggja den nedanfor kyrkjegarden.
Men då det var liten plass der mellom elva og sjøen, måtte
den i så fall byggjast nord-syd. Dette vart i så fall eit brot
på dei tilvande tradisjonar ved plassering av kyrkjer, då den
vanlege plasseringa er aust-vest.
Den andre delen av kyrkjelyden ville ha den bygt ovanom
kyrkjegarden. Og i det tilfelle i retning aust-vest. Men der var plassen
så knapp at det isåfall måtte flyttast 2 barnegraver
for å få stor nok plass. Det tok mange år førenn
Frøyset sokn kom til semje om denne saka.
Til slutt vart det fleirtal for å byggja på
den øvre tomten. Og i soknemøte 2/2 1935 vart det lese skriv
frå kyrkjedepartementet der dette godkjende byggjing på den
øvste tomten, og at dei to barnegravene kunne flyttast.
I den tida som var gått mellom at saka vart teken
opp i 1919, og fram til byggjeløyve frå departementet, hadde
saka vore framme fleire gonger enn ein har nemnt framanfor. Men det har
vel lite historisk interesse å ta med meir om dette her. Ein kan
mest tru, at saka hadde vorte forenkla ved å teke med mindre av detaljane
i sakshandsaminga.
Arkitekt Torolf Hals Frølich hadde på eit
tidlegare tidspunkt vore kontakta om å teikna kyrkja. Dette hadde
han teke på seg gratis mot å få godtgjort for dei kontante
utlegg til oppgåva. Til byggmeister for det tekniske ved bygget,
vart byggmeister Sæverås vald. Og til utførande byggjeformann
Lars Kvamsdal.
Det hadde tidlegare kome fram ynskjemål i sokna
om å byggja ein kyrkjelydsal i samband med kyrkjebygget, eller eventuelt
eit bedehus. Det vart kyrkjelydsalen som vart løysinga. Den vart
så bygt samstundes i samband med kyrkjebygget, som eit vinkelbygg
ut frå koret og fråskild dette ved foldedører som kunne
opnast. På den måten kunne kyrkja utvidast med denne salen
når det var trong for dette.
Finansieringa av bygget, utover utløysingssummen
frå Sandnes, vart gjort ved lån, gåver og dagsverksarbeid.
Såleis gav Gerhard Daae kantematrialen til kyrkja. Torgeir Børnes
sperr og kantematrialar til kyrkjelydhuset og Benjamin Haugsdal, Jon O.
Haugsdal og Andreas Romarheim det meste av kledning og sutak. Kyrkjeklokka
er gjeven av Sigrid og Hans B. Wergeland. Ei gåve til døypefonten
av Johan Otterstad. Og ut over dette som sagt pengegåver ved basar
og på annan måte frå både kyrkjelyden og andre.
Alt i alt kosta kyrkja i kontante pengar ved rekneskapsoppgjer 27/10 1940,
34.182,54 kroner.
Kyrkja var vigsla i 1937 av biskop Fleicher, saman med
prestar frå Nordhordland.
Når ein ser det heile i ein samanheng, så
har dei fått ei løysing på kyrkjesaka i Frøyset,
som vel var den beste. Og kyrkja ligg vakkert til i landskapet innom Frøysetvågen.
Det var opphaveleg planen å varma den opp ved sentralvarmesystem.
Dette kom ikkje til gjenomføring. Så då kommunen hadde
fått bygt ut til elektrisk kraft, vart det i 1959 lagd inn elektrisk
oppvarming. Det vart også lagd inn elektrisk lys med høvande
utstyr. Lysekruna som vart innkjøpt då, var ei gåve
frå Dagny og Alf Holmås.
Det vart opphaveleg ikkje råd til kyrkjeorgel. Så
ei tid måtte eit harmonium gjera teneste såleis. I 1959 vart
det innmontert eit kyrkjeorgel frå Vestre orgelfabrikk. Det kosta
35.000 kroner. Ein del av dette var innsamla midlar men det meste var betalt
av kommunen.
I 1969-70 vart det eit større byggjearbeid med
at bygget vart forlengd ut frå sakristiet. Der vart det tilbygd kjøken
med gang, og sanitæranlegg i kjellaren. Denne siste byggjinga kosta
105.000 kroner og er betalt av kommunen.
Det er i det heile lagt ned eit stort arbeid og mykje
pengar på å få tidhøvelege kyrkjer i alle soknene.
Om det som kyrkja står for, har like stor plass i sinn og tanke hjå
den enkelte, er eit personleg spørsmål. Frølich skreiv
då han såg Sandnes kyrkje oppussa i 1919 m.a.: -Vi sigter til
at mens kirkens indre nedgang i Masfjorden er blit så altfor iøyenfallende
ved sin tomhet, så pudses selve kirkens ydre desmere op. |