Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lag / organisasjonar
 

    


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

   
Masfjorden SKU
(31.08.2004)

Masfjorden SKU vart stifta i 1978 av Odd Birkestrand og har sidan vakse seg til eit av dei største og mest levande fritidstilboda for barn og unge på ”sørsio”. Sandnes skule har i alle år vore base og der ein har rekrutteringsgrunnlaget. 

Sjølv om dette av mange vert sett på som ein klubb for ein del av kommunen vår, har me og hatt medlemmer frå ”andre sida fjorden”. 

Arn-Tore Haugsdal var med på det første skulelaget som vann NM for barneskulelag i 1981, han er og den spelaren frå Masfjorden som har nådd høgast på rankinglista nasjonalt. På laget som vann i –81, spelte og Åsmund Haugsvær, Grethe Haugsvær, Tore Kvingedal og Torleif Hindenes. Tidlegare dette året fekk sjakklubben sin første NM vinnar, Trude Birkestrand vann det første uoffisielle NM for jenter – på heimebane - etter hard kamp frå m.a. klubbvennina Margunn Haugsvær. Trude deltok seinare i fleire EM og OL i sjakk med gode resultat. 

Klubben har gjennom åra arrangert fleire store turneringar; Grand Prix, NM for jenter 1991 og 2001 og mange mindre BGP-turneringar for barn og ungdom. Kvart år deltek spelarar frå klubben i regionale og nasjonale turneringar, me har og representert Norge i meisterskap i Sverige og Danmark. 

I 1997 fekk Odd Birkestrand Masfjorden kommune sin kulturpris for m.a. det arbeidet han har gjort på fritida i sjakklubben. 

I 1999 og 2001 vann Silje Totland NM for jenter i mini- og lilleputtklassen, Andrea Horgen Kvinge seira i lilleputtklassen i 2002. 

Etter fleire år med gode resultat i ulike NM- og BGP/UGP-turneringar, vann Sandnes skule igjen NM for barneskulelag i 2001. Ein stor prestasjon som vart lagt merke til i sjakkmiljøet, var det nok at andrelaget kom på fjerdeplass – av heile 35 lag. 
På desse laga spelte: Silje Totland, Magnus Kvinge Tande, Alexander Krossøy, Ranveig Tveit Mjanger, Katrine Skjellanger Kvinge, Anne Lise Tepstad Kvingedal, Andrea Horgen Kvinge, Katarina Horgen Kvinge, Annette Sleire Holmaas og Arild Haugsvær. 

I 2002 arrangerte me óg eit vellukka NM for skulelag, med gode plasseringar av både barne- og ungdomsskulelag. Me fekk mykje skryt av dei tilreisande, både for det sjakklege og maten foreldra laga på dugnad. 

Jubileumsåret 2003 starta med pallplassering i miniputt, lilleputt og kadett i NM for jenter. 
P.g.a. konfirmasjon var det dette året med berre eit lag i NM for skulelag på Lillehammer, barneskulelaget spelte ei god turnering og var berre eit individuelt poeng frå fjerdeplassen. Vårsesongen vart avslutta med ein kombinert jubileumsfest og avslutning i klubben for 02/03. 
Stiftar av klubben - Odd Birkestrand - vart utnemnd til klubben sitt første æresmedlem ! 
Andrea og May Frida spelte landskamp, og nokre av jentene melde seg inn i Jentebrigaden under landsturneringa i Fredrikstad. 
Hausten 2003 vann me 4 KM individuelt og tok ein flott fjerdeplass i NM for juniorlag. Heile 20 spelarar var med i NM for ungdom. 

Sesongen 2004 starta med ei BGP/UGP turnering før me igjen arrangerte NM for jenter, me tok på oss arrangementet på kort varsel sidan USF mangla arrangør. 
Katarina Horgen Kvinge vart den første frå Masfjorden som vinn i kadett, i tillegg klarte me tredjeplass i alle fire klassane. 
Bjørn fekk i januar i gang kurs på Matre, og utover våren etablerte me ei treningsgruppe - målet er no å få i gang noko liknande i Nordbygda hausten 2004. 
I NM for skulelag var me lenge med å kjempa om ei topplassering - litt rusk i maskineriet i dei to siste rundane gjorde at det ikkje vart pallplass denne gongen.
Landsturneringa 2004 i Molde var ein stor suksess for klubben, med fleire gode individuelle resultat i hovudturneringa. 2. plass i laglyn var ein flott prestasjon av Torkel, Yngve og Magnus og dobbeltsigeren til Yngve og Bjørn i lynsjakk i klasse 5 sette ein ekstra spiss på grillfesten fredag kveld ! 

Grunnlaget for klubben sine gode resultat og den store aktiviteten har heile tida vore eit stort engasjement og utallege timar med dugnadsinnsats frå foreldra. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal