Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Masfjorden
Lag/organisasjonar Matre og Haugsdal Helselag
|
|
|
|
(20.03.2006)
Leiar : Berit Dyrkolbotn. Tlf.: 56 36 60 82 Nestleiar : Anna Haugsdal. Tlf.: 56 36 60 68 Kasserar : Thordis Matre. Tlf.: 56 36 60 80 Skrivar : Sølvi Engeland Styremedlem : Lilliann Matre. Tlf.: 56 36 61 48 Helselaget - og alle i styret har postadresse 5984 Matredal. --------------------------------------------------------------------------------------------------------- Årsmelding for Matre og Haugsdal helselag 2005 Desse sat i styret:
Me har hatt i alt 6 styremøte i 2005. Leiar har hatt møte med leiarane i Solheim Helselag og Haugsvær Helselag. Berit og Vigdis var på fylkesårsmøte i Rosendal 2. - 3. april. Thordis, Vigdis og Berit var på medarbeidarsamling i fylkeslaget 9. - 10. september. Berit var på landsmøte i Oslo 10. - 12. juni. Saman med Solheim Helselag og Haugsvær Helselag har me arrangert fleire ting dette året, 2 gonger skulefrukost, tur til Grimhaugane, den regna vekk som vanleg og måtte avlysast. Saman har helselaga våre kjøpt inn oppvaskmaskin til arbeidsstova på sjukeheimen, og me har kjøpt inn undervisningsopplegget Petter Puls til skulen. Det er eit undervisningsopplegg om kosthald og mosjon. Til dette fekk me kr. 4000,- frå hjarte og kar rådet. Heimetenesta søkte om støtte til oppussing på fellesstova, me bevilga kr. 5000,- til dette. Etter søknad fekk også barnehagen kr. 5000,- til fornying på leikeplassen der. Elin Matre gav eit fint bilete som ho har laga, til helselaget, dette heng på veggen i fellesstova i trygdeboligen. Hjartelig takk. Elin Matre gav material, og Henning Haukeland laga 4 benkar til å setja ut ved vegen der folk ferdast, ein i skomakarkrysset, ein på veg opp i Øvredalen, ein på Trodalsleitet og ein i Matresdalen. Den i Matresdalen fekk berre stå eit døgn, så var den borte, stolen. Til tross for iherdig leiting og skriverier i avisa kom den ikkje til rettes. Me har seinare fått ein ny benk av Hans Magne Haukeland. Tusen takk til dykk. Dette året har me starta opp med strikkekafe på hotellet, ein gong før sommaren. I haust prøvde me å ha strikkekafe på kveldstid, men me nådde ikkje målgruppa vår som var dei som går på arbeid. På dagtid er det godt frammøte. Dette er noko som me held fram med i 2006. I april hadde me hjarteaksjon og fekk inn kr. 500,-. Hjartemarsj, saft og frukt til dei som deltok. Me selde i år 168 hjartelodd. Til dementaksjonen i september hadde me bingo og fekk inn kr. 4430,-. Me laga julemiddag til pensjonistlaget i desember. Tenning av julegrana var i år på ein laurdag, mykje folk var samla som vanleg. Basaren var i år 6. november i Haugsdal Grendahus, det var mykje folk og me fekk inn mykje pengar. Nokre born sang for oss. I år var det folk frå helselaget som gjekk
rundt med bøsser til TV-innsamlinga.
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |