Masfjorden
gjennom århundrer
Foto: Scandion
Masfjorden si historie er skapt av små og store
hendingar gjennom århundrer. Mangt og mykje av denne historia kan
ein lese om i gamle skrifter, kyrkjebøker, utvandringsprotokollar,
bygdebøker, sogehefter o.l.
Framleis er det informasjon om mange hendingar, i vår
nære og fjerne fortid, som ikkje er komen på trykk, eller allment
lett tilgjengeleg.
For å få ei enkel oversikt over historia og
det som har skjedd av utvikling i Masfjorden kommune, finn du her starten
på eit leksikon over hendingar frå 1800-talet og fram til våre
dagar.
GEOGRAFI
Tot. areal (fastland + øyer): 558 km²
Areal fastland: 544 km²
Areal øyer: 14 km²
Tal øyer: 190
Tal vatn: 310
Areal vatn: ca.30 km²
Høgste fjell: Årdalsryggen (Stølsheimen)
1047 moh
Nest høgste fjell: Storevasseggja (Stølsheimen)
1044 moh
Tal. innb. 3. kvartal. 2002………1733
------------------------------------------------------------
1800 :
Fyrste handelsstaden i Masfjorden var på Sandnes
og dette året fekk Nils Halvardson Skauge kongel. løyve til
å halda gjestgjevarstad på Sandnes med sal av øl og
mat til ferdafolk.
------------------------------------------------------------
1845 :
12. oktober : Sandnes kyrkje vart vigsla. Les meir
------------------------------------------------------------
1849 :
Det første skulehus i Masfjorden vart bygd på
Risnes, og kosta av Erik Riisnæs.
3. juni : Masfjorden fekk kolerakyrkjegard i Amundsbotten.
Vart aldri nytta.
------------------------------------------------------------
1850
Christen Rasmussen, som før hadde vore gesel i
Bergen, kjøpte ein del av bnr. 1 på Sandnes der han sette
opp våningshus og bakeri. Han dreiv bakeriet til han døydde
i 1859.
------------------------------------------------------------
1862 :
Solheim kyrkjegard vart vigsla av prost Hveding.
------------------------------------------------------------
1867 :
15. februar : Fyrste poststaden i heradet var på
Sandnes med namnet Masfjorden. Fyrste styrar var bonde Erik Monsson Sandnes.
Frå 1/1 1919 er namnet endra til Masfjordnes, eit laga namn som ikkje
finst nokon stad i bygda.
------------------------------------------------------------
1873 :
Fyrste fesjået vart halde i Masfjorden.
------------------------------------------------------------
1876 :
1. januar : Masfjorden vart eige prestegjeld.
11. desember : Wilhelm Friman Koren Christie vart utnemnd
til den fyrste sokneprest i Masfjorden.
Jørgen Nilsson Solheim (f. Kalhovda) tok til med
handel i ei bud på Solheim.
------------------------------------------------------------
1879 :
Ordførar Erik A. Riisnæs, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
Masfjorden vart utskild frå Lindås Herad.
Vegen mellom Frøyset og Sleire vart påbegynt.
Ferdig i 1894. Fyrste vegen som vart bygd i Masfjorden med heradstilskot.
23. april : Fyrste møte i fattigstyret i det nye
Masfjorden herad. Presten Christie vart vald til formann.
------------------------------------------------------------
1880 :
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar
Erik M. Sandnæs.
Erik Arneson Riisnes vart kommunen sin første
lensmann. Les meir
------------------------------------------------------------
1881 :
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar
Erik M. Sandnæs.
16. februar : Thorbjørn Frølich vart utnemnt
til sokneprest.
"Frølichen", presteskyssbåten til soknepresten.
Type: Åttring. Lengde: 6,97 m.
Sprisegl. Båten vart bygd i Nordfjord i 1870 og
kjøpt inn til Masfjorden. Presten i Masfjord, Th. Frølich,
brukte han som skyssbåt i tidsrommet 1881-1892. Han budde i Botn
og hadde eit rolag på fire mann.
Skyssbåten er no på Hordamuseet i Fana.
Karl Skauge vart tilsett som lensmann. Hadde stillinga
til han døydde 1883. Les meir
------------------------------------------------------------
1882 :
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar
Erik M. Sandnæs.
23. januar : Masfjorden lærerforening vart stifta.
Les meir
24. mars : Solheim kyrkje vart vigsla.Les meir
1. juli : Solheim vert poststad. Fyrste styrar var Ola
A. Solheim til 1919. Les meir
Lars Tangedal tok til med handel i Torsvik.
Sandnes kyrkje fekk sakresti med barnerom
------------------------------------------------------------
1883 :
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar
Torgeir Haugsvær.
Arne Gabriel Risnes vart tilsett som lensmann. Hadde
stillinga til 1919. Les meir
------------------------------------------------------------
1884 :
Ordførar sokneprest Thorbjørn Frølich,
varaordførar Torgeir R. Haugsvær.
------------------------------------------------------------
1885 :
Ordførar Torbjørn Frølich, varaordførar
Torgeir Haugsvær.
Risnes vart poststad. Fyrste styrar var lensmann Arne
E. Riisnæs. Les meir
Landhandlarane fekk løyve til å selja "tynt
øl" (krusøl).
------------------------------------------------------------
1886 :
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
7. januar : Masfjorden Totalavholdsforening vart starta.
------------------------------------------------------------
1887 :
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
------------------------------------------------------------
1888 :
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
Januar : Søre Kvingo vart poststad. Fyrste styrar
var mølleeigar August Konow til 31/5 1906. Les meir
Masfjorden herad vart delt i 10 fattigkrinsar med kvar
sin tilsynsmann.
------------------------------------------------------------
1889 :
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
Kvamsdal Fargeri vart grunnlagt av Rasmus Kvamsdal i
det nye bustadhuset hans på Sandnes.
------------------------------------------------------------
1890 :
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
Sandnes kyrkje får orgel. Det var ei gåve
frå Marta Riisnes, enkja etter kyrkjesongar Erik Arneson Riisnes.
------------------------------------------------------------
1891 :
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
Ei nemnd vart vald for å førebu bygging
av heradshus.
------------------------------------------------------------
1892 :
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
26. juni : Fredrik Olsen vart utnemnt til sokneprest.
Masfjorden målleselag vart skipa.
------------------------------------------------------------
1893 :
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
------------------------------------------------------------
1894 :
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
Skulehuset på Nordland for Andvik krins var ferdig.
Kalkulert til kr. 2600,-
Skulehuset på Sleire var ferdig. Hadde ikkje bustad.
Haugsvær skule var ferdig.
Vegen mellom Frøyset og Sleire vart ferdig. Påbegynt
i 1879.
------------------------------------------------------------
1895 :
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
Nordre Kvinge fekk skulehus - med bustad.
Indre Haugsdal vart poststad. Fyrste styrar var Rasmus
F. Haugsdal til 31/3 1906. Les meir
------------------------------------------------------------
1896 :
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
Det vart bygd veg til Solheim kyrkje.
------------------------------------------------------------
1897 :
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
Hosteland vart poststad. Fyrste styrar var Kaspar G.
Hosteland til 25/2 1942. Les meir
------------------------------------------------------------
1898 :
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
Sandnes smie og mekanisk verkstad vart starta av Knut
J. Otterstad.
------------------------------------------------------------
1899 :
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar
Rasmus M. Haugsvær.
------------------------------------------------------------
1900 :
Ordførar R. M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
Folketal : 2250
------------------------------------------------------------
1901 :
Ordførar R. M. Haugsvær, varaordførar
Torgeir R. Haugsvær.
Sparebanken i Masfjorden vart skipa. Les meir
15. august : Andvik brevhus vert opna. Fyrste styrar
Ola N. Andvik. Les meir
------------------------------------------------------------
1902 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
R. M. Haugsvær.
2. januar : Masfjorden Sparebanken hadde sin første
opningsdag.
Skulen på søndre Hope utan bustad var ferdig.
Kostnad kr. 3400,-
Skulen på Solheim utan bustad var ferdig. Kostnad
kr. 3600,-
Skulen på Tverbjørg var ferdig med eit par
små rom til læraren. Kostnad kr. 3500,-
------------------------------------------------------------
1903 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
R. M. Haugsvær.
Matre vart poststad. Første styrar var Johannes
R. Matre til 1911. Les meir
------------------------------------------------------------
1904 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
R. M. Haugsvær.
Haugsvær fekk brevhus. Styrar Jetmund J. Haugsvær.
Les meir
------------------------------------------------------------
1905:
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar R. Eikemo
Skulen på Sandnes fekk rom i heradshuset og lærarbustad.
28. september : L. Kanestrøm var utnemnd til sokneprest.
Overtok embetet 25/3 1906.
------------------------------------------------------------
1906 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar R. Eikemo
Matre og Haugsdalsvassdraga vart kjøpt opp av
forretningsmannen Blaauw frå Bergen.
------------------------------------------------------------
1907 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar R. Eikemo.
D/S Masfjord vart sett inn i rute på Masfjorden.
Les meir
------------------------------------------------------------
1908 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Johannes R. Mjanger.
Martin Hope starta med smie på Totland.
17. april : Frøyset kyrkjegard vart vigsla.
9. juni : A/S Matrefallene søkte om konsesjon
på å byggje ut kraftkjeldene i Haugsdals og Matrevassdraga.
1. juli : Søre Hope vart poststad. Første
styrar Ludvig L. Hope. Les meir
------------------------------------------------------------
1909 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Johannes R. Mjanger.
Haugsvær vart poststad. Les meir
------------------------------------------------------------
1910 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Johannes R. Mjanger.
Folketal : 2252
------------------------------------------------------------
1911 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar Eikemo
Politivedtekter for bygda vart vedtekne.
Matre Hotell var bygd.
Nordre Kvinge fekk brevhus. Styrar Mons J. Hope. Les
meir
Sandnes fekk rikstelefonstasjon. Namn: Masfjorden. Styrar
Mons E. Sandnes. Les meir
------------------------------------------------------------
1912 :
Ordførar Hans B.Wergeland, varaordførar
Ivar Eikemo
Nye likningsreglar for heradet vart vedteke.
Kyrkjegarden på Sandnes vart utvida.
Sandnes kyrkje får omn. Det vart sett inn to magasinomnar.
12. februar : Telegrafstasjon vart opna på Sandnes.
Den første telefonsamtale var mellom Mons E. Sandnes
og Thorbjørn Frølich. Les meir
Kvamsdal skule bygd. Kostnad kr. 3124,-
Hosteland fekk rikstelefonstasjon. Styrar J. G. Molland.
Les meir
Solheim kyrkje får orgel.
Sandnes kyrkje får nytt orgel for innsamla midlar.
Levert av Sandvåg orgelfabrikk.
------------------------------------------------------------
1913 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar Eikemo.
------------------------------------------------------------
1914 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar Eikemo.
------------------------------------------------------------
1915 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar Eikemo.
Veg vart bygt frå Matre til Hommelfossen
Bergsvik fekk rikstelefonstasjon. Styrar Kristen T. Bergsvik.
Les meir
Matre fekk rikstelefonstasjon. Styrar hotelleigar Ola
E. Sandnes. Les meir
Solheim fekk rikstelefonstasjon. Styrar Rasmus A. Hope.
Les meir
Haugsvær fekk rikstelefonstasjon. Styrar Ola M.
Haugsvær. Les meir
Sandnes kyrkje fekk ny altertavle. Teikna av arkitekt
Furst, Oslo. Arbeidd av bilethoggar Johnsen, Bergen.
------------------------------------------------------------
1916 :
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar
Ivar Eikemo.
Risnes fekk rikstelefonstasjon. Styrar Laura Tangedal.
Les meir
------------------------------------------------------------
1917 :
Ordførar Ivar R. Eikemo, varaordførar Lars
N. Kvinge
Ordføraren vart pålagd å senda søknad
til stortinget om å få telefon til Sandnes og Andvik.
Sildefabrikken i Andvik brann ned.
23. juli : Kvinge musikklag vart stifta av Martin G.
Hope. Han var og laget sin første formann og dirigent.
------------------------------------------------------------
1918 :
Ordførar Ivar Eikemo, varaordførar Lars
N. Kvinge.
17. mars : Thodor Ulleland vart utnemnd til sokneprest.
A/S Sandneselvens Slip & Motorverksted vart skipa.
Eit lutlag som hadde som formål å byggja båtmotorar,
og starta av Johan J. Otterstad. Verkstaden skulle drivast med elektrisk
kraft. Frå dette verket vart det så bygt kraftline til Sandnesgrenda.
Ulempa var at det var lite oppdemmingsvilkår slik at i turkeperiodar
så vart det lite både av kraft og spenning på nettet.
Solheim får elektrisk straum via eit grendaverk.
Anton og Nils Solheim var mekanikarar hjå Wikmann på Rubbestadneset.
Dei bygde ein liten peltonturbin som dei sette opp i ein liten stasjon.
Og med ein tilsvarande dynamo vart dette til lys for busetnaden på
Solheim.
29. oktober : Gravplassen på bruket Vangen i Indre
Haugsdal vart godkjent av soknestyret.
------------------------------------------------------------
1919 :
Ordførar Ivar Eikemo, varaordførar Lars
N. Kvinge.
Erik Arneson Riisnes vart lensmann. Hadde stillinga til
sin død i 1935. Les meir
Nordre Kvinge Trevarefabrikk vart grunnlagt.
Torgeir Nordland og ein Håland bygde ein liten
trevarefabrikk på Nordland. Den vart driven med turbin, med kraft
frå Nordlandelva.
4. oktober : Sigurd Berg vart utnemnd til sokneprest.
------------------------------------------------------------
1920 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Lars N. Kvinge
Duesund fekk brevhus. Les meir
Indre Haugsdal fekk elektrisk straum frå eige kraftverk.
Folketal : 2240
------------------------------------------------------------
1921 :
Holsøy skule med bustad vart bygd. Kostnad kr.
28.117,-
10. april : Hope meieri kom i drift.
17. april : Kvinge meieri kom i drift.
20. oktober : Skjerjebakken gravplass ved Mangersvågen
vart vigsla av sokneprest Sigurd Berg.
Betsy Varleite vart tilsett som jordmor. Var i tenesta
til ho døydde 9/10 1956.
------------------------------------------------------------
1922 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Lars N. Kvinge
23. juni : Dronning Vilhelmina og kronprinsesse Juliana
av Nederland vitja Matre.
Ungdomslaget "Syskinringen" skipa i skulehuset på
Solstrand, Tresdalsvik.
Søre Kvinge fekk rikstelefonstasjon. Styrar O.
S. Nygård. Les meir
Søre Hope fekk rikstelefonstasjon. Styrar Ludvig
L. Hope. Les meir
Sokneråd var valt i Sandnes og Solheim sokn, i
henhold til Lov om sokneråd av 1/1 1922
------------------------------------------------------------
1923 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik
Betsy Fosse Varleitet vart tilsett som jordmor
Hatlevik skule med bustad ferdig. Kostnad kr. 31.726,-
Molland skule med bustad fedig. Kostnad kr. 44.866,-
------------------------------------------------------------
1924 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik
Matre skule. Eit privat hus vart innkjøpt og innreidd
til skule og lærarbustad.
Thorbjørn Frølich gav ut boka "Fjon eller
Masfjorden". I denne boka står det å lesa om alle dei framsteg
som skjedde i Masfjorden på dei ulike område i hans tid. T.
d. kan me lesa om korleis Frølich var den som fekk i stand 17. -maifeiring
i Masfjorden.
------------------------------------------------------------
1925 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik
Nynorsk liturgi vart innført i Sandnes sokn. Les
meir
------------------------------------------------------------
1926 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
Nynorsk liturgi vart innført i Solheim sokn. Les
meir
Mollandseid vart poststad. Styrar Elias O. Molland. Les
meir
Haugsdal fekk rikstelefonstasjon. Styrar Andreas Dyrkollbotten.
Les meir
Granneheimen stod ferdig. Vigsla av misjonsprest Hodneland,
pinsedag 1927.
21. oktober : Knut Geelmuyden vart utnemnd til sokneprest.
Ungdomslaga i Masfjorden reiste bauta ved Sandnes kyrkje
over "Herfolki frå Masfjord 1808-1814." Dette var dei som var utkommanderte
til krigsteneste i krigane mot Sverige og England tidleg på 1800-talet.
Korleis det gjekk med alle desse soldatane, veit ein ikkje. Ein del av
dei miste livet i krigen, men ein stor del av dei kom heimatt då
krigen var slutt.
------------------------------------------------------------
1927 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik
Pinsedag : Granneheimen vart vigsla av misjonsprest Hodneland.
------------------------------------------------------------
1928 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
------------------------------------------------------------
1929 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
50 års-jubileum for Masfjorden som eige herad.
------------------------------------------------------------
1930 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
Vedteke skogvedtekter for bygda.
Folketal : 2059
------------------------------------------------------------
1931 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
------------------------------------------------------------
1932 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
O. J. Holmås
------------------------------------------------------------
1933 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
O. J. Holmås.
Frøyset fekk rikstelefonstasjon. Styrar Mathilde
Daae. Les meir
Sleire fekk rikstelefonstasjon. Styrar Ragnvald A. Sleire.
Les meir
Andvik bedehus Betel stod ferdig.
------------------------------------------------------------
1934 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
O. J. Holmås
------------------------------------------------------------
1935 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
O. J. Holmås.
Alf Ludvigson Holmås vart tilsett som lensmann.
Les meir
------------------------------------------------------------
1936 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
O. J. Holmås.
------------------------------------------------------------
1937 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
O. J. Holmås.
Frøyset kyrkje vart vigsla.
------------------------------------------------------------
1938 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
------------------------------------------------------------
1939 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
------------------------------------------------------------
1940 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik.
Hosteland skule utan bustad ferdig.
------------------------------------------------------------
1941 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar
Kristen T. Bergsvik
1. januar : Heradstyret vart oppløyst. Fråtekne
rettane til all styring.
Andvik fekk rikstelefonstasjon. Styrar Jenny J. Andvik.
Les meir
Varden på Ådneburen var bygd enten dette
året eller i 1942 av Richard Veland og Asbjørn Skuggedal.
------------------------------------------------------------
1942 :
Ordførar Gjert Daae, varaordførar Ola R.
Hosteland
Tyskarane kom til Matre med 200 russiske krigsfangar
og 30 fangevaktarar.
------------------------------------------------------------
1943 :
Ordførar Gjert Daae, varaordførar Martinus
Daae Børnes.
------------------------------------------------------------
1944 :
Ordførar Gjert Daae, varaordførar Martinus
Daae Børnes.
3. februar : D/S Masfjord gjekk på grunn ved Duesund
og sokk. 11 mennesker omkom.
------------------------------------------------------------
1945 :
Ordførar Gjert Daae til 19/2 1945, varaordførar
Martinus Daae Børnes.
Ordførar Magnus Maurstad til 7/5 1945, varaordførar
Martin Daae Børnes.
Ordførar Martin H. Matre frå 8/5 1947, varaordførar
Kristen T. Bergsvik
6. oktober : Kommunen avdukar ein bauta på Sandnes
kyrkjegard over dei frå Masfjorden som miste livet i verdenskrigen
1940-45. Minnesteinen står like utanfor kyrkjedøra på
Sandnes kyrkje.
------------------------------------------------------------
1946 :
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar
Arne J. Riisnes
28. juni : Amund Lødøen vart utnemnd til
sokneprest.
Folketal : 1995
-----------------------------------------------------------
1947 :
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar
Arne J. Riisnes.
------------------------------------------------------------
1948 :
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar
Jon Haugsvær.
------------------------------------------------------------
1949 :
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar
Jon Haugsvær.
29. juli : Kronprins Olav avduka minnesteinen over falne
i Bjørn West.
Eikemo - Fausdal krins fekk skulehus.
------------------------------------------------------------
1950 :
Eikemo skule vart innvigd.
Duesund vart poststad. Les meir
Kvinge Møbelverkstad vart starta av Magnus Kvinge,
Monrad Kvinge, Bjarne Kvingedal, Trygve Kvingedal og Harald Kvingedal.
Alfred Nygård var eigar av huset og eigde ein part i verkstaden.
8. desember : Harald Øysæd vart utnemnd til
sokneprest.
Folketal : 1959
------------------------------------------------------------
1951 :
6. januar : Masfjorden Kommunale Kraftlag vart stifta.
Nyevegen mellom Søre- og Nordkvingo var ferdig.
Gamle Hommelfossen kraftstasjon stod ferdig.
--------------------------------------------------------
1952 :
Ny skule vart bygd på Tverbjørg. Kostnad
kr. 80.000,-
Kraftutbygginga startar i Matre.
Olav Midtbø vart valt til skulestyreformann.
Søndagsskulen på Haugsvær vart starta.
22. desember : Heradsstyret gjorde vedtak om å
byggja veg ned til skulen på Krossleitet. Vegen vart bygd på
kort tid.
------------------------------------------------------------
1953 :
------------------------------------------------------------
1954 :
Reknes Byggjevarer vart starta av Roald og Ivar Reknes.
------------------------------------------------------------
1955 :
1. januar : Risnes idrottslag vart skipa.
Solheim vart knytt til det kommunale elektrisitetsnettet.
Det vart starta ferjerute (sommar) mellom Solheim og
Fanebust. Nedlagt i 1957. Dette var det første ferjesambandet i
Masfjorden.
------------------------------------------------------------
1956 :
1. februar : Gamleheimen var opna og teken i bruk.
Første maskinene på Matre kraftverk vart
starta.
------------------------------------------------------------
1957 :
Ny skule teken i bruk på Sleire. Innvigd hausten
1958
Det vart starta ferjerute mellom Risnes - Fanebust -
Halsvik. Overfartstid 1 t. 45 min. Nedlagt 1961.
Starta ferjerute mellom Solheim og Sævråsvåg.
1. t. 45 min. Nedlagt 1967.
------------------------------------------------------------
1958 :
Eikemo skule fekk påbygg. Matrialane var for det
meste teken frå andre høgda av Matre skule.
Sleire skule var innvigd.
Gabrielle Stokke vart tilsett som jordmor. Var i stillinga
til 1960.
------------------------------------------------------------
1959 :
Frøyset kyrkje fekk orgel. Det kosta kr. 35.000,-
og levert av Vestre orgelfabrikk.
Garden Fosshaug fekk vegutløysing.
------------------------------------------------------------
1960 :
Soknegrensene vart oppheva. Alle val vart difor gjennomførde
i felleskap for heile kommunen.
Aslaug Oseland vart tilsett som jordmor. Var i stillinga
til 1967.
Folketal : 2026
------------------------------------------------------------
1961 :
10. mai : Matredal idrettslag vart stifta.
------------------------------------------------------------
1962 :
------------------------------------------------------------
1963 :
4. mars : Vegen mellom Haugsdal og Matre vart opna.
4. august : Haugsvær bedehus vart vigsla av sokneprest
Harald Øysæd.
------------------------------------------------------------
1964 :
Fjon ungdoms- og idrettslag vart stifta.
(Einar Kvinge, Leif Nordland og Odd Birkestrand)
22. februar : Matredal idrettslag skifta namn til Bjørn
West idrettslag.
Sandnes skule vart teken i bruk om hausten.
Vegen til Trodal ferdig. Påbegynt i 1956.
Starta ferjerute Risnes - Sævråsvåg
- Halsvik. Nedlagt 1967.
------------------------------------------------------------
1965 :
Sandnes kyrkje får ny benkar i forbindelse med
restaureringa. Dei minner meir om dei opphavelege benkene.
Ferjekaien på Risnes stod ferdig, og bilferja gjekk
ikkje lenger til Halsvik. Vegen Ytre Haugsdal - Halsvik vart opna.
------------------------------------------------------------
1966 :
Indre Masfjorden musikklag vart starta.
Lars Reimann vart tilsett som tannlækjar. Hadde
stillinga til 1973.
------------------------------------------------------------
1967 :
1. april : Bergensmeieriet, avd. Duesund vart opna.
4. desember : Vegen til Duesund og ferjekaia vart opna.
Ferjeleie på Risnes vart nedlagt. Ny ferjekai på Masfjordnes.
Ferjerute mellom Duesund - Masfjordnes - Sævråsvåg.
Nedlagt 1980.
Veg frå Vikanes til Masfjorden.
------------------------------------------------------------
1968 :
Matre skule var ferdig til bruk.
Masfjorden forballag vart stifta.
(Olav Skulstad, Håkon Torsvik og Odd Birkestrand)
------------------------------------------------------------
1969 :
1. januar : Masfjorden sparebank starta med bankbuss.
Masfjorden kommune bygde tannlækjarbustad med kontor
på Sandnes.
Vegen til Hosøy ferdig. Bygd for kommunale midlar.
------------------------------------------------------------
1970 :
3. mars : Johannes Otto Helland vart tilsett som lensmann.
Les meir
Sandnes skulemusikk vart starta av Rolf Hagen
Folketal : 1844
------------------------------------------------------------
1971 :
21. februar : Nordbygda skulekorps vart starta på
Sleire skule.
Matre Havbruksstasjon vart opna.
------------------------------------------------------------
1972 :
Reknes Byggjevarer bygde nytt kontorbygg.
------------------------------------------------------------
1973 :
Atle Garmannslund vart tilsett som tannlækjar.
Hadde stillinga til 1974.
------------------------------------------------------------
1974 :
Gunnar Daae er ordførar.
Roald Tvedt nr. 6 i NM på skeiser. Nr. 3 på
10000 m.
Olaf S. Gundersen vart utnemnd til sokneprest og tok
til i tenesta 1. september.
Sissel Nicolaysen vart tilsett som tannlækjar.
Hadde stillinga til 1975.
------------------------------------------------------------
1975 :
Kommunen byggjer industribygg på Duesund.
Masfjorden får kyrkjelydssekretær.
Matre får mellombels ungdomsskule.
Haugsvær Auto starta drifta. Det var brørne
Jetmund og Øyvind Haugsvær som bygde ein offentleg godkjend
bilverkstad på Vassleite på Haugsværdalen.
Reknes Byggjevarer bygde stort lagerbygg med moderne
heise- og transportutstyr for trelast.
Johannes Øpstad vart tilsett som tannlækjar.
Er i stillinga.
------------------------------------------------------------
1976 :
18. februar : Administrasjonsbygget til Matre Havbruksstasjon
vart innvia.
Nordbygda skule opnar.
Sandnes kyrkje får nytt orgel.
Telefonnettet i Masfjorden vart fullautomatisert og knytt
direkte til riksnettet. Les meir
------------------------------------------------------------
1977 :
442 bilar tilhøyrande i Masfjorden.
------------------------------------------------------------
1978 :
Masfjorden sjakklubb vart stifta. (Odd Birkestrand)
Kommunestyret vedtek tre 1 - 9 skular, Matre, Nordbygda
og Sandnes.
Heimesjukepleien i Masfjorden vart oppretta.
------------------------------------------------------------
1979 :
100 års jubileum Masfjorden kommune. 2. utg. av
Masfjordboka vert jubileumsbok.
------------------------------------------------------------
1980 :
3. april : Grunnsteinen til Fjon Fjellkyrkje vart lagt
ned av Steinar Ihle. Det var denne dagen friluftsgudsteneste på tomta.
27. april : Nordbygda pensjonistlag vart skipa med Martinus
Daae Børnes som formann.
9. juli : Masfjordvegen Krossleite - Duesund og Eikefettunnelen
i Lindås opnar. Les meir
Ferjeruta til Solheim vart nedlagt.
Auto Mek A/S på Hosteland vart starta.
527 bilar tilhøyrande i Masfjorden.
Folketal : 1909
------------------------------------------------------------
1981 :
Sandnes skule vann NM i sjakk for barneskulelag.
Trude Birkestrand representerte Noreg under EM i sjakk
for jenter i Jugoslavia.
Masfjorden kommune tilset tiltakskonsulent.
Minnestein vert reist over ein av dei mest kjende og
markante masfjordingar gjennom tidene, lekpredikant Ludvig Hope, som dermed
fekk sitt minnesmerke i heimbygda. Minnesteinen står ved Sandnes
kyrkje.
------------------------------------------------------------
1982 :
100 års jubileum Solheim kyrkje.
Trude Birkestrand høgstscorande på det norske
kvinnelandslaget under OL i sjakk i Sveits.
Masfjorden Ten-sing gjev ut kassett.
Masfjorden Sparebank vart til Sparebanken Vest avd. Masfjorden.
Indre Masfjorden pensjonistlag vart skipa med Johannes
Vågseth som formann.
------------------------------------------------------------
1983 :
Knut Fredrik Sørheim vart utnemnd til sokneprest
Sandnes kyrkje fekk nytt bårehus med toalett.
------------------------------------------------------------
1984 :
Kommunen etablerer Kvamme industriområde.
Matre får ungdomsskulebygg.
Masfjordnes pensjonistlag vart skipa med Johannes Mjanger
som formann.
------------------------------------------------------------
1985 :
27. februar : Fjordglimt 4H vart stifta.
Nye Hommelfossen kraftstasjon vart opna.
644 bilar tilhøyrande i Masfjorden.
------------------------------------------------------------
1986 :
Matreberg- og Trodalstunnelen opnar.
25. oktober : Nordbygda samfunnshus vart opna. Historikk
------------------------------------------------------------
1987 :
16. august. Fjon Fjellkyrkje vart vigsla av vik. Biskop
Monstad.
Frøyset kyrkje - 50 års-jubileum.
Kjekallvågen bru vart ferdig.
Desember : Austfjordvegen opnar.
------------------------------------------------------------
1988 :
Ul Framstig arrangerer Bjørn West-utstilling,
opptakten til Bjørn West-museet.
Arbeid i gang med tre barnehagebygg, eitt i kvart sokn.
Brita Haugsdal får kulturprisen for sitt arbeid
for søndagsskule og frivillig organisasjonsverksemd.
Mai : Austfjordvegen vart offisielt opna av Arne Rettedal.
------------------------------------------------------------
1989 :
Jernfjelltunnelen opnar. (Lengde : 981 meter)
Startar idrettsskule.
Rolf Hagen får kulturprisen for skiping av musikkskule
og arbeid med Masfjordfestivalen.
------------------------------------------------------------
1990 :
Ungdomsskulebygg Nordbygda.
Kommunen forskotterer servicebygg til Akvakulturstasjonen.
Kommunevåpen godkjent ved kronprinsreg. res. 28.09.1990.
Ide: Jens Fosse. Teikna: R. Garmann.
Jonas Riisnes får kulturprisen for museumsarbeid
og skiping av sogelaget i kommunen.
Kyrkjegarden på Sandnes vart utvida.
Folketal : 1880
------------------------------------------------------------
1991 :
Fysioterapi-lokale ved helsetunet på Hosteland.
Åshild Andvik og Ruth Kristin Karlsvik får
kulturprisen for teaterarbeid i skulen og andre org. som innan 4H.
Sjakk NM for jenter arrangert på Sandnes.
Bergensmeieriet, avd. Duesund vart nedlagt.
Sogeheftet "Fjon frå fjell til fjord" kom ut for
fyrste gong.
------------------------------------------------------------
1992 :
Sandnes skulemusikk representerer Norge på verdsutstillinga
i Sevilla, invitert av UD.
Sandnes skulemusikk får Statoilprisen.
John Torsvik får kulturprisen for sin store innsats
for Masfjorden fotballag.
848 bilar tilhøyrande i Masfjorden.
------------------------------------------------------------
1993 :
GMU - Gulen og Masfjorden utbyggingsselskap A/S skipa.
Anna Østerbø og Alf Østerbø
får kulturprisen for marknadsføring av bygda gjennom flott
handverkskunst.
Henning Haukeland får Kongens fortenestemedalje
i sølv.
17. juli : Knut Tangedal starta kiosk ved kaia på
Risnes. Les meir
------------------------------------------------------------
1994 :
15. oktober : Kong Harald V opnar Bjørn West-museet.
Frank Kvinge får kulturprisen for sin store innsats
for musikkorpsa og musikkskulen.
3. februar : Minneplate vart avduka i Duesund der D/S
Masfjord gjekk på grunn og sokk i 1944.
------------------------------------------------------------
1995 :
Masfjorden får ordførarskjede i gåve
frå Agnar Areklett.
13. juli : Ein containar frå 2. verdskrig vart
henta opp frå 80 meters djupn i Krokevatnet.
14. - 15. oktober : 150-års jubileum Sandnes kyrkje.
Jubileumsgudsteneste.
Rune Garmann får kulturprisen for sitt aktive kulturarbeid
når det gjeld kulturvern / museum, Masfjordfestivalen og musikkliv.
Masfjordboka band 1 og 2 kjem ut. 3. utgåve. Redaktør:
Alf Strand.
7. desember : Masfjordtunnelen vart opna.
------------------------------------------------------------
1996 :
Nordbygda sentralidrettsanlegg får grasbane.
Jon Hope får kulturprisen for misjonsarbeid, Fjon
fjellkyrkje og ungd. senter og Bjørn West-museet.
------------------------------------------------------------
1997 :
Kvamsdals fargeri er Masfjorden sitt bidrag til kulturminneåret.
Matre Hotell får tilskot frå Norsk kulturråd,
Hordaland fylke og Masfjorden kommune.
Masfjorden kommunale kraftlag blir selt til BKK.
Odd Birkestrand får kulturprisen for sin innsats
for born og ungdom i Masfjorden sjakklubb.
Postkontoret på Masfjordnes vart lagt ned.
------------------------------------------------------------
1998 :
Olav S. Trodal får kulturprisen for arbeidet med
å bygga opp og vidareutvikla Trodal - samlinga og Trodalsmuseet.
Magnus Stub Nilsen vert tilsett som lensmann.
------------------------------------------------------------
1999 :
Ordførar Helge Haukeland, varaordførar
Erik A. Riisnes
Silje Totland vart noregsmeistar i sjakk, yngste klasse.
Elin Sletten Borge får kulturprisen for sin store
innsats i lag og organisasjoner, som bl.a. korps og Masfjorden fotballag.
13. juni : Einar Andvik får Kongens fortenestemedalje
i sølv for sin innsats i det kristne arbeidet.
"Fjorden" vert tusenårsstad. Les meir
Erna Osland får brageprisen for boka "Salamanderryttaren"
Lillian Ynnesdal Langhelle får Frivillighetsprisen
for sitt breie, frivillige engasjement i bygda.
15. september : Offisiell opning av omsorgsbustadane
på Hosteland.
------------------------------------------------------------
2000 :
1. januar - Nyttårcruise på tusenårsfjorden
med M/S Bruvik. Les meir
27. januar - Bassenget på Matre er endeleg ferdig
og vart offisielt opna av ordførar Helge Haukeland.
1. februar vert det oppretta postfilial på kommunehuset
på Masfjordnes.
26. februar feira Sandnes skulemusikk 30 år.
April. Erna Osland frå Matre får kulturprisen
for produksjon av god barne- og ungdomslitteratur, samt undervisningsopplegg
om den lokale historia.
26. mai : Planting av tusenårstre ved Bjørn
West Museet på Matre.
Mai. Ei messinggruppe tar 3. plass i NM for ensamble i
yngste klasse. Bak den flotte prestasjonen står 6. klassingane Anette
Sleire Holmaas (kornett) Kathrine Skjelanger Kvinge (trombone) Trine Villanger
(kornett) og Lillian Andvik (euphonium)
Juni. Ann Kristin Rafoss vert tilsett som driftsleiar
ved teknisk avdeling i kommunen.
9. juni. Elevane på Sandnes skule kan ta i bruk
den nye gymsalen ved skulen.
Juni : Sandnes skulemusikk vinn 3. divisjon i årets
NM i brass for skulekorps.
Juli. To menn mistar livet i ei båtulukke ved Solheim.
Oktober. Gulen-bedrifta Wergeland Holding As vinn kampen
om å få drive kabelferje mellom Masfjordnes og Duesund.
November. Kari Sørheim vert nominert på
5. plass på Hordaland KrF si liste ved stortingsvalet.
Delar av eit oppdrettsanlegg går til botnar. Driftsbygning
med fiskefór og tønner med tilsaman tusen liter diesel går
under sjøflata.
Desember. Frank Kvinge vert tildelt Frivilligprisen
------------------------------------------------------------
2001
Februar : Silje Totland (13) gjekk heilt til topps i
klassen for lilleputt i jente-NM i sjakk. Dette er Silje sitt andre NM-gull
på tre år.
Nordbygda skulekorps kan feira 30 års jubileum.
Svein Vea tromma saman til korps i Nordbygda i 1971.
Mars : Sandnes skule tar dobbelsiger i kretsmeisterskapet
for skulelag i sjakk. Skulen stiller med heile 5 lag.
April : Masfjorden kommune spanderer gratis kinobillettar
på alle innbyggarane som vil sjå suksessfilmen "Heftig og begeistra".
Ei gåve til folket i det internasjonale frivillighetsåret.
Masfjorden kommune får eiga heimeside på internett.
Sandnes skule blir norgesmeister i sjakk for barneskular..
Skulen imponerar også ved å ta 4. plassen.
Kamilla Kvamsdal (18) kjem ut med sin første CD,
som er eit famileprodukt. Saman kallar dei seg for "Optimistane".
August : Bjørn West marsjen samlar 365 startande
frå Litlematrestølen til Stordalen.
Aslaug Molland Takvam får kulturprisen for arbeidet
med å rekonstruera den gamle masfjordbunaden.
September : Solveig Kringlebotn vitjar for fyrste gong
tunet der hennar forfedre strevde og sleit, og der hennar stolte etternamn
stammar frå. Kringlebotn! Les meir
Ruth Andvik fekk frivilligprisen
------------------------------------------------------------
2002
29. januar : Masfjorden sjukeheim på Hosteland
vart offisielt opna. Les meir
28. februar : Oppstart for Kabelferja "Fjon-M" mellom
Masfjordnes og Duesund. Les meir
Andrea Horgen Kvinge vann NM i sjakk for jenter, klasse
lilleputt (nest yngste klasse).
14. juli : Fiskefestival på Risneskaia. Les meir
Anna Rubach får kulturprisen for sin innsats som
organist og lærar i musikk- og kulturskulen og det frivillige musikklivet
elles.
August : Bjørn West marsjen har 20 års-jubileum.
Les meir
27. august : Sandnes skule vart valt som bonusskule og
fekk utdelt 50.000 kroner av utdannings- og forskningsminister Kristin
Clemet.
1. desember : Henrik Frøiseth fekk frivilligprisen
2002 i Masfjorden. Les meir
------------------------------------------------------------
2003
1. januar : Masfjorden missar ambulansetenesta. Ambulansen
vart flytta til Dalsøyra.
9. januar : Den gamle sjukeheimen på Sandnes vart
påført store vannskader. Sprinkelanlegget hadde løyst
seg ut og fekk fosse fritt i nærmare 1 time.
17. mars : Ungdomsråd vart oppretta.
May Frida Øvergaard vart vald til leiar, Karen
Margrethe Riisnes nestleiar og Torkel Kvinge Tande sekretær i det
konstituerande møte i ungdomsrådet.
10. april : Dagsenter for eldre vart opna på Sandnes.
24. - 25. mai : Kraftspela 2003 på Matre og i Stordalen.
Eit storstilt kulturarrangement i regi av Masfjorden kommune og BKK. Sjå
fotoreportasje
24. mai : Ivar Helge Matre får tildelt Masfjorden
kommune sin kulturpris 2003. Prisen vart overrekt av ordførar Helge
Haukeland med takk for langvarig innsats innan idretten i Indre Masfjorden.
6. juni : Masfjorden SKU er 25 år - og sjakklubben
markerte jubileet med ei tilstelling for medlemmar og foreldre på
Sandnes skule. Les meir
------------------------------------------------------------ |