UTBYGGJINGA AV ELEKTRISK KRAFT I MASFJORDEN
Forfatter: Arne L. Hope
Då fossefalla vart selde i Matre og Haugsdalsområda
i 1906, vart det teke under, at eit visst tal watt skulle leverast til
eindel av dei som selde vassrettane når kraftstasjonen var utbygd.
Dette med eit visst tal watt, smiler ein til nå, men ein skal hugsa
at dette var ukjende omgrep den gongen då folka var vande med ei
oljelampe og ei lykt til lys i myrketida.
Samstundes krov heradsstyret 300 hk el. kraft til bruk
i kommunen til ymse tiltak, som småindustri, elektrisk lys, drift
av maskiner jordbruket, o.s.b. Alt dette syner at det var ukjende krefter
ein stod overfor. Og der ingen den gongen såg kva denne utviklinga
førde med seg, med det som i utnyttinga av desse kreftene til bruk
for den enkelte i hus og heim ville skapa om livsvilkåra. Me skal
berre godta at me hadde gjort det same på den tida.
Men ettersom åra gjekk og dette vart meir ålment
kjend, så endra også det ålmenne synet seg på desse
ting.
Med krigsåra 1914-1918 kom landet inn i ei jobbetid
med skipsfart og transitthandel mellom krigførande makter, som ingen
hadde sett maken til. Og med pengeflaum auka tiltakslysta og det vart ein
aktivitet på så mange område både her og der.
I vår kommune liksom i mange andre, kom spørsmålet
om elektrisk kraftutbyggjing opp som ei av dei største saker til
løysing då. Og i kommunestyremøte den 4/2 1916 vart
det vald ei nemnd som skulle greia ut denne saka. Med i nemnda var: E.
A. Riisnes, A. J. Riisnes, Lars N. Kvinge, K. Otterstad, Erik Andvik, Ivar
Eikemo og Sakarias Kjetland.
Det var tiltak i gang med utbyggjing av Hommelfossen kraftstasjon
på den tida. Og dette selskapet gav eit tilbod på levering
av kraft til kommunen derfrå, i skriv 24/1 1918. Men nemnda såg
ei føremun i å byggja ut eige kraftverk antan i Blåfallselva
eller i Sørkvingevassdraget. Kommunen tok opp eit lån på
10.000 kr. til å greia ut desse planane.
Den 4/6 og 20/6 1916 låg det på nytt føre
tilbod om levering av kraft frå Matrefallene v/ing. Gjesdal.
Me var komne ut i fyrste etterkrigsåra. Og mange
ting endra seg fort då i økonomien. Folk var byrja stussa
på mange tiltak. Ville ei løysing med så lange avstandar
og grisgrendt busetnad vera så økonomisk forsvarleg at folk
makta eit slikt tiltak? Dette var spørsmålet kommunestyret
stod overfor. Dei fann dette uforsvarleg slik situasjonen då låg
tilrette. Og planane vart såleis lagde bort. Men dei føremuner
den elektriske krafta hadde på så mange omkverve levde det
mellom folk som eit ynskjemål å gjera nytte av den der det
kunne vera vilkår for det.
Då planane om ei kommunal kraftforsyning hadde falle
bort, tok folka i ei rekkje av grendene, der det var elvar og fossefall,
opp eit samarbeid og bygde på den måten ut ei rekkje mindre
elektriske grendeverk. Dei løyste på den måten spørsmålet,
sjølv om det i mange høve vart provisoriske tiltak medan
eit stort kraftverk elles ville skaffa stabil kraftframføring. Men
sjølv om det mange stader vart ei provisorisk løysing, så
var det likevel til nytte og glede for mange i lange tider, desse løysingar.
Det fyrste grendeverket vart bygt på Solheim. Anton
og Nils Solheim var mekanikarar hjå Wikmann på Rubbestadneset.
Dei bygde der ein liten peltonturbin som dei sette opp i ein liten stasjon.
Og med ein tilsvarande dynamo vart dette til lys for busetnaden på
Solheim. Dette var i 1918.
Omlag på same tid bygde Johan Otterstad ut ein mekanisk
verkstad ved Sandneselva. Den skulle drivast med elektrisk kraft. Frå
dette verket vart det så bygt kraftline til Sandnesgrenda. Ulempa
var at det var lite oppdemingsvilkår slik at i turkebolkar så
vart det lite både av kraft og spenning på nettet.
I 1919 bygde oppsitjarane i Haugsdal, Tverberg og Kjetland
eit grendeverk i fossen ned for Tverberg. Det var eit likestraumsverk på
ca. 35 kW. Men heller ikkje denne elva hadde vassføring nok til
full kraft i turkebolkar. Og fekk såleis lite spenning på nettet
i slike periodar. Dei hadde verket i drift til B .K.K. leverte kraft frå
Matre på det kommunale kraftnettet.
Same året bygde Torgeir Nordland og ein Håland
ut ein liten trevarefabrikk på Nordland. Den var driven med turbin,
med kraft frå Nordlandelva. Og i tillegg kjøpte dei ein dynamo
på 4,5 hk til lys. Bruka på Nordland fekk lys derfrå,
men måtte som vederlag byggja demme i Storevatnet for regulert vassføring.
Skulehuset fekk også lys derfrå. Då det ikkje var regulator
på maskina, stengde dei av straumen om natta.
I 1925 sette Kvinge Ullvarefabrikk inn ein dynamo til
drift av maskiner på fabrikken og til lys. Frå denne leverde
dei så kraft til ialt 15 huslydar i Sørkvingeområdet.
Dette verket vart i 1946 utvida til 100 kW. og i 1963 til 150 kW vekselstraum.
Kring 1925 bygde Elias Hope på Kvinge ut eit lite
kraftverk på 1-2 kW.
I 1921 bygde brørne Ludvik og Mikal Nordvang ut
eit kraftverk på 4 kW i ein foss i Tangedalselva. Dei leverte kraft
derfrå til garden Buskhaug. Dei hadde også periodar med lite
vassføring til full spenning. Verket vart nedlagt i 1955.
Erik Tangedal hadde bygt ut sagbruk og tynnefabrikk i
Frøysetelva. Han sette der inn eit lite kraftverk til lys i heimen
sin på Utlebøen.
I 1932 bygde oppsitjarane på Indre Hope eit kraftverk
på 6.5 kW. Dei hadde same ulempa som gjorde seg gjeldande dei fleste
stader at reguleringsvilkåra var for småe. Det vart såleis
periodar med for lite vatn. Dette verket var i drift til 1959. Dei gjekk
då over til den kommunale kraftleveringa.
I krigsåra 1940-1945 vart det bygt ei rekkje små
verk her og der, då det var vanskeleg med olje til lys.
I Stordal bygde dei eit kraftverk som skulle gjeva både
lys og kraft til Fjellstova som dei då dreiv. Avdi røyrene
var for små, fekk dei berre ut 7.5 kW av maskinane. Dei kjøpte
nye større røyrer til utviding. Dei låg i løa
på lager i 1945. Desse brann då opp saman med alt det andre.
Ut over det hadde tyskarane lagt ein sprengladning på
turbinen for å øydeleggja det heile. Denne fekk såleis
ein skade. Det heile førde til at det ikkje vart utviding av verket
seinare. Verket var i drift til B .K.K. demde det ned ved regulering av
Stordalsvatn. Då vart det bygt kraftline fram frå B .K.K. si
høgspentline. Og Stordal fekk kraft frå kommunen sitt kraftlag.
I 1942 sette Johan Dragøy opp ei såkalla
vindmølle som dreiv ein dynamo på 12 V. Dette verket lada
opp straum på batteri til lys i husa på Dragøy. Det
var i drift til 1954, då kommunal kraftline vart frambygd.
På same tid sette Alf Holmås opp eit lite
kraftverk i ei lita elv som renn ut i Torsvik. Det var på nokre hundre
watt, 220 V, og leverte lys til heimehusa.
A. J. Riisnes bygde eit verk på 500 W, 220 V i ei
elv frå Lammetjørna på Hosteland. Lars og Kaspar Reknes
bygde eit verk på 1 kW, 220 V i ei elv son renn ut i Reknesvågen.
Johan Brun budde under krigen i 2.dre høgda i Mollandseid
skulehus. Han bygde eit verk på 500 W i elva frå Mollandsvatnet
til lys i skulehuset.
Tor Bergsvik bygde ut eit verk på 1,5 kW i ei lita
elv som renn ut i Bergsvik. Det var i drift til 1961. Frå den tid
overtok M.k.k. kraftleveringa.
I 1946 bygde brørne Hans, Magnus og Gunnar Daae
eit kraftverk i Frøysetelva like ved utlaupet av Sleirsvatnet. Det
er på 10 kW 220 V. Dei har rikeleg vatn, og verket er framleis i
drift.
I 1947 vart det av oppsitjarane på Store-Sleire
og Saghågjen bygt eit verk i Markhusdalselva. Det var på 20
kW 220 V. Verket vart øydelagd ved ein stor flaum i 1966. Dei fekk
frå den tid kraft frå M.k.k.
I 1948 bygde Hans Molland eit verk på 1.5 kW i Fossdalselva.
Det var i drift til 1962. Då vart det bygt line fram frå transformator
på Eikemofossen.
I 1947 bygde Arthur Molland eit verk i elva nord for øyra.
Det vart seinare flytta til Lauvfossen. Det var på 4 kW. Det vart
nedlagd i 1966.
Erling Kvamsdal sette opp eit verk i ei lita elv som renn
ut i Kvamsdal. Seinare gjekk Erling og Botolv Kvamsdal saman om eit verk
på 4 kW i elva mellom Kvamsdal og Byrkjeland. Dette vart nedlagt
i 1960 då M.k.k. bygde kraftline til gardane der oppe.
Lars Nordland bygde eit kraftverk i 1940-50 åra.
Det var på 8 kW. Han selde frå det straum til handelsmennene
på Andvik. Brukarane på Totland bygde eit lite verk i Kvernhuset
ovafor garden i 1929 på 2 hk. I 1950 bygde dei nytt på 30-40
kW. Dei leverde då kraft til alle på Totland og Nordland. Det
vart nedlagd i 1973.
Smeden M. M. Hope hadde eit verk i fyrsten av 30-åra
på ei par kW. Det var straum både til lys og koking, såsant
smia ikkje gjekk for fullt.
Laurits Haugsdal hadde eit verk på 1 kW i elva i
Skeidal under krigen. Ola J. Kvingedal bygde eit i 1941 på 1,2 kW
delt på 3 huslydar der. Gotfred Kvingedal bygde eit same året
på i kW.
Bertin Kvinge bygde eit i 1943 på 7 kW. 15 huslydar
delte denne staumen. Nordkvingo grendaverk vart bygd i 1950. Det var på
32 kW, og 19 huslydar var saman om dette.
Alfred og Johan Einestrand bygde eit verk på 3,2
kW i 1945.
Johannes og Birger Mjanger bygde eit verk i 1942 på
3,2 kW til 4 huslydar der.
Magnus Bjørnevoll bygde eit verk på 1 kW
i 1940. Han utvida det seinare til 3 kW. Då tyskarane tok vatnet
frå denne elva til bruk i sandtaket, fekk han kraft frå dei
frå Hommelfossen.
I 1947 bygde Fossebrukarane eit kraftverk på 8 kW
på stupet av Brydalselva. Dette var i drift til 1957. Frå den
tid fekk dei kraft frå B.K.K.
Joakim Hennøy bygde eit verk i elva ved Gåtene.
Han hadde dette i drift ei årrekkje.
Magnus og Arne Eikemo bygde også eit lite verk til
lys i krigsåra. Bertin Haugsvær sette opp ein dynamo på
500 W i kvernhuset sitt. Og Anton Matre sette opp ein dynamo på 12
V i same elva.
Henning Haukeland bygde eit verk på 30 kW i 1951.
Dette verket vart nedlagd då B .K.K. førde vatnet frå
denne elva over til Matre kraftstasjon.
Hommelfossen kraftstasjon vart sett i drift av tyskarane
til bruk ved sand-drifta på Litle Matre, i 1944. Då dei måtte
kapitulera med all sin aktivitet i mai 1945, vart denne stasjonen stogga.
Norsk Hydro hadde i 1944 selt alle sine rettar i A/S Matrefallene
til Bergens kommune ved «Bergen byting» som det den gongen
heitte. Oppsitjarane på Matre tok opp spørsmålet med
dei dåverande styresmakter i Bergen om å få setja stasjonen
i gang att og få leiga kraft frå den til bruk i Matreområdet.
Den kom i drift i desember 1945.
Når ein skal sjå på dei mange tiltak
som er gjorde av folka i grender og gardar her og der for å få
nytta dei føremuner den elektriske krafta har til så mangslags
bruk, så var nok den løysinga dei fleste hadde kome fram til,
provisoriske tiltak. Det måtte såleis leggjast opp til heilt
andre ordningar vedkomande kraftforsyninga. Spørsmålet var
teke opp av dei som sat i styringa i 1944. Dei hadde også fått
lagt opp ei viss planløysing. Denne kom ikkje til gjennomføring.
Då det nye heradsstyret kom i arbeid i 1946 vart
denne saka teken oppatt og då med full tyngd. Ei ny nemnd vart vald
til å løysa denne oppgåva. Dei som der var i leiinga
var ordførar Magnus Halsøy og Ame J. Riisnes som formann
i styret. Det var nok desse to som fekk det meste av arbeidet med gjenomføringa
av kraftforsyninga.
Dei andre i nemnda var K. G. Reknes, Jon Haugsvær
og Lars Kvamsdal. Seinare vart nemnda endra til styre, formannen vart den
same men dei andre vart då: Jon Haugsvær, Alf Holmås
og Alfred Nygård.
Første spørsmålet nemnda tok opp,
var kraftforsyninga i området. Kraftstasjonen i Hommelfossen var
ei naturleg kraftkjelde å ta i bruk, slik den då var i bruk
til kraftforsyning i Matreområdet. Det vart teke opp tingingar med
Bergens Elektrisitetsverk, som då administrerte Matrefalla, og seinare
med B .K.K. då dei overtok rettane. Det tok år før det
vart løysing på denne saka.
Kraftleveringa låg likevel slik tilrette at det
måtte finnast ei løysing på den med tida. Og nemnda
gjekk over til å finna løysingar på framføring
av kraftlinenettet. I det spørsmålet stod dei over for dei
same vanskar som i 1918, med eit langt, dyrt linenett gjenom grisgrendt
busetnad.
Synet i statsadministrasjonen på å skaffa
elektrisk kraft fram til utkant-Noreg, hadde med åra endra seg mykje.
Skulle dette kunna gjenomførast måtte dei tettfolka, rikare
landsdeler vera villige til å hjelpa til ei slik løysing ved
at det vart gjeve statstilskot som ei ekstrahjelp. I prinsippet var dette
synet gjenomførd, og var administrert av Norges Vassdrags og Elektrisitetsvesen.
Frå Masfjorden kommune vart det send søknad
om tilskot til kraftlineframføring innan kommunen på slikt
grunnlag. Resultatet vart at det vart gjeve eit tilskot på 600.000
kroner av staten i fyrste omgang. Seinare vart det gjeve eit ekstra tilskot
til forsterking av kraftlina fram til Furebotten, for uttak av kraft derfrå
til Brekke og Gulen kommunar. Ut over dette vart det seinare gjeve eit
tilskot på 152.000 kroner.
Med så stor hjelp frå staten vart det så
søkt om lån i Kommunalbanken på 720.000 kroner. Dette
vart også godteke der. Då ymse ting kom til og gjorde det heile
dyrare, måtte det seinare til ymse tilleggslån.
Ut over lån og tilskot vart det vidare kravt inn
200 kroner av kvar einskild som ville få tilknytingsfeste for kraftlevering.
Frå alders tid, hadde dette med å hjelpa kvarandre
i kritiske fellestiltak havt stor hevd mellom folk. Dette er velkjende
ting. Ikkje minst når ein tenkjer på all vegbyggjing som er
utførd ved pliktdagsverk rundt land og strand.
Denne løysinga vart også teken i bruk ved
kraftlinebyggjing. Kvar husstand skulle såleis yta gratis 20 dagsverk
som plikt. Dette vart ei stor hjelp som sparde på kapitalen.
Ut over dette gav så grunneigarane fri grunn til
alle kraftliner. Dette med kraftliner langs skoglier skapte nok vanskar
for mange til transporten, så for slike var nok gratis grunn ei ekstra
yting. Men alle såg så stort på fellesbåten at
ingen tenkte på godtgjerdsle for slikt.
Overingeniør Lægreid ved Hordaland fylkes
elektrisitetsforsyning var konsulent for nemnda vedkomande det faglege.
Ein ingeniør Børslien vart leigd til å stikka høgspentlina.
Då alt var kome så langt at planleggjinga var fullførd,
vart arbeidet sett ut på tilbod. Entreprenørfirmaet Ingeniør
Olav Aga fekk arbeidet på høgspentlina, frårekna fjordspennet
ved Selvåg.
Les ein gjenom møteboka til heradsstyret finn ein
at det har vore «bylgjer» der vedkomande byggjing av kraftlina.
Nå er dette med opposisjonar i eit heradstyre velkjende ting. Det
er vel ein av dei demokratiske rettar folka har, og kan vel såleis
vera noko av ein kulturrett og eit kulturbilete i det politiske spelet.
Så for såvidt står ikkje denne saka onnorleis enn mange
andre. Men i ei kultursoge kan det vel vera av ei viss interesse å
ta med ein liten bite av denne sida også. Og eg tek med slik møteboka
syner denne sakshandsaminga.
Det var påstått at entreprenøren bygde
ei line med langt større avstand mellom stolpefesta enn det som
stikkinga synte, og at det på den måten ville verta ei mykje
svakare line, samstundes som dette gav mindre utlegg for entreprenøren,
eller større inntekt.
Ut frå møteboka syner det seg at det heile
hadde bakgrunn i folkeprat der det ikkje var teknisk kunnskap om det som
galdt desse ting. Då dei faglege ting vedkomande spørsmålet
vart framlagde, gjekk «lufta ut av ballongen». Og den som skulle
ta sluttoppgjerdet med entreprenøren måtte pent be heradsstyret
om å godkjenna hans arbeid for ikkje å koma i unødige
vanskar. At lina var stukken for svak er ei onnor sak. Men det var ing.
Børslien og Hordaland Fylkes el. -kontor som hadde ansvaret for
dette og for at den seinare måtte forsterkast på kraftlaget
si rekning.
Framføring av lina vart delt i 2 byggjesteg. Den
på sørsida var planlagd fram til Mjanger, då Kvingeområdet
hadde privat el. forsyning. Dette vart seinare endra til at den vart bygt
fram til Sørkvingeområdet mot at dei tok kraftforsyninga frå
dette linenettet. På nordsida vart den bygt fram til Ytre Haugsdal.
Hausten 1952 vart straumen sett på linenettet. Og
med det som då var lagt til rette, tok ei ny tid til for masfjordfolka,
både i heimane og med gardsdrifta og elles for ymse industrielle
tiltak. Dette året vart såleis eit merkeår i Masfjorden
si soge.
Byggjesteg 2 tok til i 1959 og vart ferdig i 1961. Den
omfata desse grender og gardar: Løveide, Øyra, Lia, Kvamsdal,
Byrkjeland, Lindebotten og Brekkene, på nordsida av Masfjorden. På
sørsida var det Skuggedal og Barlindbotten.
Og i indre fjorden var det garden Hope som fekk e.l. kraft
ved dette byggjesteget. I 1961 vart det lagd sjøkablar til Raunøy
og Herøy. I 1971 vart det så lagd fram kraftline til Mollandsøy.
Den siste bustaden i Masfjorden.
Det kan ha ei viss interesse av å sjå utviklinga
i sal av el. kraft i kommunen. Og ein tek med nokre tal som kan syna dette.
Tala viser årstal, maksimal last i kW og forbruket i kWh (kilowattime).
Siste talrekkja viser inntekt av straumsalet:
1955 - 550kW - 135.000 kWh - kr. 70.000
1960 - 1050 kW - 5,3 mill.kWh - kr. 200.000
1965 - 1600 kW - 6.6 mill.kWh - kr. 295.000
1970 - 2070 kW - 10,2 mill.kWh - kr. 460.000
1975 - 2380 kW - 12,25 mill.kWh - kr. 715.312
Det elektriske kraftforbruket har såleis auka sterkt
i denne 20-års perioden. Gulakraft (kraftlaget i Gulen kommune med
fleire) kjøper også kraft frå BKK sin kraftstasjon på
Matre, og dei nyttar Masfjorden kommune sine liner for overføring
av kraft via Furebotten og Rambjørg. Dette saman med kraftauken
i Masfjorden har ført til at kraft- og spenningstapet på dei
lange liner frå Matre til ytre Masfjorden har vorte altfor stort.
Kraftlaget har havt mange planar for å retta på dette, men
åra gjekk utan at planane vart gjenomførde.
I 1975 sette BKK under spenning ei kraftline frå
Matre langs nordsida av Masfjorden til Halsvik og med sjøkabel derfrå
til Mongstad for å forsyna industrisenteret der med el.kraft.
Masfjorden kom.kraftlag og Gulakraft vart samde om å
byggja ein felles transformatorstasjon ved Frøyset (Tangedalsvatnet).
Dei fekk avtale med BKK om å ta ut kraft til den frå denne
132 kV fjernlina til Mongstad. Denne stasjonen har fått namnet Frøyset
transformatorstasjon. Transformatoren er på 15.000 kW og den transformerer
spenninga ned frå 132 til 22 kV. Den vart sett i drift i 1976. Indrefjorden
og deler av Gulen fær framleis kraft direkte frå Matre kraftstasjon.
Frå Frøyset transformatorstasjon skal det
nå byggjast ei ny 22 kV line til Selvågnes, som er eit tyngdepunkt
i Mkk sitt kraftlinenett. Med denne utbyggjinga og ein god del forsterking
av nåverande liner, vil Masfjorden få ei god kraftforsyning
i lang tid framover.
Det er nemnt tidlegare at tiltaket med den elektriske
kraftforsyninga kravde både pågangsmot og handlekraft av einskildpersonar.
Dei som gjekk i brodden var ordførar Magnus Halsøy
og A. J. Riisnes som formann i styret. Dei fekk såleis det meste
å gjera med det som vedkom planleggjing og byggjing i fyrste byggjesteget.
Halsøy slutta som ordførar i 1956, A. J. Riisnes slutta som
formann i styret i 1957. Elles i styret har desse vore med fram til 1960:
Alfred Nygård frå 1949, formann frå
1957. Alf Holmås til 1952. Jon Haugsvær til 1955, Arne L. Hope
frå 1955, Sverre Matre frå 1957, Johs. Mjanger frå 1957.
Seinare har det vore ymse utskiftingar i styret.
Byggjeleiar var Ole Heggernes frå Hjelmås.
Frå 1955 vart Konrad Askeland tilsett som driftsstyrar.
Han var i stillingen til oktober 1957. Då vart Brynjulf Kristiansen
tilsett. Han var der til 1/11 1965. Frå den tid vart Gunnar Daae
tilsett og han er der framleis i 1977.
Dette er i korte trekk mest ei opprekning av det grender
og einskildpersonar har fått til for å gjera seg nytte av dei
nye livsvilkåra den elektriske krafta skapte for større trivnad
og lettare arbeidsinnsats. Men bak kvart einskild tiltak ligg nok ein stor
innsats av den enkelte både Økonomisk og ved arbeidstiltak
i ei økonomisk vanskeleg tid.
Men største tiltaket ligg nok bak det kommunen
sette i verk. Det skulle stort mot til å gjenomføra dette
i den tidsperioden. Det var svak økonomi både på den
kommunale og det private plan den gongen. Det var ikkje berre å føra
kraftlina fram til husvegg, men alt som skulle til av installasjon og elektriske
apparat i heimane måtte kvar einskild syta for.
Ei økonomisk oppgangstid tok til i den tida og
den kom til nytte både for kommunen og den private med eit rikt arbeidsliv.
Største orsaka til dette var den aktiviteten kraftutbygginga i Matre-Haugsdalsområdet
førde med seg, og som skapte ringverknader utetter til betre betalingsevne
og sterkare økonomi hjå den enkelte. Når ein ser alt
dette i ein samanheng, så kom dette store, ja, kanskje største
fellestiltak i Masfjorden i den rette tid, til gagn og glede for alle. |