KRAFTUTBYGGJINGA
Forfatter: Arne L. Hope
Frå opphavet hadde ikkje menneskja andre hjelpemidlar
til livsopphaldet enn det som den råe muskelkrafta kunne rå
med. Slik var det i våre bygder til langt inn i vårt årtusen.
Den fyrste utnyttinga av fossekrafta fekk me i våre bygder då
kvernane i fossefalla her og der avløyste handkverna til maling
av mjøl til hushaldet, og der sagene avløyste handsaga og
bila til handtering av tommerstokken. Desse tinga har Kristen Bergsvik
skrive om annan stad i denne boka, så det trengst ikkje meir om dette.
Men eit skriv frå Det Nyttige Selskab er så
interessant at det bør takast med her, då det gjeld den fyrste
regulering og kraftutbyggjing i Haugsdalselva.
"Fire oppsiddere på Garden Indre Haugsdal i Lindås
Prestegjeld, og Sandnes aneks, har i året 1799 med meget Arbeide
og ved at bortføre store Stene og på nogle Steder ladet minere,
fremledet Vand fra en stor Elv over nogle og otti Alen i lengde til et
betydeligt Sted, hvori intet Kvernhus var tilforn, og nu vil blive til
stor nytte, den tilståes 4 Rdi. (1801)."
Dette var såleis den fyrste utnytting av krafta
i Haugsdalselva.
Då fysikken oppdaga magnetkreftene og ved roterande
røsler fekk fram straum som slo gneistar, stod ein ovanfor nye ukjende
krefter som menneskja hadde vore ukjende med før, utover det lyn
og torevær hadde skapt til redsle og øydeleggjing.
Og då det vart oppdaga korleis ein kunne ta desse
kreftene i praktisk bruk, stod menneskja overfor nye revolusjonerande tider.
Ikkje minst gjorde det seg gjeldande då Thomas Edison rundt hundreårsskiftet
(1880) greidde å leia denne straumen gjennom trådar i ei glaspære
slik at det skapte lys av den.
For å få fram desse kreftene, måtte
det drivkraft til. Og det var vel berre rimeleg at det var Bergen som var
fyrst ute i vårt område med det fyrste elektrisitetsverket
på Vestlandet rundt hundreårsskiftet. Det var drive av dampmaskinar.
Men dette gav idear til tiltaksame forretningsfolk. Den
billegaste drivkrafta var nok fossefalla våre, som her var så
rikeleg av.
Og så vart elvane og fossefalla våre eit spekulasjonsobjekt.
Pengesterke folk reiste rundt land og strand, kanskje også ved stråmenn,
og kjøpte opp ei mengd fossefall og grunnrettar.
Til våre bygder kom det såleis ein mann som
heitte Blaauw som var interessert i å kjøpa opp vassrettane
i Haugsdals- og Matrevassdraga i 1906.
Då elvane hadde runne gjennom dalane i uminnelege
tider utan å ha gjort nokon særs nytte utover fisket som var
ein del av næringsgrunnlaget, så skal me ikkje fortenkja folk
i at dei selde desse elve- og vassrettane, som dei såleis lite nytte
hadde havt av til livsopphaldet, for pengesummar som kanskje var større
enn det dei hadde betalt for gardane dei budde på. At dei ikkje såg
verdiane i denne krafta ved utnytting til tilfeldig industri, kunne vel
ingen venta.
Alle vassrettane i Matre og Haugsdalsvassdraga vart selde
og fråskjøytte bruka det året.
Blaauw selde så vidare desse rettane til Fr. Hiorth.
Med tanke på å byggja fabrikk på Matre,
vart det i tillegg til vassrettane også kjøpt det meste av
gardsbruka på Matre.
Ein del av desse vassrettane låg innanfor grensene
til Modalen, Lavik og Brekke kommunar. Alle vassrettane samanlagd vart
den gongen selde for 192.150 kr. Dertil kjem sal av grunnrettar på
Matre for 78.060 kr. Ialt vart så det heile seld for 270.210 kroner.
Fr. Hiorth fann det føremålstenleg å
selja det heile til eit selskap, A/S Matrefallene, som vart skipa i 1908,
for ialt 600.950 kroner. Ved spekulasjonar vart det såleis ei forteneste
på 330.740 kroner på desse rettane.
Bak S/S Matrefallene stod eit tysk selskap: Badische Anilin
og Sodafabrik, eit tysk industrikonsern. Med sine eigne metodar for utvinning
av kvæve frå lufta omdanna til salpeter, ville dette selskapet
verta ein hard konkurrent for Norsk Hydro på Rjukan, som eit fransk
industrikonsert då åtte. Difor vart desse selskapa slegne saman
til eit selskap i 1917, og stod såleis betre rusta ved å utnytta
nye oppfinningar.
Den 9.6. 1908 søkte så A/S Matrefallene om
konsesjon på å byggja ut kraftkjeldene i Haugsdals og Matrevassdraga.
Søknaden vart ført i pennen av advokatane Platou og Heyerdahl.
I møteboka til Masfjorden heradstyre er det teke
med ei lang utgreiing om alle ulemper ein fabrikk ville skapa for bygda
ved neddemming av fjellbeite, overføring av vatn fra eit vassdrag
til eit anna, vanskar med å utnytta ein ny marknad for jordbruksprodukt
på Matre ved kastevindar i ein smal fjord, mellom høge fjell
o.s.b. Heile denne utgreiinga er altfor lang til å ta med her. Men
konklusjonen til slutt kan ha ei viss interesse å ta med:
1. At det inden arbeidet tillates påbegyndt stilles
full sikkerhed for at Masfjorden Fatigvesen ingen utgift påføres
av nogen av dette anlæg benytter personer eller deres familier, hverken
i utbyggingstiden eller senere, samt at politioppsyn må være
herredskassen uvedkommende.
2. At selskapet inden arbeidet tillades påbegynt
at betale til Masfjorden kommune 100.000 kroner - et hundretusen kroner
- der bliver at avsætte til et fond for Herredet.
3. At Masfjorden kommune sikres rett til når anlegget
er utbygget, at forlange sig frit levert til stadig bruk 300 hestekrefter
tilvirket elektrisk kraft til småindustri, drift av landbruksmaskiner,
lysanlegg med videre, dog således at inntil denne kraft blir taget
i bruk, skal kommunen kunne forlange sig utbetalt et kontantbeløp
årlig svarende til verdien av 300 hk. regnet til produksjonspris.
4. At selskapet tilplikter inden en nærmere fastsat
frist at oparbeide efter amtsveistyrelsens plan og under dennes kontroll
det fra Matre-Solheim prosjekterende hovedveisanlegg, samt hovedvei fra
Matre til Haugsdal. Bygdevei fra Matre-Lillematredalen, samt tilpliktes
at fullføre det delvis oparbeidede bygdeveisanlegg Matre-Fosse.
Og vidare at de veier selskapet må bygge, bliver at stille til fri
afbenyttelse.
5. At distriktets Dampskibsselskap sikres fortrinnsrett
til den ved fabrikkens utbygging og fremtidige drift øgede trafikk
mellem Matre og Bergen i den udstrekning Selskabet magter at overkomme.
6. At anlegget med tilhørende grundarealer, udbygninger,
dammer med videre efter den i konsesjonsloven fastsatte konsesjonstid der
fornemmes passende at kunne ansettes til 75 år, heftelsesfrit og
uden vederlag tilfalder Masfjorden kommune på vilkår der nærmere
blir at fastsette af den Norske Regjering.
Konsesjon på utbyggjinga vart gjeven ved kongelege
resolusjonar den 16.9 og 23.11 1908. Som ein ser handla styremaktene raskt
den gongen. Konsesjonsvilkåra har ein ikkje avskrift av her. Men
ein del av vilkåra frå heradstyret er nok teke med. M.a. er
leveringsplikta på e.l. kraft til kommunen auka til 500 hk til ein
pris av 30 kr. hk årleg teke med. Og dette vilkåret har fylgt
med i seinare konsesjon.
Vidare stilte selskapet 10.000 kr. til rådvelde
for kommunen som distriktstilskot til vegen Matre-Solheim. Ein kan vel
sjå dette som utslagsgjevande for at Hans B. Wergeland, som i den
tid også var stortingsmann, greidde å få gjennomførd
vedtak på byggjing av denne vegen både i heradstyre, fylkesting
og storting. I Stortinget vart den teken opp til byggjing for ekstraordinære
midlar. Eit viktig grunnlag for vegen var at fabrikken måtte ut or
dei isvanskar som indrefjorden hadde årvisst.
Sjå elles meir om vegbyggjinga under det som M.
H. Matre har skrive om desse ting under delen som kjem inn under samferdsla.
A/S Matrefallene sette i gang med førebuande arbeid
for kraftutbyggjinga med kartleggjing i fjellområda, byggjing av
barakker i Holene og i øvreda1en og vegbyggjing mot Fosse. Dessutan
bygde dei barakke i Ganglausbotn og funksjonærbustader på Matre.
På Matre førebudde dei seg også til
storindustrien med at bn. 1 og 4 flytte ut or husa på gardane som
var selde, og bygde nye på tildelte tomter. Fra bn. 2 reiste heile
huslyden ut or bygda. Einast på bn. 3 vart dei buande att på
tunet. I det heile førde dette til store omskifte i bondesamfunnet.
Det såg ut for å verta storindustri, og hadde
vel vorte det og, om alt hadde gått i fredelege former landa imellom.
Men så kom krigen i 1914 og snudde om så mykje
av planleggjingar. Og då det var tysk kapitat som stod bak A/S Matrefaltene
vart arbeidet her nedlagd og folka reiste herfrå. I 1917 vart likevel
arbeidet teke oppatt under ny leiing.
Då tok dei til med byggjing av kraftstasjon ved
Hommelfossen. I 1918 tilbaud såleis selskapet kommunen kraft derifrå.
Men dette vart aldri aktuett, for førenn stasjonen vart ferdig utbygd,
vart arbeidet på nytt nedlagd. Det einaste som kunne seiast var fullførd
og kom til nytte for bygda, var vegen til Fosse. Alt det andre var berre
spreidde tittak som det vart lagd ei død hand over. Det var vel
dei vanskelege etterkrigsåra som skapte så mange slags vanskar
på alle område, som var årsaka.
I krigsåra tok tyskarane til med sanddrift på
Litle Matre. Dei såg då den halvferdige kraftstasjonen ved
Hommetfossen, og såg nytten om denne stasjonen hadde vorten ferdigbygd.
Dei sette så igang arbeid på dette. Den vart teken i bruk i
1944.
Det var Norsk Hydro som stod som eigar av A/S Matrefallene.
Men slik utviklinga såg ut til å gå for det som hadde
med industri å gjera, var det lite utsikt til å verta nye marknader
for salpeterproduksjonen. Og å ha bunden kapital i kraftkjelder som
ikkje kunne gje inntekter, fann leiinga det lite føremålstenleg.
Det var difor mest klokt å selja det heile, fann dei ut. Dei gav
difor eit tilbod til Bergen "byting" om å overdra alle rettar i A/S
Matrefattene til dei for 1.075.000 kroner.
"Bytinget" vedtok så i møte 17. mars 1944
å kjøpa rettane på desse vilkår.
Då dette vedtaket vart gjort av styret som ikkje
hadde samanhang med demokratiske retningsliner, så vart saka teken
oppatt til ny handsaming i Bergen bystyre. den 13. juni 1946. Der vart
så kjøpet godkjend og stadfest. Desse rettane vart så
seinare overdregne til Bergenshalvvøens kommunale kraftselskap.
Og ved møte i representantskapet der den 4.7. 1947 vart så
overdragingsvilkåra godkjende slik Bergen bystyre hadde overteke
eigedomane.
Slik situasjonen såg ut på den tida, med eit
utarma land med mykje krigsskade som skulle byggjast oppatt, var det lite
utsikt til at B..K.K. ville ta til med å byggja desse kraftkjeldene
før ein gong ut i lang framtid. Ein viss pessimisme rådde
mellom folka her på dette området. Ikkje minst såleis
i Matreområdet, der dei hadde site i usikre eigedomstilhøve
i snart ein 50-års periode.
Men med Marshallplanen og ymse andre tiltak kom landet
inn i ein vekstperiode som ein aldri har sett maken til. Og aktivitet på
mange område gjorde spørsmålet om større tilgang
på e. l. kraft aktuett.
B .K.K. hadde sikra seg dei største kraftkjeldene
i nordre luten av Hordaland. Kva for ei av desse som stod for tur til utbyggjing
etterat Dalevassdraget var utbygd, var i det uvisse. Og ein viss \"nervekrig\"
overfor dei ymse kommunestyre var vel med i planane. Det vart likevel Matre-Haugsdal
vassdraga som då kom med i planane. Og i 1951 tok så det fyrste
arbeidet til på Matre. Og det såg såleis ut for at området
skulle koma ut or ein mangeårig dødperiode.
Med dette arbeidet som såleis starta opp då
tok ei ny tid til i Masfjorden på det økonomiske området.
Med dei små gardsbruka hadde det til alle tider
vore helst trange økonomiske tilhøve mellom folk flest. Men
likevel fann folk seg vel tilrette med dei tilstander økonomien
tillet. Under dei nye tilhøva med lett tilgang på godt løna
arbeid så tok likevel ein stor del av bøndene i bygda arbeid
på anlegget. Gardsarbeidet vart stort sett drive på fritida,
og elles med den hjelpa som var att heime. Dette med auka inntekt gav så
grunnlag for mange nye tiltak rundt i heimane og på gardane som det
tidlegere ikkje hadde vore råd til, slik som vøling og modernisering
av husa, kjøp av nye maskinar til gardsdrifta og mykje anna. Eller
med andre ord: Ein var komen inn i ein materialistisk tidsperiode.
Det gjekk nok i mange høve ut over ei svak gardsdrift.
Men når ein ser attende på denne tida, så merkar ein
at folk no sit rundt i heimane i stor velstand. Men mange andre ting har
også vore medverkande til denne utviklinga.
Det vart utbyggjinga av Haugsdalsvassdraget som først
vart sett i gang. Dette låg såleis til at det gav grunnlag
for å få kraftproduksjon der frå, på etter måten
kort tid, etter at Hommelfossen kraftverk vart utvida til 2000 hk eller
1,8 MV til anleggsdrifta og straumlevering til Masfjorden.
Med ein kraftstasjon inne i fjellet på Litle Matre,
stor nok til å ta all maskinninstallasjon for heile utbyggjinga i
området, med en tunnel derfrå til Godbottvatn, var fyrste delen
av utbyggjinga klar for igangsetjing med fyrste maskinene i 1956. Seinare
vart Storevatn, Svartevatn, Skjerjevatn og ein del andre i området
regulert for å samla opp overskotet av nedbøren til seinare
bruk. Til utnytting av denne krafta er det sett inn 3 Peltonturbinar som
kvar gjev ei kraftmengd på 44.000 hk. Desse gjev så ei kraftmengd
utteke frå generatorane på 44.000 hk kvar, eller samanlagt
132.000 hk + 1 stasjonsaggregat på 1000 hk. Eller sagt på ein
annan måte: 3 x 40 MV. Tilsaman 120 MVA.
Då denne reguleringa var ferdig, vart arbeidet på
Matrevassdraget sett i gang. Det vart driven ein tunnel frå Matre
til Stordalsvatn i ei lengd av 12 km med Stordatsvatn som innntaksdam for
reguleringsområdet. I samband med denne reguleringa vart så
Mosedalsvatn og Hopsstølsvatn overførde til Stordalsvatn
gjennom tunnelar, medan Holmevatn og Krangrøvatn vart overførde
til Krokvatn. Seinare vart Store Fjellvatn i Kringlebotsvassdraget også
overførd til Krokvatn gjennom Fridalsvatn og såleis nytta
i Stordal stasjon derifrå. Den delen av dette vassdraget som låg
innafor driftstunnelen vart så teke ned der gjennom ei sjakt, medan
resten rann ut mot Hommelfossen stasjon.
I Matre stasjon er det frå desse vassdrag sett inn
2 stk. Fransisturbinar på kvar 82.000 hk med generatorar som leverar
ialt 164.000 hk, eller 2 x 70 = 140 MVA.
Då A/S Matrefallene også hadde kjøpt
vassrettane i Førdefallene og B.K.K. hadde fått hand om desse
rettane, vart det aktuelt å få førd dette vatnet over
til Matre stasjon. Dette fekk dei løyve til ved konsesjon, ved tunnel
til Årdalsvatn og ved å overføra Oslandsstølsvatn
i Østerbøvassdraget til Årdalstunnelen og ein del vatn
som elles rann mot Ikjefjord og Oppedal til Krokvatn, så har dei
nå praktisk tala teke inn til denne reguleringa all nedbør
i dette store området. Det er vel der meir vatn enn maskininstallasjonen
kan ta imot.
Det har vore store reguleringar dette, inne i fjellområdet,
som har sett store merke etter seg, sett frå naturvernssynstad. Men
det har vorte gjort ein del til rette på dette ved å måla
lukehus med naturfargar, og ved å så grasfrø i steintippane,
så med tida vil mykje av såra gro att. Og så har det
som eit ekstra gode for alment bruk vorte bygd mange mil veg inn i fjellområda.
No kan det med bilar køyrast inn der til nyting av fjellnaturen
av kven som helst, der det før høyrdes ut som eit eventyr
å ferdast.
For å utnytta fallhøgder som låg tilrette
for rimeleg utnytting, vart alle vatn som låg i kotehøgder
over Krokvatn regulerte dertil.
Det vart så bygd kraftstasjon ved Stordalsvatn for
å nytta ut denne fallhøgda. Denne stasjonen vart sett i drift
i 1974 med eit aggregat på 35 MVA.
Siste delen av denne utnyttinga av fallhøgdene
i områda her er no ein stasjon under byggjing i Vemundsbotn i Haugsdalsvassdraget.
Det vil der verta utnytta fallhøgdene frå Øvre Storevatn
og frå Svartevatn til Godbottvatn. Denne er kalla Vemundsbotn kraftverk
og er pa 55 MVA.
Med denne siste utbyggjinga er det dermed sett sluttstrek
for å kunna gjera meir nytte av dei vassmengder og fallhøgder
som er i desse områda. Det er frammanfor teke med det som vart betalt
for vassrettar og grunnrettar i 1906. Då dette låg langt under
dei rimelege verdiar vart det teke opp tinging mellom representantar frå
kommunen, grunneigarane og B.K.K. om tillegg til kjøpesummane. Desse
tingingar førde til at det vart gjeve eindel gratis kraft til grunneigarane.
Likeeins vart det gjeve skade- og ulempeserstatningar etter offentleg skyn
der tingingar med grunneigarane ikkje førde fram.
Økonomisk sett er Matre Kraftverk den største
arbeidsgjevaren i kommunen. Det er 29 arbeidsplassar knytte til denne drifta.
Dertil er dette den største skattytaren. I 1976 er det likna 1.684.850,-
kroner i kommuneskatt og 34.810 i andre særskattar, ialt 1.719.660
kroner. Konsesjonsavgiftene er innbetalte til Industridepartementet som
deler den på dei einskilde kommunar. Det har av og til vorte reist
spørsmål over denne delingsmåten. For 1976 får
kommunen 208.506,- kroner av denne avgifta.
I 1969 vart kraftverket pålagd å yta 500.000
kroner som grunnkapital i eit næringsfond for kommunen. Og dessutan
å yta eit årlegt tilskot til dette fondet på kr. 0,50
pr. naturhestekraft. Denne summen saman med renter og kapital er 31/12
1976 bokførd med 911.795,12 kroner. Som ein ser er det store tal
dette etter det ein har vore vand med før, og det er såleis
til stor hjelp for mange tiltak innan dei offenttege oppgåver som
skal løysast. |