Lensmenn i Masfjorden
Forfatter: Lars Nordland
Kommunen vart eige lensmannsdistrikt i 1880
1. Bonde, kyrkjesongar og stortingsmann Erik Arneson Riisnes
frå 1880 til sin død i 1881.
2. Karl Skauge frå 1881 til sin død 1883.
3. Bonde og kyrkjesongar Arne Gabriel Risnes frå
1883 til 1919.
4. Agronom og bonde Erik Arneson Riisnes frå 1919
til sin død 1935.
5. Agronom og bonde Alf Ludvigson Holmås. Han er
fødd i Lindås. Er utdanna frå Stend jordbruksskule.
Han kom til Risnes og vart lensmannsbetjent der i 1922. Då lensmann
Erik Riisnes døydde søkte han lensmannsombodet og vart lensmann
i 1935.
Under krigen vart han den 12/10 1942 arrestert av tyskarane.
Bakgrunnen var opplysningar til tyskarane frå ein arrestert agent
frå England, Erling Marthinsen, der denne rekna han som pålitande
og engelskvenleg. Sjølv erklærte han seg engelskvenleg og
kongetru, og motstandar av den nye regjering. Av sikringsgrunnar vart han
så varetektsfengsla og gjeven avskil frå tenesta. Han var på
Grini til 29/12 1943. Han overtok som lensmann att 8/5 1945.
Utanom lensmannsombodet hadde han mange tillitsyrke i
kommunen. Han fekk kongens fortenestemedalje for tenestfullt arbeid. Sjå
elles band 1 under Torsvik. I tida han var ute or teneste var desse nasistvenlege
personar i tenesta:
1. Petter Tegnby frå 12/10 1942 til 1/1 1943.
2. Magnus Maurstad frå 1/1 1943 til 7/5 1945.
6. Johannes Otto Helland. Han er fødd i Fjellberg
i Kvinnherad. Gjekk Framnes ungdomsskule. Er agronom frå Tomb jordbruksskule.
Har eksamen frå Holgersens handelsskule i Haugesund, og har gått
statens politiskule. Han vart lensmannsbetjent frå 10/3 1955. Då
Holmås gjekk av for aldersgrensa søkte han lensmannsombodet
og vart lensmann frå 3/3 1970. Helland har ei rekkje tillitsyrke
i kommunen og elles i andre organisasjonar. Sjå elles Torsvik bnr.
31 i band 1. |