Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
MASFJORDEN LÆRARFORENING
Forfatter: Lars Nordland

NAMNET SEINARE: MASFJORDEN LÆRARLAG. 
Masfjordens lærerforening stiftedes af undertegnede den 23de januar 1882. Følgende grundregler vedtoges: 

1. Foreningens formaal er ved sammenkomster at virke til skolens fremme samt at udbrede broderaand blandt sine medlemmer. 

2. Berettigede til at være medlemmer af foreningen er Masfjordens lærere, hvortil ogsaa presten, som skolebestyrer, henregnes. 

3. Andre lærere og seminarister kunne faa adgang til enkelte møder ved gjennem en af medlemmerne at fremføres for formanden. 

4. Ved enkelte anliggender kan enhver, hvis nærværelse antages at være ønskelig for foreningen, af denne tilstedes adgang til deres forhandlinger. 

5. Foreningens udgifter fordeles lige mellem medlemmeme. 

6. Foreningen vælger ud af sin midte en formand og en viceformand samt en sekretær, der tillige er kasserer. Funktionstiden for disse er et aar. 

7. Formanden sammenkalder foreningen til møde, som afholdes minst 2 gange om aaret. Møderne sammenkaldes paa en for medlemmerne saavidt mulig beleilig og hensiktsmessig tid og paa et for samme heldigt sted. 

8. Formanden modtager og sørger for forhandlingsemner og bekjendtgjør disse i betimelig tid. 

9. Foreningen bestemmer hvilke themaer, der skal behandles. Themaer, som henligger fra forrige møde, behandles i det næste. 

10. For at udgjøre stemmeberettigede møde udfordres tilstedeværelsen af over en halvdel af foreningens medlemmer. 

11. Til afgjørelsen af andre sager udfordres stemmeflerhed. 

12. Foreningen kan holde aviser og tidsskrifter, der er af interesse for foreninens formaal. 

13. Hvis foreningen selv udgiver en avis, vælges en redaktør, hvis funktionstid er et aar. 

14. Forslag til forandring i grundreglene fremsættes på et møde og afgjøres ved 2/3 stemmeflerhed i næste møde. 

Til formand valgtes A. Riisnæs, viceformand H. Børnæs, sekretær og kasserer H. Asheim og til redaktør G. Monsen. 

Kvame 23de januar 1882. 

Thorbjørn Frølich, Hans Asheim, G. Monsen, Arne Riisnæs, E. Hope, J. Haugsvær, H. A. L. Børnæs, R. M. Haugsvær. 

Det fyrste vanlege møtet vart halde på Kvamme. Alle medlemane var til stads. Arne Riisnæs vart vald til ordstyrar. «Grundreglene» vart lesne og vedtekne. Det var ikkje kome inn framlag til forhandlingsemne. Formannen sette då fram dette: «Hvad kan en lærer gjøre for at bevare det nasjonale blandt folket». Han var ikkje fyrebudd på fyreorda emnet, og han meinte ikkje det nasjonale i det heile, men det sernorske i namneskikk. 

Under samtalen um spursmålet var det peikt på ei mengd nye namn i ei framand form som hadde trengt burt dei gamle gode. Dei som burde ha verna um norsk mål, hadde teke eit framandt i staden, og med dette fylgde ogso at namni skulde retta seg etter framand talebruk. Folk apa etter det framande og trudde det var fint. Grunnen til dette var fåkunna, og difor burde ein syrja for at folk fekk upplysning om desse ting. Og her kunde lærarane gjera noko so folk fekk kunnskap um dei gode, gamle norske namn. Det var nemnd at kvar lærar burde setja seg godt inn i dette spursmål, med anna ved å lesa Ivar Åsens navnebog. Ved samtalar med folk måtte dei so freista få folk til å interessera seg for gode norske namn. Læraren måtte ogso vekkja sansen hjå borni for det same. 

«Skikken med navnene er som meget andet kommet fra byerne, men efterhvert, som det norske folk finder sig selv igjen og kommer sig til bedre og bedre at stå på egne ben, vil det også sætte meget pris på sine gamle navne og holde dem for det bedste, og derimod lidt efter hvert drive ud de fremmede «langfanterne» som er kommet ind udenfra.» 

På samme møte hadde dei fyre seg um tukt i skulen. Det var Hans Asheim som sette fram emnet. Under ordskiftet vart det sers peika på at læraren sitt arbeid var eit uppsedingsarbeid. Det arbeidet var av Vorherre lagt på foreldri, men i skulen gjekk læraren inn i foreldri sitt ansvar og arbeid. Målet for uppsedingi måtte vera å få barnet til å sky det vonde og få hug til det gode. Læraren måtte nytta alle tuktemidlar han rådde yver - bruka, men ikkje misbruka dei. Beste og største midlet i uppsedingi var kjærleiken. Læraren måtte ved sin kjærleik til barnet vinna barnet sin kjærleik. Då vilde barnet akta seg for å gjera læraren imot. Det vart og halde sterkt fram at uppsedingi måtte få tak i viljen -. Barnet måtte beintfram venjast til å vilja det gode. Um lekamleg refsing var det delte meiningar. Sume meinte det var uturvande. Det heile kvilde på læraren - hans framferd og hans undervisning. Andre meinte at lekamleg straff måtte til for dei uskikkelege borni som heimantil var vane med å ikkje lyda utan lekamleg straff. 

Det tredje emnet dei hadde fyre seg, var: «Er det ønskeleg at skoletiden forandres.» Dei fleste meinte at det vilde vore bra um den daglege skuletid hadde vore frå klokka 8 til 2 istaden for som no frå 9 til 4 med ein time middag. 
Kunde ein fenge tidi frå 8 til 2, vilde borni ha fenge betre tid til heima-arbeid og læraren til fyrebuings-arbeid. Men dei var redde for at dei ikkje fekk medhald av foreldri. Det var semja um at spursmålet burde takast upp i skulestyret. 

Det vart og fastsett at ein skulde freista få provstilærarmøtet lagd til Solheim. 

So er det ikkje referat frå noko møte fyrr 2/1 1885. Då vart sokneprest Frølich vald til formann og Børnes til skrivar og kassestyrar. 

Ola Areklett fyreorda: «Indremisjonen, dens berettigelse, betydning og heldigste virkemåde, samt hvorledes lærerne skal stille sig til denne.» 

I ordskiftet var alle samde um at indremisjonsverksemdi var god og gagnleg, men um «virkemåden» var der ymse meiningar. Sume meinte at det måtte skipast lag, og at lærarane burde vera sjølvskrivne leidarar i slike lag. Andre meinte lærarane kunde innskrenka si verksemd til eit godt fyredøme og vanlege samtalar med folket. Presten var samd i at indremisjonen kunde vera til stor signing, men han åtvara mot å ta imot ukjende og ukalla preikarar. 

15/3 1886 vart halde møte. Ola Areklett vart formann og Erik Hope nestformann, Bømes skrivar og kassastyrar. Vart vedteke å by lærarane i Lindås inn til komande møte. Og so vart det vedteke å skipa ungdomslag for heile bygdi med underavdelingar i kvar skulekrins. Lærarane skulde vera formenn i krinslagi. I møti skulde ungdomen øvast i song, og so skulde der vera foredrag, upplesing og ordskifte. Ein formann for heile bygdi skulde veljast ved sers val, og han saman med krinsformennene skulde vera samstyre. 

Fyrste formannen i bygdelaget vart H. Børnes og songformann G. Monssen. 

27/4 1886 møte på Sandnes. Der var 3 lindåslærarar med på møtet. Frølich innleidde til ordskifte um ein burde nytta bygdemålet til upplæringsmål i skulen. Ordskiftet attpå vart ein heil måldebatt. Erik Hope heldt fram at det vilde vekkja usemja og «forbitrelse» millom folket, og han for sin part og dei fleste med han vilde ikkje skyna målet. Han meinte ein greidde seg godt med det målet ein hadde nytta fyrr. I same leid tala kyrkjesongar Sletten frå Lindås. Han vilde for sin part «Frabe sig nu, da han var så gammel lærar, at begynde på noget nytt-. Han vilde af alle kræfter modsætte sig indførelsen af bygdemaal i skolen.» 

Olav Areklett heldt sterkt fram kor turvande det var at læraren nytta borni sitt eige talemål i den munnlege upplæringi. Han meinte ogso at dei vanskane som Erik Hope hadde halde fram, med tidi vilde «svinde bort». G. Monsen uttalte sin takk til innleidaren, og heldt fram at me ikkje lenger burde halda på det danske målet. 
Nordmennene hadde lenge nok stade under det danske einevelde - um dei ikkje ogso skulde halda på slikt som minna um det danske einevelde. 

19/4 1887 møte. Val. Dei same som året fyrr. Til formann i ungdomslaget vart vald G. Monssen og til songformann Klaus Bergsvik. Der vart ordskifte um kva det kunde gjerast for ungdomen i bygdi. Frølich fyreorda. Han var redd for at ungdomen var for materialistisk innstilt. Han tala og mykje um disiplin. Ungdomen måtte læra å gjera si plikt, læra «lydighed og bøielse». Bergsvik nemnde at det var gjort litt for ungdomen med folkeboksamlingi. Hans Haugsøen meinte at det var mykje godt idealitet millom ungdomen. Børnæs meinte at um ungdomen var ei grand materialistisk, so var det ingen grunn til å klaga yver det. Duesund meinte at ungdomen var ikkje so lite idealistisk, men det var gjort for lite til å hjelpa ungdomen fram. Fleire hadde ordet tri gonger. Lars Kjetland var ein som hadde ordet. Ordskiftet kom mykje inn på skuletukt og barneuppsedingi, og det heldt so lenge på at skrivaren bad um å få sleppa referera meir. Det vart innvilga, og so vart laget bede til kvelds hjå presten. 

3/9 1892 var det møte. Valet hadde det utfallet at det gamle styret vart attvald. 

Ordskiftet um ny timetabell. Likeeins um val av skulebøker, især um katekismeforklaringi. Då timane til gjenomgåing vart færre, var det turvande å få ei stuttare bok. Det var tale um Jakob Sverdrups og Klavenæs sine bøker. Men laget gjorde ikkje noko vedtak. So var det samtale um vitjing i andre skular. Det vart sterkt framhalde at lærarane burde få høve til å høyra på kvarandre. Ein vilde med det få nye impulsar, og skulen vilde tena på det. 

4/1 1893 var det møte. Då vart den nye soknepresten, Fredrik Olsen vald til formann, E. Hope varaformann og Bergsvik skrivar. 

På møte 24/8 1893 las presten upp «Om lov og evangelium» av pastor Klavenæs. 

28/10 1894. Laget sa seg samd i tanken um at pensjonen til lærarane vart skipa ved lov med delvis sjølvpensjonering. 

«År 1895 fremmøtte lærerne fåtallig. År 1896 ligeså. » Det var alt som stod i forhandlingsboki for dei tvo åri. 

14/9 1897 var det møte. Fyrst var fyrehavt rundskriv frå krinsstyret um lønsspursmålet. Det var semja um at løni var urimelig liti. Ho burde aukast ved at ein fekk eit nytt alderstillegg på 200 kr. etter 15 års tenestetid. Det var og på tale um å skaffa lærarene jord. Det vilde vera ein god måte til å auka løni, men dei var redde for at det vilde leggja for store byrdor på heradi. So var det ordskifte um attestskriving. Ein Thomasen hadde laga eit skjema for attestar. Det var rundt send til lærarlagi. Lærarane tykte godt um dei, men dei vilde ikkje at attestskrivarane skulde vera bundne til faste uttrykk for moralsk framferd. Det måtte yverlatast til attestskrivaren å finna dei høvelegaste uttrykk. I skjema var berre tvo uttrykk nytta: «Ulasteleg» og «ikke ulasteleg». 

Eit foredrag av Fasting vart upplese. Det heitte: «Samvittigheden». 

28/12 1898 var det møte. «Pastor Greves imødegåelse av Fastings foredrag: «Samvittigheden var gjenstand for gjennemgåelse». 

1899 var det ikkje halde noko møte. 

19/9 1900. Valmøte. Valde vart Bergsvik, Børnæs og Hans Duesund. 

14/4 1901 møte. Krinsstyret hadde sendt 3 spursmål. Til spursmål 1: Ein ynskjer ikkje brigde i landsskuleloven paragraf 3. Til spursmål 2: «Ønsket om forandring i byskolelovens paragraf 65 og landsskolelovens paragnif 54 angående skoletukt - tiltrædes, da man som lærer har den erfaring at denne paragraf er skolelovens svakeste punkt. 
Den gir nemlig anledning til at de dristigste barn våger å gå på akkord med læreren, fra hvem man har tatt noget av disiplinretten, men av hvem man likefullt venter skal øve disiplin - bare med blikket sitt». Til spursmål 3: Det er å ynskja at eit årsskrift for medlemane i landslaget vert utgjeve. 

6/9 1901: Landsstyret for Norges lærarlag hadde sendt nokre spursmål. Til spursmål 1: Dersom lærarskulen vert treårig, må 17-årsalderen vera høveleg upptakingsalder. Til spursmål 2: Vert lærarskulen treårig, er det å ynskja at eit framandt mål vert innførd som friviljug fag - helst engelsk. 

Val: Øystein Grov, Bergsvik og Hans Duesund. 

14/4 1903: Framlag um brigde i timetabellen. 2. Framlag av Bergsvik: 
«Hvad bør en lærer i så vanskelige tider som nu, gjøre for å hevde sin stilling som lærer. » Til framlag 1: Vart send ei fyreteljing til skulestyret: Ordet avskrift skulde bytast med lesing eller avskrift og salmar skulde bytast med bibellesning for 2. avdeling og bibelsoga for 1. avdeling. 

Til spursmål 2: Vart send skriv til skulestyret med bøn um at det burde sjå på um paragraf 22, andre leden - fjerde punktum i Masfjorden skuleplan er heilt praktisk. I nemnde punkt heiter det: «Den Lekamlege refsing må kun tillades på den måden kredsen bestemmer. » Lærarlaget fann at «bestemmelsen» var upedagogisk og knapt nok lovleg. 
Laget bad difor um at «bestemmelsen» måtte takast burt, og lata skulelovens paragraf 74 fyrste leden stå ved makt. 

5/4 1904 var fyre fyresegnene um reinhaldet i skulen. Det vart send ei fyreteljing til skulestyret um å syta for at fyresegnene vart praktisera so at skulen vart tent med det. 

Møte hadde og fyre um skuleforsøming. Vart send ei fyreteljing til skulestyret um at dei som heldt bomi sine burte frå skulen utan lovleg grunn; burde verta dregne til ansvar, so ikkje skulen og skulestyret svekte sin autoritet, og so skulen kunde nå det målet som var uppsett. 

31/8 1904 møte på Sandnes. Bergsvik heldt praktisk prøve i Bibelsoga, Grov i norsk og Børnæs i soga. Birkeland øvde inn ei salmemelodi. 

5/12 1905. Val: Bergsvik, Sjur Duesund og Hans Duesund. 

11/11 1906 møte i Solheim skule. Då var det atter fyre kva ein skulde gjera med skuleforsømingane. Vart skrive til skulestyret at det fekk skrida inn med mulkt for dei verste forsømingane. Det vart ogso send eit skriv til skulestyret um at rekning til avgangsprøva ikkje måtte liggja utanum råma som planen sette. Møtet hadde ogso fyre seg um norskupplæringi. Det var halde fram at ein av grunnane til at ein ikkje rakk langt nok, var at heimane no yverlet Abcupplæringi til skulen. Både på dette møte og på møter fyrr og seinare, var det kjæremål yver at lærarane ikkje fekk løni i rimeleg tid. Bergsvik attvald til formann, Hageberg til varaformann og Kaspar Birkeland til skrivar. 

23/9 1907 møte på Sleire. Bergsvik hadde søkt avskil, og Hageberg styrde møtet. Praktiske prøvor av Monsen, Hageberg og Sjur Duesund. Var og fyre kva læremidlar og skuletarvende ein burde krevja. Kaspar Birkeland referera frå møte på nynorsk. Fyrr var det alltid referera på bokmål. Hageberg formann, Sjur Duesund varaformann og Birkeland skrivar. 

15/4 1908 møte på Sandnes. Der var fyre brigde av timeplanen og byte av skrivebok. Christie skriveverk vedteke. 

5/6 1909 møte på Tverbjørg skule. Praktisk prøve av Hageberg, Sjur Duesund og Kaspar Birkeland. Det vart vedteke og be um å få Austlids lesebok 3. band til storskulen. Gustav Steine vald til formann, Børnæs varaformann og Karl Hjelmeland skrivar. 

10/10 1910 møte på Sandnes. Praktiske prøvor av Børnæs, Karl Hjelmeland og Gustav Steine. Attval av styre. 

30/10 1911 møte i Torsvik. Praktisk prøve av Haugland, O. Skibenes og Sjur Duesund. Val: Steine, Børnæs og Karl Hjelmeland. 

4/5 1912. Møte på Kvingo. Praktiske prøvor av H. Duesund, K. Birkeland. Attval av styre. 1913, 1914 og 1915 var ikkje halde møter. Formannen var sjuk. 

8/I 1917 møte på Solheim skule. Vart send skulestyret ei fyreteljing um at skuleåret burde ta til fyrste mai istaden for fyrr fyrste juli. I skulestyremøtet dagen etter vart framlaget vraka. Praktiske prøvor av Johannes Haugen og Karl Hjelmeland. 

1918 var det ikkje halde møte. 

14/7 1919. Val: Hjelmeland, Birkeland og Oliva Andvik. Nye lover etter eit utkast frå Noregs lærarlag vart vedtekne. Var på tale å skipa lærarboksamling. Sjurd Engesæter heldt utgreiding um logisk teiknsetjing. 

2/8 1920 møte i Holsøy skule. Praktiske prøvor av Oliva Andvik og Sjur Duesund. Til middag var lagslemene gjestar hjå Hans Duesund. Styret vart attvald. Det vart send fyreteljing til skulestyret um at nybyrjarane burde ta til på skulen fyrste måndag i mai - staden for som det hadde vore - at dei tok til um hausten. Det var ogso fyrehavt um den skriftlege avgangsprøva. Vart og vedteke å få innførd Konrad Asheims norsklæra, og Holmsen og Strøms naturkunna (fyrr Reisch). 

2/7 1921 møte på Tverbjørg. Praktiske prøvor av Steine og Haugen. Lagslemene var gjester hjå Sjur Duesund. 
Attval av styret. 

14/5 1922 skulde det vore møte på Matre. Men på grunn av uver møtte så få at det ikkje vart møte. 1922 var det 11 lærarar i bygdi: Karl Hjelmeland, Per Brundtland, Gustav Steine, Ivar Daae, Berta Lauvås, Kaspar Birkeland, Hilda Bauge, Oliva Andvik, Hanna Gjerdevik og Emma Areklett. 

5/7 1923 møte på Kvingo. Val: Steine (Hjelmeland var sjuk), Birkeland og Oliva Andvik. Ordskifte um ny normalplan. 

12/6 1924 møte på Mollandseidet. Praktiske prøvor av Ivar Daae, Berta Lauvås og Gustav Steine. Attval av styre. 
Ordskifte um byte av reknebok. Gjester hjå Hilda Bauge. 

12/6 1925 møte i Holsøy. Praktiske prøvor av Emma Areklett, Hanna Gjerdevik og Løland. Attval av styre. 

11/6 1926 møte på Sandnes. Praktiske prøve av Hanna Gjerdevik, Peder Søvik og Aslaug Kvamsdal. Val: Peder Brundtland, Birkeland og Oliva Andvik. Var fyre spursmål um skulesparekassar. Vart fastsett å føra inn sams songbok for alle skular. Vald vart songbok av Våge. Lagslemene var gjester hjå Daae. 

Våren 1927 møte på Haugsvær. Prøvor av Brundtland og Arne Reknes. Spursmål um plantedagar. Pastor Poulsen heldt foredrag um Kirke og stat. Gjester hjå Løland. 

1928 var det 14 medlemer i laget: Oliva Andvik, Emma Areklett, Hilda Bauge, Kaspar Birkeland, Peder Brundtland, Ivar Daae, Sjur Duesund, Hanna Gjerdevik, Kristina Heggebø, Aslaug Kvamsdal, Sjur Løland, Arne Reknes, Gustav Steine og Peder Søvik. 

1928 møte på Andvik skule. Ikkje referat. 

31/5 1929 møte på Solheim. Val: Brundtland, Birkeland og Aslaug Kvamsdal. Samtale um lønsspursmålet og um lærebøker. Gjester hjå Brundtland. 

4/6 1930 møte i Hatlevik skule. Attval av styre. For 1931-32-33 og34 ikkje referat, då skrivaren var sjuk. Men laget hadde havt møter og hadde vore gjester hjå Sjur Duesund, Hanna Gjerdevik, Arne Reknes og Emma Areklett Tangedal. 1934 vart Birkeland formann. 1935 møte på Hosteland. Gjester hjå Kristina Heggebø Duesund. 

12/6 1936 møte på Kvingo. Gjester hjå Birkeland. Ikkje noko referat elles. 

9/6 1937 møte på S. Hope. Anton Matre sine gjester. Steine gav prøve på logisk teiknsetjing. Protestskriv til Stortinget mot det påtenkte brigde i rettskrivingi. 

2/6 1938 møte på Mollandseidet. Foredrag av P. Brundtland: «Det religiøse grunnlag hjå menneske». 
Val: Birkeland, Ivar Daae og Hilda Bauge. 

23/6 1939 møte på Sandnes. Vart vedteke formene for rettskrivingi. - a-formene. Dette var siste møte som er referert um i møteboki. Men på ein laus lapp som ligg i møteboki, stend det: 1940 ikkje møte, 1941 møte hjå Gustav Steine, 1942 hjå P. Brundtland, 1943 hjå pensjonist Lars Nordland, og 1944 skal det vara hjå Bergljot Birkeland. 

Det syner seg at det hev vore daude bolkar i Masfjorden lærarlag, som det plar vera i alle lag. Men i det store og heile syner møteboki at laget hev arbeidt godt. Medlemene hev so visst ikkje vore kvidafulle når det galdt koma til møta, vanskelege sjøvegar som det er for alle. 

Ein ting som syner seg når ein les møteboki, er at lærarane hev havt eit svare stræv med å få lønene sine i rett tid. Likeeins syner det seg at skulestyret hev vore for lite nøye med å tuska etter dei som held borni burte frå skulen utan skilleg grunn. Hugnaleg er det å sjå den gjestmilda som hev rådt hjå lagslemene. Ein veit at ikkje berre lærarane hev vore gjester i dei ymse lærarheimar, men ogso deira ektemakar, skulestyreformennene med fruvor, prestane med fruvor og pensjonerte lærarar. 

Og når skulen i Masfjorden stend på høgd med skulen i større bygder, det ein hev havt høve å sjå, so vitnar det um trufast og dugande arbeid. 

Gud signe bygd og born, 
Gud signe det sedekorn 
som vert sådd ut. 
Sign skulen i vår bygd, 
ver du vår trivd og trygd, 
so landet det vert bygd 
til æra for Gud. 
s.d. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal