Skiftande vanskar og oppgåver
Forfatter: Olav Midtbø
Det er mest uråd å skjøna kor store
økonomiske vanskar dei hadde i åra før 1940. Det var
nok ikkje med glede at skulestyret eit år måtte be elevane
ved sløydkurset å betala 2/3 av lærarlønnene
for 2 ekstra skuleveker, og ingen i skulestyret lika at dei måtte
nekta gje tilskot til kveldsskulekursa.
Men kommunekasseraren hadde ikkje pengar, og skatterestansane
var mange og lange. Endå var budsjettet så knapt at det valde
store vanskar å finna 100 kroner til nye høvlebenkar, og 100
kroner til reparasjon av gamle. Og nett som det heile såg ut til
å lysna, nett etter at dei våga auka skuletida litt, og akkurat
då skulestyre hadde teke opp forsømde arbeid med reparasjonar
og bygging av skulehus, då kom den 9. april 1940, og Noreg var med
i krigen.
Masfjorden var i 1940 eit lite, men stabilt og trygt samfunn,
som langt på veg kunne greia seg sjølv i mange leier når
det røynde på. Arbeidet i skulen kunne derfor gå utruleg
jamt og ubrigda. Sjølvsagt var det mange vanskar, og ein av dei
var skort på materialar til sløyd og handarbeid. I mange år
var desse kursa den einaste opplæring som kommunen kunne gje etter
folkeskulen, og søknaden var så stor at skulestyret hadde
ei av dei aller vanskelegaste oppgåvene som når dei skulle
velja ut elevar mellom alle dei som søkte, og som kunne vera opp
til 30 år gamle.
Etter krigen kom ei tid med reparasjonar og bygging. Det
var vøle og ombygging i alle skular. Kjellarar, skulestover, vegar,
brunnar, vassleidingar trong ettersyn og vøling. Desse åra
fekk skulehusa elektrisk lys og seinare elektrisk oppvarming.
Skulehuset på Matre vart gjort ei høgd lågare,
og det vart bygt nytt i Eikemo, Tverbjør og Sleire krinsar. Læremiddel
og innbu var nedslite og utslite, så det måtte kjøpast
nytt litt etter kvart. Det vart innført nye lærebøker,
kommunen fekk ny lære og leseplan, og skuletida vart auka så
langt det let seg gjera innan den skuleskipnad som var.
Det stod ikkje bra til med skuleborna sine tenner, og
skulestyret freista frå 1946 å få i stand ei ordning
med skuletannlækjar.
Men det var ikkje råd å finna ein stad i ytre
Masfjorden med vekselstraum, og dei små likestraumsverka som fanst,
var og svært ustabile. Så måtte all tannrøkt leggjast
til Matre, og ein må vel ha rett til å tru at det bokstaveleg
tala måtte verta ei overflatisk tannrøkt, når tannlækjarkontoret
kunne gjera seg ferdig med opp til 18-20 barn på ein halv dag.
Av ymse grunnar vart det slutt på denne tannlækjarordninga,
og frå 1951 måtte borna møta til Lindås (eit år
til Natås), for å få tannrøkt. Dette var ei fast
ordning nokre år, men så kjøpte kommunen eige tannlækjarutstyr,
som vart installert i bankbygget på Sandnes. Ein måtte då
freista få ein tannlækjar til å arbeida der ein månads
tid eller vel så det om sommaren, slik at han kunne ta seg av det
verste.
Men i 1961 fekk endeleg Masfjorden eigen skuletannlækjar,
Steinsland, og sidan den tid gjekk det bra. Etter at folketannrøkt
vart innførd i midten av 60-åra, har masfjordingane ikkje
hatt nokon grunn til å vera misnøgde med tannrøkta
i kommunen.
Etter at Masfjorden hadde fått eigen ungdomsskule,
har skulestyret fått mykje arbeid med skysspørsmål.
Det har vist seg å vera vanskeleg å få ei skyssordning
som alle var nøgde med, og det har vore mange søknader, framlegg
og klager.
Utgiftene til skulen har auka meir og meir, men det er
vanskeleg å veta kor mykje av denne auken kjem seg av allmenn stigning
i prisnivået. Nedanfor fylgjer oversyn over budsjetta for kvart 5.år
frå 1940 :
1940 : Bruttobudsjett.........kr. 75.740 - Netto..........kr.
18.982
1945 : Bruttobudsjett.........kr. 102.006 - Netto.......kr.
32.463
1950 : Bruttobudsjett.........kr. 168.550 - Netto.......kr.
45.400
1955 : Bruttobudsjett.........kr. 267.635 - Netto.......kr.
91.663
1960 : Bruttobudsjett.........kr. 426.000 - Netto.......kr.
152.600
1965 : Bruttobudsjett.........kr. 1.128.440 - Netto.......kr.
428.300
1970 : Bruttobudsjett.........kr. 1.688.986 - Netto.......kr.
821.786
1976 : Bruttobudsjett.........kr. 4.736.755 - Netto.......kr.
3.689.945
1977 : Bruttobudsjett.........kr. 3.689.800 - Netto.......kr.
2.123.800
Merk.: Utlegg til bygging av Nordbygda skule er med i
1967 og 1977.
Tilskotet til lærarlønn, skyss m.v. var lenge
85%, men er no sett ned til 65%. Dette er ein langt lågare tilskotprosent
enn grannebygdene våre har fått, og utgiftene til grunnskulen
vert då tilsvarande tyngre.
Dei siste åra har det vore mindre arbeid med skulen
si ytre form og ordning, men det har berre auka på med den indre
uro og omdanning i skulen. Ny Mønsterplan med delvis nytt skuleomgrep,
ei stadig prøving og skifte i fag, læreplanar og læremiddel,
sterk vektlegging av arbeidet med elevar som på ein eller annan måte
skil seg ut frå andre, innføring av omgrepet : skule for alle,
uro og omskifte i lærarpersonalet i sine arbeidsvilkår, alt
dette og mykje meir har ført med seg mykje strev, uvisse og tildels
mindre trivsel for alle som har med skulen å gjera. Men så
lenge som både det store samfunnet og det einskilde individ synest
vera på vonlaus leiting etter ei indre, harmonisk form for det som
me kan kalla det indre liv, så lenge kan me ikkje vona og venta at
skulen byr fram ein oase av ro, fred og harmoni.
Skulehus
Eikemo skule fekk nybygg i 1958. Det var ei lita barakke,
for det meste bygd av materialer frå øvste høgda av
Matre skule.
Krinsen overtok huset då det ikkje lenger var skule
der.
Tverbjørg skule var nybygd i 1952. Skulen brann
ned påskehelga 1962. Krinsen overtok skuleplassen.
Sleire skule var nybygd i 1958. Sleire gamle skule har
og vore i bruk til sløydrom til 1976.
Sandnes skule vart teken i bruk hausten 1964.
Matre skule var ferdig til bruk 1968.
Nordbygda skule var ferdigbygd i 1976.
Ein del av dei gamle skulehusa er overtekne av krinsane
eller
av lag i krinsane (Kvinge, Hope, Halsøy, Solheim og Haugsvær).
og eit par er selde til private (Kvamsdal og Andvik).
Kommunen har enno ikkje løyst inne dei gamle skulehusa
i Nordbygda, og det er såleis ikkje avgjort kva som skal gjerast
med dei. |