Skulen i Masfjorden frå slutten av trettiåra
Forfatter: Olav Midtbø
«Det må henda mykje før eg rører
skulen», hermar dei enno etter ordførar M. H. Matre. Han sa
det i dei knappe trettiåra, då dei måtte skjere ned på
utgiftene alle stader. Orda fortel mykje om synet på skulen i Masfjorden.
Skulen vart stort sett møtt med mykje velvilje og interesse.
Kommunen løyvde gjerne pengar til han så
langt som det var råd, og det var fåe som hakka på han
av illvilje. Til sjuande og sist var det borna og ungdommen sin skule,
og alle ville gjerne gje born og ungdom det beste.
Okkupasjonen styrkte skulen si stilling, og etter krigen
møtte han endå større godvilje frå dei styrande
i kommunen og frå alle kommunale instansar. Og så kom det noko
nytt.
Meir og meir fekk folk augo opplatne for den vitskapleg-teknisk-maskinelle
revolusjonen, som med aukande fart skapte om arbeidsliv og livsvilkår.
Klårare og klårare såg dei fleste at ei god opplæring
og gode kunnskaper var ein naudsynleg føresetnad for ungdommane
om dei ville koma seg fram og få ynskjelege yrke seinare i livet.
Dermed kom det opp eit krav om likestilling: skulen i Masfjorden skulle
gje like god opplæringsgrunnlag som det ungdommane i andre kommunar
fekk. Dette kravet vart drivkrafta bak mykje av arbeidet i og med skulen
etter 1950-åra.
BARNETAL OG KRINSAR
Barnet skal vera midtpunktet i skulen.
Mange gonger kan me vera usikre på kor mykje ei
utsegn som denne har å seia i skulen sin kvardag. Men det er i alle
fall sikkert at når me talar om skuleorganisasjon, om krinsar, skular,
klassar, lærarpostar og liknande, då er det fyrst og fremst
barnetalet som er avgjerande.
Talet for born i folkeskulen i Masfjorden var i medeltal
for tiåret :
1935 til 1944 : 254
1945 til 1954 : 244
1955 til 1964 : 247
I 1965 vart 9-årig skule innførd, og etter
den tid vart elevtalet på barnesteget og elevtalet på ungdomssteget
rekna kvar for seg. For åra 1967 til 1975 var elevtalet i medeltal
på barnesteget,
1. - 6. klasse : 213
på ungdomssteget, 7. - 9. klasse : 114
I siste talet er medrekna ein del elevar frå Gulen,
som gjekk ungdomsskule i Masfjorden då. For å kunne nå
alle borna i Masfjorden med opplæringstilbod, var kommunen delt inn
i mange skulekrinsar. Frå 1935 og utover finn me - med litt skifte
frå tid til tid - desse krinsane:
1. Haugsdal (Hatlevik)
2. Frøyset
3. Sleire
4. Kvamsdal
5. Hosteland
6. Halsøy
7. Molland
8. Bergsvik
9. Eikemo
10. Solheim
11. Haugsvær
12. Matre
13. Fosse (ell. Stordalen)
14. Tverbjør
15. Haukeland (Bjørneklett)
16. Andvik
17. Sandnes
18. Hope
19. Kvinge
I nokre år, i sekstiåra, hadde me dertil ein
interkommunal krins, Austfjorden, saman med Lindås. Borna frå
Kjekallen høyrde med til denne krinsen.
Somme av desse krinsane kunne vera nedlagde av og til
fordi barnetalet gjekk ned. I slike høve var det gjerne departementet
som nekta at krinsen vart halden oppe. Det var ofte vedtak i skulestyret
om å søkja å få halda oppe krinsar med 4 born,
og det gjekk gjerne bra. Dei største krinsane hadde sikre, 2-delte
skular med heile lærarpostar, medan andre skular med lite elevtal
måtte ha samla skule med fåe skuleveker og berre del av lærarpost.
I slike høve kunne det verta svært mykje skifting av lærarar
frå år til år.
Haukeland krins vart nedlagd i 1952, og borna måtte
møta til den nye Tverbjør skule.
Krinsen i Stordalen vart halden oppe til 1959.
I 1957 vart Bergsvik krins nedlagd, og dei borna som var
att (frå Skuggedal) vart innhyste i Halsøy krins.
Eikemo kunne ikkje haldast oppe som krins utover 1959
for barnetalet gjekk heilt ned.
Då arbeidet med å auka lesetida med tanke
på 9-årig skule tok til for alvor, vart Kvamsdal krins lagd
til Hosteland i 1960, og i 1963 vart Halsøy og Hope krinsar samla
til Sandnes. Den 25. april 1964 gjorde skulestyret vedtak om at heile folkeskulen
i Masfjorden skulle samlast til 3 krinsar: Matre, Nordbygda og Sandnes.
I 1965 vart resten av krinsane på sørsida (Kvinge og Andvik)
slegne saman med Sandnes. Frå fyrsten av 1968 søkte alle born
i Solheim sokn til Matre skule for opplæring.
Borna frå Frøyset krins flytte over til Sleire
skule frå 1974, og hausten 1976 tok borna frå Haugsdal, Sleire,
Hosteland og Molland krinsar til i den nye Nordbygda skule. Vedtaket frå
1964 var dermed gjennomført, og barnesteget var samla i 3 krinsar. |