MASFJORDEN SPAREBANK
Forfatter: Lars Nordland
Fyrste gongen ein finn noko um tanken på å
få bank for bygdi er 10/3 1884. I referat frå møte i
Masfjorden heradstyre finn ein den dagen dette: Sak nr. 5: «Til inden
15de juni førstkommende at foretage de forberedende skridt til oprettelse
af en sparebank for Masfjorden herred opnævntes enstemmig følgende
6 mænd: Grdb. Joh. R. Matre, Rasmus Haugsvær, Lars Trodal,
Ame Sandnæs, Chr. T. Bergsvik samt lensmand Ame Riisnæs.
Som stedfortræder opnævntes Erik K. Sandnæs.
Noko framlag frå denne nemndi finn ein ikkje referert
i heradstyret si møtebok, men i møteboki frå 16/10
1884 finn ein dette: Sak 3: Det overdrages ordføreren at foretage
det fornødne til at undersøge eiendomsforholdet mellom Lindås
og Masfjorden, Lindås Sparebank vedkommende.
18/6 1886 finn ein dette i forhandlingsboki for heradstyret:
Sak 6: Til at gjøre de fornødne skridt som plan, grundfond
m.m. til oprettelse af en sparebank for Masfjorden præstegjeld valgtes:
H. Haugsøen, A. Riisnæs, Th. Haugsvær, Ole Haugsvær
og J. Matre. Kommissionens arbeide bliver at forelægges herredsstyrelsen
inden 1te oktober d.å.
Heller ikkje frå denne nemndi finn ein noko innstilling
referert i heradstyret si møtebok.
I forhandlingsboki for Masfjorden Sparebank finn ein liggjande
laust dette skriv frå kyrkjesongar Bergsvik:
Til Masfjorden herredstyrelse.
Såfremt der af og gjennom herredstyrelsen forståes
almen interesse for oprettelse af sparebank i Masfjorden, vil der blive
gjort forsøg på at skaffe kommunen en 7-800 kr. tilveie som
bidrag til opførelse af kommunehus - mod at banken får fri
plads i samme. Hvis sagen vinder almen tilslutning både inden herredstyrelsen
og udenfor, er det det bedste bevis for at just nu nærmer man sig
den billigste tid for bygden i sparebankspørgsmålets løsning.
Derved vil også den ene sag fremme den anden, og det trænges
sårt i denne trange tid. Et svar på, om herredstyrelsens medlemner
er villig til på disse betingelser at omtale sagen blandt folk, for
derved at vække en mer jevnt fordelt almen interesse, udbedes, da
der påtænkes at træffe nærmere forberedelse i sagens
anledning med det første.
Masfjorden, 28de november 1900.
Arbø.
Kl. Bergsvik
Munnleg er det meg forteld av K. J. Otterstad at um vinteren
1901 vart halde eit møte av interesserte i landhandlar Hansens hus
på Sandnes der spursmålet um bank var fyrehavt. Det var kyrkjesongar
Bergsvik som styrde dette møtet. (Truleg var det ogso han som hadde
kalla saman til møtet). Han var den ivrigaste talsmann for at det
måtte gjerast noko med saki snart, og etter framlag frå han
vart Hans B. Wergeland vald til å ta seg vidare av saki. K. J. Otterstad
vil ikkje seia seg god for å hugsa anten teikningi til grunnfond
var fyrr eller etter dette møte, men truleg var ho etter. Og då
var det dette møtet som peikte ut menn til i dei ymse krinsar å
freista teikna midlar til grunnfond.
Innbjoding til slutteikning finn ein ikkje. Men teikningi
kom igang krinsvis. Då det ikkje gjekk so snart som ynskjande kunde
vera å få teikna det turvande, tok seinare kasserar i banken,
Kaspar G. Hosteland, på seg å gjera ein tur ymse stader i bygdi
og freista teikna luter. Han var sers ivrig for at bankspursmålet
skulde verta løyst, og la seg kraftig i selen for lutteikning.
I bankens møtebok er innførd ei liste yver
lutteiknarane. Der er 94 namn, og fyrst på lista stend kyrkjesongar
Kl. Bergsvik med 100 kr. Berre tre hev teikna 100 kr. kvar, og so er der
frå 75 kr. ned til 10 kr. til teiknirigi hev nått 1980 kr.
Målet var nok 2000 kr.
I dei fyrste bankbøkene som banken skaffa seg er
innførd plan for banken dagsett 6/7 1901 og underskriven af formannen
i forstandarskapet Hans B. Wergeland. Godkjend av finans- og tolldeptet
4/9 1901.
I bankbøkene stend og landets sparebanklov.
22/7 1901 var undertegnede grundlæggere af Masfjordens
Sparebank samlet til møde på Sandnes for at gjennomgaa plan
for nævnte bank, samt vælge forstanderskab.
Følgende forhandledes:
1. Utkast til plan fremlagdes, gjennemgikkes og vedtoges.
2. Foretoges valg på medlemmer af forstanderskabet.
Valgte blev: Og so kjem 24 namn.
Til suppleanter valgtes. Og so kjem 12 namn.
3. Forstanderskabsmøde bliver at sammenkalde til
6te juli førstk., og valgtes H. Børnæs til at sammenkalde
dette møde. Mødet hævet.
Arne Riisnæs, Hans B. Wergeland, Kl. Bergsvik, A.
E. Sandnæs, H. B. Torsvik, H. Børnæs, R. N. Kvamsdal,
Ole G. Kvamme, M. E. Sandnæs, Ole N. Andvik, K. J. Otterstad, G.
Monssen, Andreas Sandnæs, Christen Sandnæs, Ivar J. Kvamme,
Ame M. Hope, M. 5. Kvinge.
6/7 1901 fyrste møte i forstandarskapet.
Til ordførar vart vald Hans B. Wergeland og varaordførar
Lars N. Kvinge.
Til direktørar vart vald: Lensmann A. Riisnæs,
Henrik Børnæs, Kl. Bergsvik, Mons E. Sandnæs, Ola M.
Haugsvær og Rasmus F. Haugsdal.
Kasserarposten «Opslåes». Kasserarløn
kr. 3,- pr. 1000 kr. forvaltningsmidel - fyrebils. Kausjon for kr. 2000,-.
På direksjonsmøte 19/11 1901. Lensmann Arne
Riisnæs vart vald til formann i direksjonen. Han hadde tame i bankarbeid
frå Lindås Sparebank i mange år.
I direksjonsmøte 1902 vart fastsett at banken fyrebils
skulde ha hus hjå handelsmann Mons E. Sandnæs. Kaspar Gjertson
Hosteland vart sett til kasserar. Banken skulde vera open kvar fjortande
dag.
I fyrste forstandarskapsmøte 1902 vart fyreteke
val på det etter planens paragraf 16 fyreskrivne utval. (Det heiter
seinare kontrollnemnd).
Valde vart Hans B. Wergeland, Lars Kvinge og Sjur M. Duesund.
Wergeland vart formann.
På møte 1903 i forstandarskapet vart fyreteke
val på direktørar istaden for dei som ved lutkast gjekk ut:
Børnæs, Bergsvik og R. F. Haugsdal. Attval.
Til ettersynsmenn vart vald: R. M. Haugsvær og E.
K. Sandnæs.
Ordførar i forstandarskapet attvald, likeeins formannen
i direksjonen.
1904 vedteke å flytta til det nye heradshuset med
banken. Der hev banken sidan havt sine rom i kjellarhøgdi - frå
nyår 1905.
1906 vart Lars N. Kvinge vald til formann i forstandarskapet
og Sjur Duesund til varaformann. Der var og val på 3 medlemer i direksjonen.
Ola 0. Haugsdal d.æ. innvald som nytt medlem. Hans B. Torsvik vart
vald inn i kontrollnemndi.
1907 vart kasserarløni sett til 300 kr. året
frå nyår 1908.
1908 vart Mons S. Kvinge vald inn i direksjonen.
1911 uppmoda kontrollnemndi direksjonen til å få
tenkja på å få vekselobligasjonar og bankbøker
på nynorsk når det skulle prentast nye.
Ola L. Totlandsdal vart innvald i kontrollnemndi i staden
for H. B. Torsvik. 1913 vart vald ei nemnd som skulde koma med plan um
ein filial av banken på Matre. Saki var uppe fleire gonger seinare,
men det vart ikkje noko av filial. R. N. Kvamsdal innvald til direktør.
1915 vart kasserarløni sett til 400 kr. året
frå 1/1 1916. 1917 vart Jetmund J. Haugsvær vald inn i direksjonen.
Kasserarløni vart sett upp til 600 kr. frå 1/1 1918.
1922: Rognald J. Matre og Alfred 0. Nygård valde
inn i direksjonen. Ny ettersynsmann etter R. M. Haugsvær vart Birger
H. Wergeland.
1923 er det fyrste gongen ein finn noko på nynorsk
i møteboki. Det er varaformannen i kontrollnemndi Sjur Duesund,
som hev ført møteboki på nynorsk i eit møte
han styrde. Ny direktør Kristen T. Bergsvik.
1923 vart R. N. Kvamsdal fyrste direktør.
1924 ny direktør Erik A. Riisnes.
Frå nyår 1925 skulde banken ha vanlege møter
ein gong kvar vika. Kasserarløni sett til 1300 kr. frå nyår
1925.
1926 ny ettersynsmann istaden for E. K. Sandnes: Ivar
R. Eikemo.
1927 vart kasserarløni nedadsett til 1170 året.
Dette året tek Lars N. Kvinge til og nyttar nynorsk i møteboki.
1928 vert kasserarløni uppattsett til 1300 kroner.
Alfred Nygård innattvald i direksjonen og Kristen Bergsvik vald til
ettersynsmann istaden for Ivar R. Eikemo.
1929 fekk kasseraren 100 kr. året i skjussgodtgjersla,
so inntekti hans av banken vart 1400 kr.
1931 vart Kaspar Eikemo innvald i direksjonen.
1935 vart Martinus R. Kvamsdal innvald i direksjonen.
Alfred Nygård vald til fyrste direktør etter R. N. Kvamsdal.
1936 vart Alf Holmås vald inn i direksjonen.
1937 ytte forstandarskapet 100 kr. til vikarløn
for Lars Nordland medan han var på Riksarkivet og samla tilfang til
gards- og ættesoga for Masfjorden.
1938 vart Toralf R. Matre vald inn i direksjonen og Matias
Haukeland i kontrollnemndi.
1939 vart Jørgen M. Sætre vald til formann
i kontrollnemndi og Lars E. Reknes innvald i kontrollnemndi.
1940 vart 0. J. Holmås vald til formann i kontrollnemndi
etter Jørgen Sætre, som sa ifrå seg.
1941 fekk kasseraren 160 kr. i tilleg på løni.
1942 vart det av bankens midlar ytt 1000 kr. til Risnesbrui.
1943 vart det ytt 500 kr. til maskinskriving av manuskriptet
til gards- og ættesoga for bygdi. Mons A. Kvingedal vart vald til
ettersynsmann og Martin 0. Andvik innvald i kontrollnemndi.
1944 vart det ytt 1000 kr. til dei skadelidne i Bergen
etter eksplosjonskatastrofen. Hjalmar M. Matre vald til ettersynsmann.
1945 vart Alf Holmås vald til mellombils kasserar.
Lars Nordland slutta oversynna over Masfjorden Sparebank
i 1945. Etter den tid har banken havt ein jamn vokster og med utvida tenestetid.
Nye personar har kome inn i tenesta i styringa ettersom eldre har falle
frå.
Som formenn i styret har desse si tenestetid vore:
Alfred Nygård frå 1934 til 1968.
Martinus Kvamsdal i 1969.
Toralf Matre frå 1970 til 1976.
Leif S. Kvinge frå 1977.
I styret elles har desse vore med:
Alf Holmås til 1966.
Kaspar Eikemo til 1955.
Johannes Helland frå 1965.
Jon J. Haugsvær frå 1956 til 1971.
Leif S. Kvinge frå 1969.
Jetmund Haugavær frå 1972 til 1973.
Sverre Hope frå 1973.
Asbjørn Skuggedal frå 1970.
Anne Mari Steinsland frå 1977.
Desse har vore kasserarar:
Harald J. Molland frå 1945 til 1957.
Magnus Halsøy frå 1957 til 1965.
Kristen Bergsvik frå 1965.
Desse har vore revisorar:
Magnus Halsøy.
Hjalmar Matre.
Anton Andvik.
Hans Reknes.
Kristen Bergsvik.
Ole Holmås.
Formenn i forstandarskapet. Seinare er dette kalla
råd:
1962 Martin 0. Andvik (etter Lars Reknes som er død)
1964 Johannes R. Mjanger.
I forstandarskapet har ei rekkje menn gjort teneste. Ein
kan av plassomsyn ikkje ta alle namna med her.
I 1966 vart kjøp av bankbil teke opp. Ein slik
vart innkjøpt og har rute til dei ymse grender ein gong kvar veke.
Dette vart ei ordning som gjorde banktenesta mykje meir tenleg.
I 1966 vart spørsmål om samarbeidsformer
mellom sparebankene i Hordaland og Bergens Sparebank teke opp. Dette samarbeidsspørsmålet
førde til at 16.12.1970 vart det vedteke full samanslutning (fusjon)
Masfjorden Sparebank-sparebankane i Nordhordland og eindel andre i Hordaland
og Bergens Sparebank.
Med denne ordninga vart det større kapitaltilgang
til utlån. øvste lånegrense er i 1978 sett til 400.000
kr. til einskilde låntakarar.
I 1950 vart spørsmål om eige bankbygg teke
opp og gjennomførd. Det har utanom banken sitt bruk også gjort
teneste til andre føremål. Såleis også til utleige
av bustad i andre høgda. For å få ei meir tenleg ordning
er banken nå med og reiser det nye kommunehuset, for å få
kontorplass der. Då vert truleg også kontortida utvida til
alle yrkesdagar i veka.
Nåverande råd er vald av innskytarane:
Johs. Mjanger, Emanuel Sandnes, Tor Bergsvik, Johs. Daae,
Karl I. Matre, Mikal M. Haugsvær, Hans Per Torsvik, Kristen Finn
Daae, Magnus Skuggedal, Jon Hope, Ragnar Kvamsdal.
Valde av kommunen:
Annie Riisnes, Magnus Haukeland, Harald H. Molland, Hans
Nordland. |