Tamreinslaget i Matrefjella
Forfatter: Arne Reknes
Det meste av dette vert attfortald etter Berge Foss. Berge
hadde svært godt minne og var ein god forteljar. Han var over dei
80 då Bjørn West-kampane rasa i næraste fjella. Frå
stova si kunne han høyra skota frå Klavefjellet. På
Fosse gard trampa i dei dagane ca. 800 grønkledde soldatar.
Berge sa det slik: Eg låg i senga mi og såg
bort i Klavefjellet. Tyskarane kom opp berg og ufser der ingen hadde kome
før. Det skulle vera ei avdeling "alpejegrar".
Det har ikkje lukkast noggrant å tidfesta reinsdyrlaget.
Men då Lars L. Haugsvær (1819-1908) og Halvard M. Smørdal
(1828-1904) båe har vore hjelpegjætarar i laget, må reinen
ha vore i fjella kring 1840. Ein veit ikkje namnet på dei som skipa
laget. Men det skulle vera medeigarar frå Kringlebotten, Fosse Haukeland,
Matre, Haugsvær, Hope, Vågset, og Kalhovde. Talet på
dyra skulle vera mellom eit og to hundre. Kva veg dei kom med dyra veit
ein heller ikkje. Men dei kom vel frå grensetraktene austpå
eller frå Trøndelag.
Laget fekk leiga ein same til gjætar. Det skulle
vera ein sprek, hyggeleg kar, men morgonsur. Det måtte krutsterk
kaffi til å tina han opp, og etter ei pipe rykande skråtobakk
bar det iveg så ingen kunne fylgja.
Reinflokken held seg mykje på Gråsida, Sørdals-Fosse
og Hopefjella. Gjætarane måtte flytta med. Sætrar var
det nøgda av i alle fjell, som vinterstid stod tomme. Dei vart bustader.
Og bar det langt innover viddene vinters dag, låg Svarthola der.
Endå kan ein finna turt gras og blom som har vore nytta til nattlege
der. Her var smådalar og deilder til livd for reinen når stormen
piska snøkvervlane i nattmørket. På gamle Trodalssætra
hadde samen lagt pipa si på ein hjell. Der hadde gloa brent svart
flekk etter seg.
Dei store rovdyra som kunne gjera skade på reinsdyra
var nesten borte. Kanskje ein bjørn streifa forbi. Men så
hende det at det vart sett ukjende far etter eit udyr inne på fjellet.
Rev kunne det ikkje vera. Om det sa skulle vera bamsen, så var den
gått i hi. Dette måtte reingjætaren få veta. Han
tok i veg. Om hunden var med, vert ikkje sagt noko om. Men truleg var den
det, om snøen bar. Nok er det: Ulven måtte vera komen. Det
bar innover fjellet straks dagen kom. Det nytta ikkje ta udyret fyrste
gongen. Heile tre gonger måtte han i veg. Det vart eitt hardt jag.
Men då vart gråtassen ferdig. Truleg er det siste ulven som
vart drepen i Masfjordfjella.
Det var vinter med kulde og djupsnø. Samen kom
over Gråsida mot Hommeldalen. Han hadde hunden sin med. Det skulle
vera ein mykje vakker og god hund. Den var alt for han. Ferda gjekk framom
brattberg og høghamrar. Der for eine skia av samen og nedover stup
og ufser. Hunden sette etter, skulle ta att skia. Det bar utfor storstupet
både med skia og hunden - borte for alltid. Eigaren stod att med
ei ski og ingen hund. Dette vart eit så stort tap for han, at han
miste humøret, slik at korkje tobakk eller krutsterk kaffi hjelpte.
Kor lenge reinsdrifta varde, veit ein ikkje. Men det heile
vart oppløyst. Truleg var det lite reinsmose i fjellet, og såleis
lite beite og tilsvarande forteneste som var orsaka.
Det heile vart avslutta med at dyra vart samla på
Fitjane i Litle-Matredalen og slakta der. Dette har vel vore den vanlege
samlings- og slaktestaden tidlegare også. Til dette med slaktinga
av reinsdyra har Ludvik Vågset eit minne frå tolvårsalderen
der Lars L. Haugsvær fortalde m.a. at samen drakk av det varme reinsdyrblodet.
Dette braut nok med tilvande slaktemåtar her, og
folka syntest nok at dette var mildt sagt rart. Men for samefolka var nok
dette ein ting som høyrde med til næringsgrunnlaget deira.
Og som dei hadde nytta til alle tider i samband med reindrift.
Samen reiste til Bergen på båt saman med Arne
A. Hope. Det er fortald etter han, at samen græt då dei skildest
her. Han hadde trass alt havt det så godt her og fått så
mange vener, at skiljinga var sår. Sjølv om livet under nordlyset
på Finnmarksvidda drog, så var likevel framtida uviss til ein
betre arbeidsplass.
Kallskapellan P. A. Jensen i Lindås, ordførar
der ei tid og m.a. førebudde byggjing av Sandnes kyrkje, har skrive
litt om denne reinsdrifta som er på ein måte interessant. Ein
tek det med her:
"Uagtet den større Velstand, dette Sogn er i besiddelse
af, maa dog Arbeidsomhed og Tarvelighed ogsaa her fremhæves som charakteristiske
Trek. Et slags Foretagelsesaand har man nylig lagt for Dagen deri, at man
paa de høye Fjelde i Fjordens Dybde har anlagt en Rensdyrcoloni,
som i Begyndelsen vistnok lovet Lidet, men som nu (1849) trives ret godt
og i sin Tid tør sikre Spekulanterne et klækkeligt Utbytte.
- Forøvrigt er en Afveksling i Arbeidet ogsaa her Adspredelsen
baade for Yngre og Eldre."
------------------------------------------------------------
Henta frå Masfjordboka, band II - 1978 |