Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Prisar/Utmerking
Nordhordlandsprisen

 

  

Nordhordlandsprisen

Det er avisa Nordhordland og Nordea Bank som står bak Nordhordlandsprisen, som er ein sjekk på 15.000 kroner og eit kunstverk av ein lokal kunstnar. 

2008
Bjarte Leithaug speler på fleire strenger, men det er dei som engasjerer dei yngste han etter kvart er blitt mest kjent for.

2006 
Lindås Ungdomslag får prisen for sitt flotte arbeid for barn og unge. Mellom anna driv laget eit imponerande revy- og teaterarbeid med oppsetjinga av «My Fair Lady» som ein kjempesuksess. 

2005 
Tommy Urhaug er tildelt Nordhordlandsprisen 2005 for sin imponerande innsats innan handicap-idretten i ei årrekkje. Trass sin unge alder har bordtennisspelaren frå Radøy ei svært lang merittliste frå internasjonale meisterskap. 

2004 
Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta har fått årets Nordhordlandspris. Utvandringssenteret får prisen for sin imponerande innsats for å ta vare på og vidareformidla ein viktig del av historien til dette distriktet. 

2003 
Seim songkor fekk Nordhordlandsprisen for 2003. Prisen var på 10 000 kroner, og vinnaren fekk også eit maleri av kunstnaren Kjersti Isdal frå Lindås. 

Songkoret fekk prisen for si formidling av song og musikalar, og det vart i grunngjevinga vist til at koret har solide plasseringar å visa til både i norske og utanlandske kortevlingar. Det er Nordhordland avis som saman med Nordea Bank står bak prisen, som vart delt ut av juryformann Einar Dale. (Kjelde: Strilen) 

2001 
Eikanger Bjørsvik Musikklag får Nordhordlandsprisen 2001. Korpset har i mange år vore blant dei beste brassbanda i Europa. 

2000 
Kjersti Wiik får Nordhordlandsprisen for sin innsats som målberar av strilekulturen og som kulturformidlar. 

1999 
Ivar Medaas 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no