Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Samferdsle
 

 

     
Samferdsle i Masfjorden
Forfatter: Eivind Kvinge
Publiseringsdato: 23.03.2000

Her vert teke med kommunikasjonane så langt eg kan hugsa attende, og då fyrst og fremst frå mi eiga heimegrend. I min barndom gjekk all samferdsel føre seg berre på sjøen - dette ein kalla sjøverts forbindelse. Det var private båtreiarar som byrja med rutetrafikk i Nordhordland. 

Den fyrste reiaren var fabrikkeigar Jebsen i Arna, som dreiv trafikk millom Arna og Bergen. Båten fekk namnet Arne. Men då her vart noko unytta kapasitet, vart rutetrafikken utvida til også å gjelda Nordhordland. 

I fyrstninga var der langt mellom stoppestadane, og båten gjekk berre ei rute for veka. Einaste stoppestaden i Masfjorden då var Sandnes. Dette var i året 1866. 

I 1869 vart ein større båt -Natalia- sett inn i ruta, slik at det no vart to turar for veka. 

Når det galdt økonomien i denne rutetrafikken, må ein seia at desse fyrste tiltaka hadde ein heller trong fødsel. Utviklinga heldt så fram med fleire private og halvoffentlege båtreiarar. Båtane som desse nytta bar namnet Voss, Helena og så Lindås. 

Fyrst den 15. mai 1880 vart Lindås-Masfjorden Dampskipsselskap skipa. Frå no av vart det betre orden på ruteferdsla i Nordhordland. 

Fyrste båten som vart kjøpt inn heitte Ålesund, og fekk seinare namnet Nordhordland. Denne båten vart bygd i Trondheim i 1883. I 1885 vart det teke mot ein ny båt som fekk namnet Horden. 
Denne var bygd i Bergen. Litt seinare vart det innkjøpt ein tridje båt som fekk namnet Rolf. 

Men etter som varetransport og persontrafikk auka sterkt, vart desse båtane snart for små. Dertil hadde dei til denne tida ingen båt som kunne meistra isvanskane inne i Masfjorden. 

Dette problemet vart løyst då dei i 1907 kunne setja inn i ruta den nybygde båten Masfjord. 
Denne båten var tidhøveleg i alle delar på denne tida. Men selskapet skaffa seg endå to båtar til, det vart Lindås i 1909 og så Austrheim i 1913. Så kvitta dei seg med Nordhordland i 1908 og Rolf i 1921. 

Det fyrste eg kan hugsa - det var i 1920 - då utgjorde selskapet sin trafikkerande flåte av dampbåtane: Horden, Masfjord, Lindås og Austrheim. Desse fire båtane trafikkerte området Lillebergen - austre del av Radøy - Austrheim - Fedje - Lindås - Fensfjorden - Austfjorden og Masfjorden. Dertil hadde dei fire stoppestader i Gulen: Sandøy, Furneset, Fivelsdal og Halsvik. 

Ymse ruter var slik at dei tok ei lita evigheit å koma seg frå byen og heim til Masfjorden. Såleis hugsa eg ei rute der turen frå byen til Nordkvingo tok 26 timar. Under slike tilhøve kunne ein verta trøytt av fjesa til medpassasjerane. Men så var billetten den gongen berre kr. 3,50. Nå kan ein reisa to gonger rundt jorda med fly på denne tida. 

Ein kan spørja kvar henne båten for og tomla på denne ruta. Her er ruteopplegget : 
Gjennom slusene i Spjotøy, inn til Lindås og Vågseidet, så utatt gjennom slusene, til Austrheim og Fedje, vidare til dei fire stoppestadane i Gulen, så rundt heile Masfjorden og Austfjorden. Når båten kom til Kvingo var den såleis byrja på returen til byen. 

Me på Kvingo hadde 4 ruter for veka, det var tirsdag, torsdag, laurdag og sundag. Tirsdag og torsdag var båten her like før middag, og dette var både gods- og passasjerruter. Laurdag var det som oftast minste båten -Horden, som kom. Den gjekk frå byen like over middag, og kom så til Kvingo seint om kvelden. Om natta låg han på Askeland inne i Hindenesfjorden, der siste stoppeplassen var. På turen til byen att kom han til Kvingo like over middag søndag. 

For oss som den gongen var barn, var det særs morosamt å få møta opp på bryggja når båten kom. Der var så mykje nytt og forvitneleg å sjå, og ymse opplevingar har festa seg i minnet. Særleg i ferietida når byfolket kom med laurdagsruta heim på landet. Det var alltid mykje folk som var møtt fram på bryggja slike kveldar. 

Nå var Kvingegrenda den tida ei mykje godt utgrøfta og tørrlagd fråhaldsbygd, så ruspåverka personar var eit heller sjeldant syn. Ymse bykoner som ferierte på landet saman med borna sine, venta mannen sin heim om laurdagen. Desse karane hadde som oftast med seg ein oppkvikkar og angstfordrivar ombord på - Horden. Denne andre komponenten kan me kalla - Lysholmaren, og så fær ein tenkja seg resten. 

Den angjeldande frua møtte opp på fremste bryggekanten for å taka mot gemalen. Jau, der kjem han oppover landgangen, og han kan føre seg fint, han kjem då beinveges frå byen, må veta. På øverste trinnet i landgangen tykkjest han å ha brukt opp all sin kondis, for her må han kvila litt. Så tek han peiling på eit punkt oppi Kalvehagebakkane - så eit veldig sprett i lause lufta og innover bryggja. 
Der var sjølvsagt kona klar til å hekta seg fast i denne -Sspretterten. Ho fekk jamen oppleva mykje rykking i fortøyningane. Det siste me ser til dei er når dei rundar nausthjørna hans Berent på Heien. Då får denne gemalen ei veldig slingring til babords side. 

På Masfjord var der innreidd salongar både for andreplass og førsteplass passasjerar. Førsteplass var oppe på promenadedekket, bak styrehuset (broen). Dette var nå i dei tider då ein skilde -fårene frå bukkene. Det var ikkje så ofte ein såg nokon på første plass, og var der nokon, så var det helst turistar som kom frå Matre hotell, på retur til Bergen. Elles kunne det førekoma innfødde 

Masfjordingar, dei med høge skatteinntekter, men desse var heller få. Ein kjende seg ring og liten i laget når det dufta sigarrøyk frå desse gubbane oppe på promenadedekket. Desse hadde nok havt bruk for Alf Prøysens Griskokktrøysta : «- Og vi skal villig glømme, du er en grishusknøl, men det på en betingels, du lyt kåmmå hau det sjøl». 

Frå 1928 vart det meir rasjonalisering i persontrafikken. Nå byrja det med lokalruter over Austfjorden, frå Myking til Dyrdal - Sørkvingo - Nordkvingo - Sørkvingo til Dyrdal, altso den omvendte ruta. Nå tok det berre pålag 3-4 timar frå byen og til Kvingo. Båtane som vart nytta til denne ruta heitte Leda, Kvingo, Nordhordland, Progress og Matredal. Leda, Kvingo og Progress var privateigde båtar. Denne ruta varde i mange år. Den vart etter kvart avløyst av små bilferjer då vegnettet byrja verta utbygd i Masfjorden. 

Godstransporten held fram i mange år med dei gamle båtane, som stort sett gjekk dei gamle rutene. Men dette vart det også slutt på når bilferjene byrja gå. Bilrutene som hadde gjenge frå Hundvin til Myking eller Sævråsvåg vart etter kvart omlagde, fyrst frå Isdalstø, så seinare frå Knarvik. Nå vart byturane ytterligare innkorta. 

Men då Austfjordvegen vart bygd ferdig fram til Masfjordnes, vart byrutene frå Einestrand - Kvingo lagde om Masfjordnes - Sævråsvåg. Dei frå Einestranda måtte såleis reisa 21 km. mot nord, altso frå byen, før dei byrja på den eigentlege byturen. Når dei så på heimturen frå byen var komne fram til Masfjordnes, var bilrutene såleis lagt tilrette til sine tider at dei fyrst måtte fylgja med rutebilen til Andvik - Ådnekvam, dersom dei ikkje ville stå på ferjekaien og venta, noko som kunne verta nokså hutre og kaldt om vinteren. Dette vart ein omframtur på 18 km., der dei framleis berre var komne til Masfjordnes. 

Dette var samferdslepolitisk sett å ha dei reisande til ap og narr, når ein har det greitt for seg kva geografisk lægje desse grendene har. Og det som var enda meir hakkande gale var at ein måtte betala billetten etter reiselengda. 

Fyrst då Austfjordvegen var bygd ferdig fram til Andåsskiftet ved Husdalsvatnet våren 1988, vart det orden på samferdsla. Dette omskiftet, frå det ein tidlegare var van med, var så stort og så veldigt, at ein kjende seg heilt berusa. Nå tek reisa Kvingo - Bergen berre 5-6 kvarter. 

Fjon frå fjell til fjord - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal