Trodalsamlinga
Foto: Scandion
Trodalsamlinga ligg på garden Trodal, 2 km frå
Matre, langs E39 mot Sogn.
Samlinga er desverre stengt for besøk inntil
vidare.
På garden sin i Trodal bygde Olav S. Trodal opp
eit rikhaldigt gardsmuseum. Sjølve huset er frå 1820 og har
to fulle etasjar i ei lengd som gjev plass til to stover, eit kjøkken
og eit tilbygg etter kvarandre. Huset er bygt i det ein kan kalle Austlandsstil.
Ideen fekk oldefaren, Hans Matre, då han var i militærteneste
ved svenskegrensa i 1814.
Samling syner reiskaper, fangstutstyr, handverktøy,
bruksgjenstander, og andre gamle ting datert like tilbake til 1200- talet.
2. høgda har eit eige medierom med gamle avisutklipp m.a. frå
frigjeringsdagen. Tre masfjordingar var den gongen austpå, og det
vart bygt 4 slike hus i indrefjorden då dei kom heimatt.
I tillegg til huset i Trodalen står det framleis
eit på Matre og eit på Hogsvær. Kulturstyret i kommunen
har vist interesse for samlinga og har løyvd midlar til både
reparasjon av huset og til alarmanlegg.
Også Fylkeskonservatoren har gått inn for
å berge samlinga for ettertida. I juni 1991 var to mann frå
fylket i Trodalen i tre veker og utførde gjenstandsregistrering
/ museumskatalogisering. Nesten tre hundre gjenstandar vart registrert,
og dette er omlag halvparten av det som er der. Registreringsarbeidet er
planlagt å fortsette i 1992.
Samlinga er tatt med i oversikt over Norske museum på
landsbasis, og har der fått signaturen OTS-samlinga.
Foto: Scandion
Det er nesten utruleg for eit breidt felt denne samlinga
spenner over. Mellom anna finn ein tekstilar som klede, dukar og sjeldne
teppe, eit rikt utval av kister og skrin, nesten alle mulige sortar verktøy,
kjerald, reidskapar og maskiner, og alt ein trengde for å kunne kara,
spinne, renne og veve. Av fangsreidskapar finst det ei sjelden fangstong
for storvilt som ulv, gaupe og jerv, ei svanehals - revesaks og to fotsokser.
|