Tusenårsstaden
Foto: Scandion (02.01.2000)
Kvar kommune i landet har valt sin eigen tusenårsstad.
Ideen med tusenårsstader er å setje fokus på den moderne
tid sine møteplassar.
I Masfjorden kommune er det fjorden som er valt til tusenårsstad.
Det er fjorden som bind kommunen saman, og her kan ein få sett fokus
på å halde oppe eksisterande møteplassar og skape nye
av høg estetisk og miljømessig kvalitet langs den vakre Masfjorden.
Nostalgisk
tusenårscruise
på tusenårsstaden
Eit minne for livet
Trass surt og kaldt ver stilte Masfjordingane tallrike
opp for å vere med då gamle Bruvik, 1. nyårsdag, gjekk
sin sigersgang frå kai til kai i Masfjorden som eit ledd i kommunen
sin markering av fjorden som tusenårsstad.
Tusenårsstaden skal væra ein stad som har
både historisk og kulturell verdi for innbyggjarane i kommunen, og
mange var dei som meinte at kommunen hadde trefft midt i blinken ved å
utpeika fjorden som tusenårsstad og å nytta Bruvik i feiringa.
Bruvik gjekk frå Bergen klokka halv ni om morgonen
og direkte til Sandnes. Vidare til Duesund, Solheim, Matre, Andvik, Duesund,
Sandnes og Risnes som var siste stopp på reisa. Mange av dei frammøtte
mimra nok litt over gamle dagar då fløyta gjekk, og Bruvik
nerma seg kaiene.
Ombord
i Bruvik gjekk praten livleg og mange underholdningsinnslag gjorde nautiske
mil korte. I resturanten kunne ein kjøpe seg mat og kaffi - eller
middag om det skrangla litt ekstra i magen. Bygdefolk var møtt tallrike
opp på kaiene og tok i mot dampen med song og musikk.
På kvar stoppestad vart det avdekka ei tusenårstavle.
Ein gamal brødkasse fungerte som talarstol for ordførar Helge
Haukeland som las opp eit opprop til bygdene om tusenårsstaden. I
oppropet vart det slått fast at i dei neste fem åra skal Masfjordingane
ta vare på, bruka og utvikla naturmiljøet og kulturlandskapet
rundt fjorden.
Det er sett av pengar på budsjettet til utvikling
av fjorden og områda rundt fjorden. Med på turen var også
Masfjordens eldste valurne. I den kunne dei frammøtte leggja ned
sine framlegg om korleis fjorden skal utviklast vidare.
I Andvik peikte ordføraren også på
at ein i dagens samfunn manglar ein slik møteplass som båten
var i gamle dagar. Det er ikkje lenger slik at bygdene har slike samlingsplassar
som mjølkerampen og kaien var før i tida. - Vi treng slike
møteplassar der folk treffest. Målet er at fjorden igjen skal
verta ein slik stad, slo han fast før han gjekk om bord igjen og
Bruvik letta fortøyningane for å halda fram på tusenårscruiset
mot Duesund som var neste stoppestad. |