Kvingevatnet
(11.04.2007)
Forfatter: Scandion
Dette vassdraget består kun av Kvingevatnet med
inn- og utløpselvar. Før 1995 hadde innsjøen et forsuringsproblem.
Dette medførte til dels store problem med fiskedød på
smolt frå settefiskanlegget på Kvingo.
Miljøstatus
Innsjøen er svært næringsfattig, og
algesamfunnet hadde låg tettleik og liten variasjon i ein prøve
tatt rett før kalkingsoppstart.
Frå hausten 1995 har Stolt Seafarm kosta kalking
av innsjøen. Etter kalking har vasskvaliteten betra seg, og det
har seinare ikkje vore problem med fisken i anlegget. Det er ikkje påvist
vesentlege endringar i alge- og dyreplanktonsamfunnet i Kvingevatnet eitt
år etter kalking, og fargetalet i vatnet ser heller ikkje ut til
å være særleg påvirka. Det er generelt sett lite
organisk materiale i innsjøen, og det er ikkje registrert antydningar
til oksygenfritt botnvann.
Stolt Seafarm har smoltanlegg med vassinntak frå
Kvingevatnet. Innsjøen blei kalka for første gang den 10.
sept. 1995 og for andre gang den 2. april 1996.
Kvingevatnet har ikke vassdragsnummer, men ligg innanfor
sone 065.7
Innsjønummer : 26245
Innsjøareal : 0,81 km2
Volum : 38 mill. m3
Middeldjupne : 47 m
Største djup : 144 m
Vassutskiftning : 1,1 ganger/år
Nedbørfelt :12,8 km2
Høgde over havet : 30 m
Spesifikk avrenning : 100 l/s/km2
Avrenning : 40 mill. m3/år
Kjelder:
miljøstatus.no/hordaland
Kart: Miljøstatus i Hordaland.
|