Attraksjonar i Meland kommune
Meland vart eigen kommune 15. oktober 1923 med omlag 2500
innbyggarar. Eige prestegjeld vart Meland i 1992. Landskapet, slik det
er frå naturen si side og slik menneska har forma det til gjennom
fleire tusen år gjev rike naturopplevingar. Her finn du sjøvaska
svaberg, lune viker, frodige jordbruksområder, ein del skog og gode
fiskevatn.
Nordhordlandsbrua er verdas lengste flytebru utan sideforankring
og vart opna i 1994. Avstanden mellom landfesta er 1246 meter. Brua kviler
på 10 pontongar og har 2 køyrefelt og eit gang / sykkelfelt.
Høgbrua er 172 meter lang og sidespennet er på 190 meter.
Seglløp på 50 meter med høgde 32 meter.
Folketal : 6016 (2007)
Geografiske fakta:
Totalt areal: 90,4 km2
Av landarealet er halvparten skogdekt.
Jordbruksarealet utgjer 13% av totalarealet
Høgste punkt er Eldsfjellet (324 m.o.h.)
Håøy
Håøy ligg midt i ei av hovudleiene inn til
Bergen - med Håøysundet på sørsida, mor Meland,
og Hagelsundet mot Lindåslandet. Veten på Håøy
kan ha vorte bygd under skiping av leidang i Håkon den Godes tid,
kring 950. På Håøytoppen finn ein restar etter forsvarsanlegg
som var sentralt i den norske nøytralitetsvakta under den første
verdskrigen. Anlegget vart avvikla i 1957. Her, ved varden, er det eit
storfelt utsyn nordover leia, som viser til fulle den strategiske verdi
som forsvarsanlegga her har hatt gjennom 1000 år.
Eldsfjellet
Eldsfjellet er ei geologisk perle som gjennom mange år
er inngåande studert av geologar frå fjærn og nær.
Dei meiner at dei bergartane vi finn her, er løfta opp frå
dei djupaste delane av jordskorpa (omlag 45 km) På og omkring Eldsfjellet
kan vi mellom anna finne bergarten Eklogitt. Arbeidet forskarane har gjort
her har vore med å byggja oppp eit nytt bilete av dei indre delar
av jordskorpa, og vi finn namn som Eldsfjellet, Sætrevik og Hundskjeften
i internasjonal geografisk faglitteratur.
|