Kongens fortenestemedalje i Meland kommune
Kongens fortenestemedalje vart stifta i 1908 av kong Haakon
7. til belønning for fortenester innan kunst, vitenskap og næringsliv,
samt for utmerka forhold i offentleg teneste. Medaljen vert utdelt i gull
og sølv.
2007
Magne Askeland - får medaljen både
for sin innsats som politikar, mangeårig heimevernesbefal, som lærar
på Meland ungdomsskule i 30 år og som eit engasjert samfunnsmenneske
i to menneskealdrar.
2003
Olav Skråmestø får Kongens
fortenestemedalje i sølv for sin innsats innan pinserørsla
gjennom mange år. Han har drive med friviljug arbeid og hatt politiske
verv, mellom anna fjorten år i kommunestyret og tolv år i skulestyret.
Ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik stod for tildelinga.
2001
Harry Wiig Andersen får Kongens Fortenestemedalje
i gull for sitt arbeid for skule, kyrkje, misjon og samfunn - både
gjennom sitt virke ved Nordhordland Folkehøgskule og som engasjert
politikar. Medaljen vart overrekt av fungerande fylkesmann Johan B. Synnevåg
under ei tilstelling ved folkehøgskulen 18. august.
|