Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Mo kyrkje
 

 

 
Mo kyrkje
Tekst og foto: Scandion

Mo kyrkje vart vigsla 11. juli 1883 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef (f. 1825 - d. 1906)
Kyrkja har 224 sitjeplassar - 
182 på golvet og 42 på galleriet.

Litt historikk
27. september 1875 hadde biskop Peter H. Graah Birkeland (f. 1807 - d. 1896) visitasmøte i Hosanger, og etter vanleg ordning skulle det seiast frå om tilstanden i kyrkjelyden - og kva stand kyrkjene var i. 

Konklusjonen vart at "Mo kirke og Flatekvals kapell ere begge for små, men ere brugbare for tiden indtil nye kirker kan blive opført".

To år etter, 6. august 1877, kom prosten på besøk til Mo. Ærendet var å sjå over kyrkjehuset - om det stetta krava i ei lov frå 1851. Lova kravde at ei soknekyrkje måtte ha plassar til 3/10 av folket i soknet. Skulle lova fylgjast trongst det sitjeplassar til 248. 

Innan neste bispevisitas i september 1879 har både kommunen og stiftsdireksjonen arbeidd vidare med kyrkjesaka og ein gjekk då inn for å byggje ny kyrkje. 

Den 25. november 1881 har kommunestyret valt byggjenemnd som så tinga teikningar til den nye kyrkja. For kr. 12000,- tok kyrkjebyggjar Mons Skare på seg å byggja kyrkja etter teikningar som byggmeistar Johannes Øvsthus i Hosanger hadde gjort. 

Det blei litt att og fram om val av tomt, men den 17. april 1882 gav stiftsdireksjonen løyve til byggje den nye kyrkja på ei tomt nær den gamle - som vart bygd i 1593. Siste preika i gamlekyrkja heldt sokneprest Schøning pinsedag 13. mai 1883. Etter det gjekk det ikkje mange dagane før kyrkjehuset låg i bitar på tufti si.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelde: Kyrkje og kristenliv i Modalen og Eksingedalen (1983) av Olav Farestveit/Åsmund Farestveit.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal